Engasjementet rundt norske fiksjonsseriar har aldri vore større. I den anledning vil NRK kåre den beste norske tv-serien frå 2000 og fram til no. Tida har no kome for juryens toppliste, og i dag skal 10.-plassen avslørast.

  • Juryen
  • Juryformann Ulrik Eriksen, Morgenbladet
  • Mikael Godø, Dagbladet
  • Cecilie Asker, Aftenposten
  • Terje Eidsvåg, Adresseavisen
  • Aksel Kielland, frilansskribent
  • Birger Vestmo, Filmpolitiet
  • Anne Gjelsvik, filmprofessor ved NTNU
  • Audun Engelstad, førsteamanuensis ved Filmskolen i Lillehammer
  • Gry Rustad, stipendiat av IMK ved universitetet i Oslo
  • Andreas Iversen, mastergrad i norske og danske tv-seriar

– På den endelege lista er det lite drama, ikkje så veldig mange som når opp med nokre unntak. Det seier vel òg at nivået på humor er høgt i Noreg, og dramaet kanskje ikkje er like anerkjent, seier juryformann Ulrik Eriksen frå Morgenbladet.

Saman med ei rekkje norske tv-tenkjarar har han gått gjennom tv-seriane dei siste åra.

– Me fekk ei liste som bestod av alle fiksjonsseriar som er produsert sidan 2000, og så fekk kvar i jurymedlemma mogelegheita til å plukke ut nominerte som det ville ha med vidare. Ingen rangering, berre utplukking av dei som var verdt å merke seg. Dette gav poengsummar som til slutt gav ti topp-plasseringar.

Frå i dag vil me sleppe éin plass på jurylista kvar dag fram til den 12. mars. Den 13. mars vil topp 3 bli vist fram på Filmbonanza og på nett her hjå Filmpolitiet. I tillegg til jurylista vil me òg ha ei publikumskåring, der lesarane og lyttarane våre stemmer fram sine favorittar.

Stem her: Du kan framleis vere med og påverke publikumslista

(Jurybegrunninga finn du under biletet.)

lilyhammer seriekåring

10. Lilyhammer

Rubicon TV, NRK1, 2012-

TV-serien handlar om den italiensk-amerikanske mafiabossen Frank Frank Tagliano (Steven Van Zandt) som blir sett i eit vitnebeskyttelsesprogram i Lillehammer, fordi han hugsar det eventyrlege sagalandet frå OL i 1994. I røynda visar det seg å vere ein heilt streit norsk småby – som neppe var heilt førebudd på ein storkriminell innflyttar.

Lilyhammer starta opp i 2012, og filmar for tida sin tredje sesong. Serien er produsert av Rubicon for NRK, etter ein idé av manusforfattarane Anne Bjørnstad og Eilif Skodvin.

Juryens begrunning:

«Lilyhammer» sin hjemlige og internasjonale suksess skyldes den klassiske fisk-på-land-historien. Fisken er E Street Band-gitarist og «The Sopranos»-skuespiller Steven Van Zandt. Landet er Norge. For oss nordmenn er det morsomt å kunne nikke gjenkjennende til de særnorske samfunnsmekanismene som skaper kulturkrasj i møte med en amerikansk mafioso.

Utlendinger, kanskje spesielt amerikanere, finner underholdningsverdi i Frank Taglianos møte med en fremmed og merkverdig kultur. Det skapes friksjon mellom mild, nordisk ydmykhet og brautende amerikansk arroganse. Den resulterende satiren over det norske samfunnet treffer oss.

Persongalleriet som omkranser Tagliano (bl.a. spilt av Trond Fausa Aurvåg, Steinar Sagen og Henriette Steenstrup) har kanskje et noe stereotypisk preg, men slik må det kanskje være for å tydeliggjøre figurene for et internasjonalt publikum. Dette gir «Lilyhammer» større gjennomslagskraft, noe de to første sesongene fortjent har fått.

Jurymedlem, Birger Vestmo

Inspirert av «Get Shorty»

Serieskapar Anne Bjørnstad, som saman med mannen Eilif Skodvin står bak serien, fekk ideen etter å ha sett historier som Get Shorty, der ein gangster slår seg fram i filmindustrien i USA.

– Me tenkte at kontrasten hadde vore større og meir interessant dersom ein sånn type person kom til sosialdemokratiske Noreg. I ein anna samanheng fanga me opp at tv-sendingane frå Lillehammer-OL framleis er på listene over dei mest sette i USA, på grunn av konflikten mellom isdansarane Tonya Harding og Nancy Kerrigan. Når me kopla dette saman – at ein amerikansk gangster har sett Lillehammer på tv og tenkt at det ville vere ein bra og uventa stad å stikke seg vekk – då hadde me ideen til Lilyhammer.

Eilif Skodvin og Anne Bjørnstad har arbeidd saman sidan «Rikets Røst» på TV2 i 2005. (Foto: NRK)
Eilif Skodvin og Anne Bjørnstad har arbeidd saman sidan «Rikets Røst» på TV2 i 2005. (Foto: NRK)

Dette var for om lag 10 år sidan. Først var tanken at det skulle bli ein film eller ein roman, men med tida dukka ein ny tanke opp.

– Det var først etter at me hadde sett mange amerikanske high-concept hovudkarakterdrivne seriar – som Breaking Bad, Weeds, Dexter – at det gjekk opp for oss at ideen kunne byggjast ut til ein tv-serie, seier Bjørnstad.

Les også: Bekrefter tredje sesong av «Lilyhammer»

Tanken vart pitcha til fleire kanalar, men enda til slutt hjå NRK. Strøymetenesta Netflix fatta òg interesse, og gjorde serien til sin første «Original»-serie.

– Det at vårt vesle prosjekt har utvikla seg til ein stor coproduksjon mellom NRK og Netflix, visar at internasjonale samproduksjonar kan gro organisk ut frå innhaldet, og ikkje alltid må pønskast ut av produsentar, politikarar eller andre som er på jakt etter fornuftige businessmodellar.

Bjørnstad og Skodvins neste prosjekt er Samurai Sikkerhet, ein TV2-serie om eit smålugubert vektarfirma med Henrik Elvestad i spissen. Tredje sesong av Lilyhammer dukkar opp igjen hausten 2014. Her finn du niande plassen på lista.

Kva synest du om «Lilyhammer»?