Kampen om den frie Britney

Fansen har engasjert seg og har ei rekkje teoriar om kva som skjer med popstjerna Britney Spears (38). Konspirasjonsteoriane tar nettet med storm.

Denne artikkelen vart publisert 24. juli 2020, men er henta opp att i samband med dokumentaren «Framing Britney Spears», som er tilgjengeleg på NRK TV. 

Sommaren 2020 fekk FreeBritney-bevegelsen stadig større merksemd i media og blant folk. Sidan då har det ikkje blitt mindre merksemd rundt den ikoniske popstjerna. Kvar kjem denne bevegelsen frå, og ikkje minst – kven meiner dei at Britney må frigjerast frå?

På nettet florerer det med teoriar og mistankar frå fans som påstår at dei veit sanninga om kva som skjer bak Britney sine lukka dører. Folk ser etter teikn i Instagram-postane hennar, og ryktemølla på sosiale medium kverner av garde som aldri før.

I ei slik sak er det vanskeleg å skulle skilje reelle teoriar frå oppspinn, for det er jo ingen som har fasiten – utanom dei nærmaste rundt popstjerna, eller Britney sjølv. Og frå den kanten har det vore relativt stille rundt dette temaet.

Det offentlege samanbrotet

For å forstå korleis FreeBritney-bevegelsen vaks fram, må me spola 14 år tilbake i tid.

På dette tidspunktet var Britney allereie eit av dei mest kjende menneska i verda, med ein horde av paparazzoar som fylgde hennar minste skritt. Heile verda vart vitne til det svært offentlege samanbrotet artisten hadde i 2007 då ho barberte av seg håret i ein frisørsalong, medan paparazzoane dokumenterte det heile.

BARBERTE HOVUDET: Det kjente samanbrotet til superstjerna i februar 2007 vart filma og dokumentert av paparazzoane. Foto: AFP PHOTO/ NTB Scanpix

Etter ei rekke bekymringsverdige hendingar dette året vart Britney innlagt to gonger på psykiatrisk sjukehus.

Far vart utnemnt til verje

I denne tida vart det hevda at ho var ute av stand til å ta vare på seg sjølv og karrieren sin. Far hennar, Jamie Spears, vart derfor utnemnt til midlertidig verje for dottera si. Innan 2008 var omme, hadde Jamie blitt dottera si permanente verje, saman med advokat Andrew Wallet, som har vore ansvarleg for økonomien til postjerna.

Ifølgje Californias rettssider blir behovet for verje bestemt i ei høyring, der dommaren utnemner ein person eller organisasjon som blir ansvarleg for ein vaksen person som ikkje kan ta vare på seg sjølv, eller som ikkje greier å vera ansvarleg for sin eigen økonomi.

Fansen meiner at verjeordninga inkluderer ei rekkje strenge reglar som Britney må følgja. Ho skal visst nok ikkje ha lov til å tilsetje eigen advokat, bestemme om ho vil ha barn, gifte seg, eller ha kontroll over sin eigen økonomi.

Ho skal heller ikkje få lov til å bruka mobilen sin utan tilsyn, forlata huset utan lov eller vera med nokon utan at dei er godkjent av verja. Desse reglane er ikkje bekrefta frå Britney sitt team.

Travel karriere

Berre månadar etter innlegginga i 2007 var Britney tilbake på scena. Frå 2013 til 2017 har ho hatt eit fast show i Las Vegas med nesten 250 førestillingar, ho har sleppt fleire album og ho har vore dommar i songkonkurransen «The X-faktor». Det er ansvarleg verje som bestemmer over Britney sin karriere, men advokaten hennar Stanton Stein sa bastant til avisa «Los Angeles Times» i fjor at ho er involvert i kvar einaste avgjersle som involverer karrieren hennar.

