Kaffibæsjen enda med utstilling

– Det kjennest både tullete og ærverdig, seier utstillar Markus Neby.

– Det er heilt vanvittig! Eg hadde aldri trudd eg skulle stå her og ha mi eiga utstilling. Det kjennest heilt rått at så mange har kome for å sjå på, seier Markus Neby i P3morgen.

Siste P3morgen-sending før sommaren vart sendt frå Vitensenteret i Trondheim. Der var det nemleg duka for ei veldig spesiell utstilling, nemleg «Bæsjen som vart til kaffe».

I april 2017 starta Markus prosjektet sitt: Han ville lage ein eksklusiv kaffi på bønner som har gått gjennom tarmsystemet hans. Kaffien vart servert under P3morgen sin julefrokost, og barista og kaffeguru Tim Wendelboe døypte den eksklusive kaffien «The Shit» etter å ha smaka på resultatet.

Les også: Spytta ut Markus sin tarm-kaffe

No har prosjektet fått ei uventa kanonavslutning – eiga utstilling som skal stå gjennom heile sommaren.

Like før jul viste Markus Neby stolt fram sine 101 kaffibønner. Bønnene hadde gått gjennom tarmsystemet hans og skulle no bli til kaffi. Foto: Kim Erlandsen/NRK P3

Dresskledd skaparglede

Utstillinga er interaktiv, og publikum kan sjå bønnene si ferd gjennom kroppen, grave etter bønner i ein bæsjeliknande guffe av browniesdeig og peanøtter, og lære om tarmsystemet av den interaktive rumpa. Trykk på knappen i rumpeholet, og den serverer deg interessante tarmfakta ispedd litt prompelyd.

– Om det er så vitskapleg kan ein vel ha sine tvil om, seier Maja Lindseth på Vitensenteret.

– Men Markus har vist nysgjerrigheit og skaparglede, og har gjennomført eit eksperiment! Vi synest det er veldig, veldig gøy og håpar mange P3-lyttarar vil kome og sjå på, oppmodar ho.

Hovudpersonen sjølv, vitskapsmann og kunstnar Markus Neby, synest det kjennest veldig rart opne si eiga utstilling.

– Dette er jo ganske tullete, men også veldig ærverdig! Det er både fint og stort, seier Markus, som hadde pynta seg for høvet – i finskjorte og dressjakke.

– Det er vernissasjeantrekket mitt. Du veit, det eg brukar å ha på meg når eg stiller ut noko, seier Markus og rettar på kragen.

Emma Bones frå Heimebane fekk æra av å klippe snora på bæsjeutstillinga. Foto: Jonas Jeremiassen Tomter/NRK P3

– Kjenner meg som ein borgarmeister

Før utstillingsopning sto den dressjakkekledde utstillaren klar med ein bukett roser i handa, Bispehaugen skulekorps i ryggen, og Emma Bones frå Heimebane ved si side. Klokka 07:30 presis drog korpset i gong «Ta livet som det faller seg» og Emma fann fram saksa. Snora vart klippa, og utstillinga erklært for opna!

– Det er ein draum som går i oppfylling! Eg kjenner meg som ein borgarmeister, seier skodespelaren om det ærefulle oppdraget.

– Det er veldig gøy å opne denne utstillinga, det er jo eit ganske sjukt prosjekt! Heilt ærleg, hadde du fortalt meg dette for eit år sidan hadde eg aldri trudd deg, seier ho til Markus.

Høyr heile sendinga frå Vitensenteret her!

Bæsjegraveboks, illustrasjon av reisa frå kaffebær til kaffekopp, og interaktiv rumpe med tarmfakta. Denne utstillinga har alt!