Happy! er ein fullstendig sprø actionkomedie, so langt over toppen at den truar med å forlate atmosfæren. Humoren er beksvart med innslag av slapstick, valden er overdriven og Tarantino-inspirert, og ein av hovudrollene er ein snakkande animert krysning mellom einhjørning og esel.

Serien går til ein kvar tid inn for å sjokkere mest mogleg – og får det til fungere overraskande ofte. At ein av skaparane bak all lemlestinga òg står bak Crank-filmane overraskar derimot lite.

I motsetning til dei filmane er serien akkurat lang nok til at ein rekk å bli litt sliten av det. Eg tok meg i å fundere over om den har eit poeng den prøver å få fram, med sitt deprimerande bilete av New York City som eit svart hol av korrupsjon, brutalitet og seksuell perversjon.

Sannsynlegvis har den ikkje det. Me er nok berre meint å godte oss over gladvalden som inntreff med jamne mellomrom, samt la oss fascinere av alle dei sjuke tinga manusforfattarane har funne på. Og det har jo sin sjarm.

ANMELDELSE: Westworld S02 E01-05 – Mørkere og blodigere.

Serien byrjar med hovudpersonen har sjølvmordstankar, og blir berre mørkare derifrå. (Foto: Netflix)

Blod, jul

Hendingane i Happy! går føre seg rundt juletider, og det verker som serieskaparane har latt seg inspirere av meisteren av buddy cup-sjangeren, Shane Black (Dødelig våpen, Kiss Kiss Bang Bang). Det blir ikkje mykje meir ulikt par enn ein konstant full og pilleknaskande eks-politimann, og ein flygande lyseblå fantasivenn.

Christopher Meloni spelar Nick Sax, ein nihilistisk tidlegare lovmann som no opererer som billig leigemordar. Patton Oswalt gjev stemma si til Happy, som treng hjelp til å finne att den lille jenta han tilhøyrar. Ho har nemleg blitt kidnappa av julenissen. Ikkje den ekte julenissen sjølvsagt, men ein skikkeleg creepy type med ein usunn fascinasjon for barn.

Med ville auge og villare bruk av augebryn sjanglar Sax frå scene til sprøare scene, so blodspruten står – ofte bokstavleg tala. Eit moment eg likte godt, er korleis blod han får i ansiktet i fyrste episode framleis er der to-tre episodar seinare. Ein passande måte å hinta til at ting til ein viss grad får konsekvensar i denne serien.

ANMELDELSE: The Rain – Spennande dansk dystopi.

Det er masser av sjuke folk i Happy!. Her ser me Patrick Fishler som Dr. Smoothie. (Foto: Netflix)

Meloni skin i mørket

Saman med Happy viklar Sax seg inn i ein svær konspirasjon som inneheld gangsterar som er ute etter eit passord, barnekidnapparar med særs spesifikk smak, og ein insektbasert sexklubb. Det finst omtrent ikkje uskuldsreine figurar i serien, ikkje ein gong blant småbarnsforeldra.

Serien lesser so ekstremt tjukt på med all fordervinga, at ein skulle tru det var umogleg å balansere den med humor. Men med radarparet Meloni og Oswalt klarar dei det likevel akkurat.

Meloni drar meir på komedieerfaringa si frå seriane i Wet Hot American Summer-universet, enn frå tida i Law & Order: SVU, og han er lett sterkaste kortet serien har. Han har ein vill energi, og kan hoppe frå gravalvorleg intensitet til den breiaste slapstick på eit vift med augebryna.

Til tross for at figuren hans gjev namnet til serien får ikkje Oswalt fullt like mykje å gjere som Happy, men han stel nok av scener. Happy gjer dobbel teneste som hjartet i serien, samt det elementet som minner oss på at den er meint som leik og moro.

Serien har eit stort rollegalleri med alt for mange sprø figurar til å gå gjennom. Dei er litt hit-or-miss, med både slitne klisjear i form av italienske gangsterar og korrupte politifolk, men òg nokre hårreisande ekle typar – ekstra kudos til Patrick Fischler (Mulholland Drive, Twin Peaks: The Return) som den makabre «Dr. Smoothie». Fellesfaktoren er at alle ser ut til å ha det kjekt i rollene sine.

Om SERIEN

Happy!
  • Happy!
  • Slippdato: 26.04.2018
  • Sesong: 1
  • Utgiver: Netflix
  • Serieskaper: Grant Morrison og Brian Taylor
  • Aldersgrense: 16 år
  • Sjanger: Action, Komedie, Krim, Splatter, TV-Serie