TILBAKE PÅ JOBB: Britney var tilbake på scena under MTV Music Awards berre nokre månadar etter samanbrotet i 2007. Foto: NTB Scanpix

Men korleis kan ei kvinne som jobbar så mykje, vera så lite i stand til å ta vare på seg sjølv, at ho treng verje? Dette er kanskje eit av dei mest sentrale spørsmåla som fansen tar opp i verje-debatten. Det andre spørsmålet er kor mykje dei rundt Britney tener på verjemålet.

Fansen er bekymra for at teamet til Britney held fast på verjeordninga for si eiga økonomiske vinning, sjølv om 39-åringen kanskje er i stand til å styre sitt eige liv. Nokon spekulerer i om ho blir manipulert, at ho blir tvunge til å teia om verjeordninga i offentlegheita, og at ho ikkje har noko å seia om kva ho får lov til å gjera i sitt eige liv.

Etter over ti år som verje trakk Jamie Spears seg midlertidig tilbake frå verjeordninga i 2019. Også Wallet slutta som verje tidleg i 2019, og no er det manager Jodi Montgomery som er hovudverje for Britney.

Spekulasjonar rundt avlysing

FreeBritney-bevegelsen kan ha starta så tidleg som i 2009, men det var i 2019 at temaet verkeleg kom fram i offentlegheita. Det heile starta med at Britney avlyste sitt kommande show i Las Vegas.

hennar eigen instagramkonto kom det fram at årsaka til avlysinga var at far hennar hadde alvorlege helseproblem. Etter dette var det nesten heilt stille i fleire månadar, på den elles så aktive instagramkontoen til Britney. Seinare skal det ha blitt sagt at ho frivillig sjekka inn på ein psykiatrisk institusjon.

Forsvinninga fekk fleire fans til å spekulere i om den offentlege forklaringa var sann, og mange uttrykte bekymring for popstjerna. Til slutt var det så mange som var bekymra for Britney at ho såg seg nøydt til å legga ut ein video på instagramkontoen sin, der ho trygga fansen om at ho hadde det bra. I bildeteksten skriv ho blant anna at fansen ikkje må tru på alt dei les og høyrer.

https://www.instagram.com/p/BwnqpG5g7qn/

Forfattar, påverkar og (ikkje minst) Britney-fan, Linnéa Myhre (30), har følgt nøye med på FreeBritney-bevegelsen dei siste åra. Ho meiner at det var då Vegas-showet vart avlyst, at fleire byrja å bli mistenksame til verjeordninga.

– Det vart skylda på at faren var sjuk, men han vart observert ganske frisk andre stadar og då byrja ryktet å gå. Sakte, men sikkert skjøna folk at det var eit eller anna me ikkje fekk vita, som dei prøvde å dekke over, hevdar Myhre.

Etter spekulasjonen i 2019 var det ei ny høyring som skulle vurdera Britney sitt behov for verje. Retten bestemte i den sommaren at verjemålet skulle fortsetja.

– Det var ikkje så mange som visste om dette før i 2019, men Britney-kjernen har alltid vore der og dei har stått utanfor høyringane med plakatar. No er det fleire som engasjerer seg og det er jo bra, men det er mange som heng seg på berre for å henga seg på fordi det er ei dramagreie – men dette handlar jo om eit liv, fortel Myhre engasjert.

Hevdar at Britney vil ut av verjemålet

Myhre var blodfan av popstjerna under stordomstida hennar på slutten av 90-talet, men det var då ho skulle skrive boka «Meg, meg, meg», at ho verkeleg fekk augo opp for verjemål-situasjonen Britney er i.

– Eg gjorde mykje research på Britney i fleire år, så eg føler at eg har ganske god oversikt over ho og karrieren hennar generelt, men og korleis ting har utvikla seg dei siste åra. Det er eit stort univers når ein fyrst begynner å grave seg ned i det – men med mange, mistenksame hol, fortel ho.

Ho mistenker at den ikoniske superstjerna er i eit verjemål mot si eiga vilje.

