Fire nye namn til Rådhusplassen!

Seeb ft. Dagny, Stargate, Unge Ferrari og Arif er blant dei som skal lage fest for oss på VG-lista-konserten.

No gler vi oss! Det er berre 10 dagar igjen til VG-lista topp 20-konserten går av stabelen i Oslo, og vi kan avsløre fire nye namn til sommarens aller kulaste konsert! I tillegg til SJUR og Isac Elliot, kjem desse artistane til Rådhusplassen neste fredag:

Dagny og Seeb
Arif og Unge Ferrari
Jess Glynne
Stargate, Unge Ferrari og OnklP

Dagny tilbake saman med Seeb

– Det kjem til å bli fantastisk, men eg både gruer og gler meg! Eg har sett kor mange menneske det er på VG-lista, og vi har nok aldri spelt for så mange før, seier Simen Eriksrud.

Han utgjer saman med Espen Berg og Niklas Strandbråten DJ- og produksjonstrioen Seeb. Dei har servert oss hit etter hit dei siste åra, og samarbeidd med ei rekke artistar, mellom anna Skylar Grey og OneRepublic. Så mange artistar møter dei, at dei valde å kalle debut-EP-en sin for «Nice To Meet You».

Ein av desse samarbeidspartnarane er nordlandsjenta Dagny, som tok publikum med storm då ho besøkte Rådhusplassen i fjor. I år er ho tilbake, denne gongen med Seeb.

– For oss er det kanskje litt behageleg å ha med Dagny på scenen? Ho har ei slik fantastisk utstråling og er eit naturleg fokus, så kanskje det blir mindre fokus på oss, ler Simen.

– Det har vore heilt fantastisk å jobbe med Dagny, det har gått over all forventning. Det er første gong vi har laga ei låt saman med ein norsk artist, så det er ei ny erfaring som har gått veldig, veldig bra.

Saman sleppte Dagny og Seeb den nydelege låta «Drink About» i april, som har vorte enormt populær sidan. Veka før VG-lista-festen reiser dei saman til USA der dei mellom anna skal opptre på TV-programmet Good Morning New York.

Heldigvis er dei tilbake i Oslo når vi sparkar i gang Nordens største gratisfestival, og dei kan love eit forrykande show!

– De kan forvente spesiallaga visuelle effekter, og truleg litt pyro. Så det blir fest!, seier Simen.

https://www.youtube.com/watch?v=DIgUOLDXZFA

– Det blir veldig spesielt

– Dette blir dødsgøy! Vi har aldri spelt saman på VG-lista, så dette blir veldig spesielt, seier Arif om å stå saman med Unge Ferrari på scenen.

Dei har begge besøkt Rådhusplassen før, men denne gongen står dei saman som det fyrverkeriet av ein duo dei er.

Det hagla med terningkast fem då Unge Ferrari sleppte debutalbumet sitt i 2015, og sidan då har det berre gått oppover. Nominasjoner til Spellemannspris og P3 Gull, utselde show i heile Noreg, og låtar som har herja på listetoppane. På fredag skal han herje på scenen saman med hiphop-stjerna Arif.

– Eg og Arif har det alltid gøy saman på scenen, denne gangen kan vi ha det gøy med heile byen! Vi er så gira på å feire sommaren i Oslo med alle!, seier han.

Arif har dei siste åra vist seg som ein fantastisk live-artist. I tillegg til å levere strålande på konsert, har rapparen gitt oss hits i fleng og stukke av med ein velfortent Spellemannspris. I fjor spelte Arif og Unge Ferrari saman for eit fullstappa Oslo Spektrum, som einaste norske rap-artistar etter Karpe Diem til å fylle Spektrum.

Stargate på lag med Unge Ferrari og OnklP

Er det mogleg å ikkje digge låta Folk er fake, med sitt deilige mjuke og fengande refreng? Rap-låta med dei rolege synth-linene viser ifølgje P3 sin musikkanmeldar at superprodusentane Stargate framleis heng med 20 år etter startskotet.

Den Grammy-vinnande duoen er kanskje ein av dei mest suksessrike produksjons- og låtskrivargruppene på 2000-talet, og har samarbeidd med ei rekke internasjonale superstjerner. Folk er fake er den første Stargate-låta på norsk i nyare tid.

Også her dukkar Unge Ferrari opp, og rappar saman med OnklP. Det høyrest ganske fett ut her, og vi vil tru det blir ganske fett live på Rådhusplassen.

She’ll be there!

Britiske Jess Glynne slo gjennom med hiten My Love – eit samarbeid med Route 94 – i 2013. Sidan då har ho toppa hitlistene i Storbritannia.

Etter at ho måtte avlyse Noregsturneen og VG-lista-showet i 2015 på grunn av ein operasjon, gler vi oss ekstra mykje til å få ho hit i år. Sidan då har vi òg fått ny, kul musikk frå denne britiske stjerna, mellom anna hiten I’ll Be There. Vi gler oss stort til å sjå henne og alle dei andre lage show på VG-lista OM – BERRE – TI DAGAR!

https://www.instagram.com/p/BjSPBGRBXz0/