Nokre filmar har eit umiskjenneleg drag av «europeisk» over seg, iallfall det ein fordomsfullt nok vil oppfatte som «europeisk» i film. Når franskmennene no tek grep om superhelthistoria, er det på ingen måte utan dette preget – og det har blitt ein dempa og sjarmerande enkel historie utav det i Phantom Boy.

Leo er ein kreftsjuk gut i New York. Men han har ei hemmelegheit. Sjukdomen har ført til at han kan forlate kroppen sin medan han er i ro, noko som gir han litt meir fridom enn opphaldet på sjukehuset skulle tilseie. Samtidig er ein kubistisk vansira og vondskapsfull hacker laus i byen, som ynskjer å ta heile byen som gissel mot éin milliard dollar!

Phantom Boy følgjer det same animerte utgangspunktet som Oscar-nominerte En katt i Paris frå 2010, frå dei same regissørane og det same animasjonsstudioet. Enkle tablå, med mykje stilleståande kamera og Squigglevision-rørsler, men nydeleg handteikna stil (likevel med nokre digitale hjelpemiddel). Med på laget i den fysiske verda har Leo politimannen Alex og journalisten Marie, som saman må finne den som står bak angrepet.

Filmmelding: Den lille prinsen: – Belønner deg med fantastiske bilder og filosofiske tanker om livet

Phantom Boy. (Foto: Arthaus)
Mannen med det ødelagte ansiktet hackar seg inn i Times Square. (Foto: Arthaus)

Ikkje så amerikansk som dei kanskje håpa på

Filmen byrjar særs roleg, eit alvorleg tema til trass, og blir spennande nok for 9-årsaldersgrensa si mot slutten. Der En katt i Paris var ein hyllest til arkitekturen og kjensla til Paris, er Phantom Boy eit fransk superheltkjærleiksbrev til New York, ein by det er tydeleg at dei har blitt kjende med gjennom mange års filmar og TV-seriar. Historia blir eit animert introkurs til landemerka i The Big Apple.

Likevel, med franske namn (og norske stemmer) kjennest nok ikkje filmen så amerikansk som regissørane Jean-Loup Felicioli og Alain Gagnol i utgangspunktet ville, og byen kjennest meir overflatisk og tom ut enn det Paris gjorde i deira førre film – trass nikk og helsingar til både Woody Allen, The Sopranos, Batman, og ein drøss hardbarka detektiv og noir-historier.

Men det er i bunn og grunn ein superheltfilm. Leo (eller Phantom Boy som han etter kvart heiter) er rett nok ikkje raskare enn ei kule eller kraftigare enn eit lokomotiv, men det å usynleg kunne fare gjennom vegger er hendig i ei kriminalsak – spesielt når den einaste politimannen som har kontroll på saka sit med ein knekt fot på det same sjukehuset.

Phantom Boy. (Foto: Arthaus)
Politimannen Alex og journalisten Marie observerer New Yorks kriminalitet. (Foto: Arthaus)

Filmmelding: Independence Day: Resurgence: – Saknar sårt ein som Will Smith å samle seg rundt

Motvekt til sukkeret

Reglane for korleis kreftene fungerer er litt krampeaktige for å gi meining i filmens spenningsdel, men Phantom Boy taklar sjukdomsspørsmålet på ein god måte – især i ei scene når han får sjå gjennom fasaden som familien set opp for å vere modige.

Dei norske skodespelarane skapar gode og tydelege stemmer som ramme i filmen, og spesielt gjer Marie Blokhus gjer ei god tolking som journalisten, som er gjort av Audrey Tautou i den originale franske versjonen.

For vaksne låg det nok meir i En katt i Paris, men Phantom Boy er ei sjarmerande og enkelt fortalt krimhistorie som eit lodd på vektskåla mot sukkeroverlasta dataanimasjon. Ei spennande, men dempa – eventyrisk, men sober – litt anstrengt, men særs europeisk reise gjennom New York.

Om FILMEN

Phantom Boy
  • Phantom Boy
  • Slippdato: 01.07.2016
  • Regi: Jean-Loup Felicioli og Alain Gagnol
  • Utgiver: Arthaus
  • Aldersgrense: 9
  • Sjanger: Action, Animert, Drama