– Ein kan seie mykje om Britney basert på det ein ser på internett, men me kan jo ikkje vita om ho er i stand til å ta vare på seg sjølv eller ikkje. Men ho har sagt at sjølv om ho har komme seg etter samanbrotet i 2007, så blir ho framleis behandla på den same måten som då ho var sjuk. Så ho har jo på eit eller anna tidspunkt blitt betre, hevdar Myhre.

– Men det er ein økonomisk gevinst å halda ho i verjemålet, eller kanskje lar dei ho vera der fordi dei tenkjer at det er tryggast for alle – eg veit ikkje. Det finst kanskje ikkje eit riktig svar på det.

Myhre meiner at med Britney si travle karriere og framtoning overfor omverda, ser det ut til at ho er i stand til å leva utan verje.

– Det å vera under verjemål er for gamle, demente folk – ikkje for ei vaksen dama med to barn, som lagar plater og turnerer verda rundt. Det er mange teoriar og «bevis» frå folk som har jobba med ho, som styrker det at Britney har vore oppegåande og har prøvd å komma seg ut, men at det er så mange som jobbar mot ho, så ho har ikkje fått bestemma noko sjølv på tolv år liksom, hevdar Myhre.

BLODFAN: Forfattar og påverkar Linnéa Myhre, har følgt FreeBritney-bevegelsen i mange år. Foto: Guro Beitohaugen

Myhre meiner at Britney har sagt at ho vil ut av verjemål-ordninga i fleire år, men at kvar gong ho har uttalt det i eit intervju, har teamet rundt superstjerna stoppa det frå å komma ut.

– Folk i salen har høyrt Britney fortelja ei historie som aldri har komme på TV, fordi det er for mykje informasjon. Heile team-Britney som er rundt ho og bestemmer over ho, har alt å vinna på at ho får bli i eit verjemål. Nokon kallar dei for «vonde krefter», påstår Myhre.

Sjølv om det er lite bekrefta informasjon om saka, er det ikkje tvil om at det er pengar å hente når ein jobbar for Britney. I rettspapira kan ein sjå at advokaten Andrew Wallet, som og fungerte som verje saman med faren fram til i fjor, fekk ei lønning på svimlande 426.000 dollar i året.

Hevdar at Britney blir kontrollert

Myhre fortel at ho høyrer mykje på podkastar om temaet, og at ho ofte er inne på forum for å finne informasjon. Her har ho funne utsegn som bekreftar mistankane.

– Ein kan sjølvsagt ikkje stola fullt og heilt på internettet, men det finst opptak på Youtube der ho pratar implisitt om det å vera i verjemål, der ho har sagt at alle kontrollerer ho, ho har lyst til å komma seg ut av det og at ho ikkje har noko liv lenger.

På Youtube kan ein finna påståtte «sletta scener» frå MTV dokumentaren «Britney: For the Record» frå 2008. Her kan ein høyra at Britney seier noko slikt som:

«Om eg ikkje var under dei avgrensingane som eg er under akkurat no, hadde eg følt meg så frigjort. Men når eg fortel dei kva eg følar så høyrer dei kva eg seier, men dei høyrer eigentleg ikkje etter.»

Og:

«Til og med når du skal i fengsel veit du alltid at du vil sleppa ut på eit tidspunkt, men i denne situasjonen så sluttar det aldri. Det er ingen spenning, det er ingen lidenskap.»

Det er slike utsegn fansen meiner støtter påstanda om at Britney vil ut av verjemålet, men det klargjerast aldri i videoen om det er verjeordninga stjerna pratar om.

Myhre er klar på at sjølv om ein kan spekulera så mykje ein vil, så er det mange ting ein ikkje veit eller ikkje har fått bekrefta.

– Me anar jo ikkje om ho går på medisinar, kven som tvinger kven eller kva som skjer bak dei veggane, for det er ingen som kjem ut derifrå og fortel historia. Det er jo det me treng for å få vite kva som faktisk er sanninga.

Myhre meiner det er viktig å ikkje gløyme at noko av fokuset i saka, er på Britney si mentale helse. Og korleis ho har det psykisk, har ikkje fansen grunnlag for å uttale seg om.

– Me kan jo ikkje vita om ho er i stand til å ta vare på seg sjølv eller ikkje. Det kan ikkje eg spekulera i fordi det handlar jo om psykisk helse, seier Myhre.

– Det handlar om ein roten bransje

Underhaldningsjournalist Morten Hegseth (34) intervjua Britney Spears under eit Norgesbesøk i 2014.

– Prosedyren på slike intervju er veldig ofte at ein må senda inn spørsmåla i forkant, så må dei godkjennast og det er manuset ein må gå etter under intervjuet, forklarar Hegseth.

Men han hadde misforstått reglane, så han hadde berre klarert spørsmåla sine i stikkordform. Det fall ikkje i god jord.

– Det var sikkert tjue menneske som nistira på meg gjennom heile intervjuet, og då eg gjekk utanfor manuset for andre gong var det nokon som sa stopp, også avbrøyt dei intervjuet, fortel Hegseth.

– Det var ei eim av formynderi og kontroll over det heile. Det var tydeleg at det var nokon som både hjelpte, men og bestemte over ho. Etter kvart spørsmål kasta ho alltid eit blikk bort til manageren for å få bekrefta at det ho hadde svart var greitt, hevdar Hegseth.

Journalisten forklarar at han ikkje har gjort mange slike intervju, så det er vanskeleg for han å fastslå om det var meir kontrollert, enn det er med andre store kjendisar.

– Men det gjekk litt opp for meg etterpå var at ho vart kontrollert i hue og ræva av managementet.

Han meiner at gjennom FreeBritney har superstjerna sjølv blitt ei frontkvinne for ein viktig, feministisk bevegelse.

– Dette handlar om ein roten bransje og om menn som vil ha kontroll over ei kvinneleg popstjerne. Alt dette her har skjedd medan ho tener milliardar av kroner på å ha show i Las Vegas, så det er jo ingen logikk i at faren skal gje ho vekelønn og bestemma kva ho skal gjera. Dette er eit misbruk av makt, eg er absolutt for Britney-bevegelsen, seier Hegseth.

TV 2 fekk òg problem då dei møtte superstjerna på Norgesbesøket for seks år sidan, då journalist Maren Wilberg ikkje fekk med seg opptaka etter intervjuet. Ifølge Wilberg meinte managementet at Britney hadde prata for opent med journalisten, så ho fekk fyrst opptaka etter at teamet hadde redigert vekk mykje av det Britney sa.

Ny vurdering av vergeordninga

Det var ei høring som var grunnen til at FreeBritney vart eit tema sommaren 2020. Der skulle det bli vurdert om Britney framleis trong verje. Ifølgje nettstaden «The Blast» vart alle førespurnadar om filmetilatingar av høyringa avslått.

Høringa skjedde bak lukka dører, og stjerna sjølv var ikkje til stades under høyringa.

Sjølv om det har vore slike høyringar tidlegare, er det mange fleire som har blitt merksam på #FreeBritney-bevegelsen etter at populære instagramkontoar slik som «Diet Prada» delte ein post i 2020, der dei hevdar å avsløre korleis Britney Spears har blitt styrt heilt frå ho var ei ung barnestjerne, fram til verjeordninga i dag.

Denne posten har òg Myhre delt på sine SoMe-kontoar. Men ho meiner at det er ikkje alt som stemmer.

– Det er masse faktafeil om karrieren hennar der, men mykje av verjemål-greiene stemmer. Det er generelt mykje feilinformasjon som blir spreidd, og det skadar saka. Når ein ser at så mykje praktisk info er feil, då blir folk i tvil om det med verjemålet stemmer. Det er jo det som er hovudtemaet her.

Merksemda frå posten har ført til at det har blitt oppretta fleire underskriftskampanjar der ein krev at rettssystemet skal sjå nærmare på verjeordninga til Britney, og at ho skal få lov til å tilsetja sin eigen advokat, fri frå verjene.

Leiter etter teikn frå Britney

At #FreeBritney har tatt av på sosiale medium, er det ikkje tvil om. For ein utanforståande kan det heile sjå ut som ein konspirasjonsteori. Nokre fans går langt i å sjå etter skjulte teikn og beskjedar på instagramkontoen hennar.

Nokre kommenterer at dersom ho er i fare, må ho bruke eit gult klesplagg i neste post ho legg ut. Eller at ho må bruke frukt-emojis i bildeteksten. Nokre meiner at på eit bilde kan dei sjå at Britney har arrangert augevippene sine slik at dei formar talene «911», som er det amerikanske nødnummeret. Det er slike ting som dette Myhre meiner skader saka.

– Det er berre bullshit. Då kan ein byrja å prata om konspirasjonsteoriar. Eg trur nok at ho nokon gongar har vore smart og har underkommunisert noko i ein tekst eller i eit bilde, men når det kjem ned til augevipper så er det nok berre folk som ser ting som dei har lyst til å sjå. Det blir berre for dumt.

Og når bevegelsen får slike konspirasjonsteori-tendensar, vil Myhre gjere ein ting klinkande klart.

– Det viktigaste er å understreka at sjølve verjemålet, og det faktum at ho ikkje har fått lov til å bestemma over eigen kvardag i over 12 år, ikkje er ein konspirasjon. Det er fakta og det finst det offentlege papir på. Mens alle desse signala i instagrampostane, det veit me ingenting om før ho forhåpentlegvis ein dag kan fortelje sanninga, hevdar Myhre.

– Normalt å tru på konspirasjonsteoriar

Asbjørn Dyrendal, professor i religionsvitenskap ved NTNU, har skrive fleire bøker om konspirasjonsteoriar. Han er ikkje overraska over at det har bygd seg opp ein konspirasjonsteori rundt Britney sitt verjemål.

– Kjendisar er attraktive i denne samanhengen, fordi når det skjer ting med menneske som har mykje merksemd, så tiltrekk det menneske som er meir tilbøyelege til å leva ut fantasilivet sitt gjennom andre.

EKSPERT PÅ KONSPIRASJONSTEORIAR: Professor ved institutt for religionsvitenskap ved NTNU, Asbjørn Dyrendal. Foto: Mari Aftret Mørtvedt

Det at følgjarane hennar ser etter teikn på instagramkontoen hennar for så å dela det med andre i kommentarfeltet, meiner Dyrendal er ein drivkraft for mange som involverer seg i konspirasjonsteoriane.

– Her er det eit stort fellesskap som ein kan nå ut til, og ein kan få sosiale premiar i form av likes og status. Ved at dei får slike sosiale premiar, får ein med seg fleire på denne typen spekulasjonsverksemd. I tillegg får dei eit rush når dei ser samanhengane.

Men om du er ein av dei som lar seg fort riva med av ein konspirasjonsteori, treng du ikkje vera bekymra.

– Det er heilt vanleg å tru litt på konspirasjonsteoriar og la seg engasjera av dei, men då er det viktig å hugsa på å stilla kritiske spørsmål til dine eigne tolkingar av teorien, og vurdera kor godt grunnlaget for teorien er, råder Dyrendal.

Ein uvanleg instagramprofil

Når ein skrollar seg gjennom instagramprofilen til Britney legg ein fort merke til at den ikkje er slik som ein er vane med å sjå frå ein offentleg figur. Ho deler blant anna videoar av at ho dansar og har moteframsyning med sine 28 millionar følgjarar.

– Så lenge Britney har hatt instagram så har den vore kjemperar. Nokon gongar synst eg det er veldig vanskeleg og rart å lese, men eg trur oppriktig at ho berre legg ut det ho synest er gøy, det ho blir inspirert av sjølv, og det ho ser andre gjera, seier Myhre.

Det store spørsmålet er om merksemda og underskriftskampanjane rundt FreeBritney-bevegelsen kan føra til meir fridom for popikonet. Myhre vart ikkje overraska i sommar, då høyringa vart utsett enda ein gong.

– Eg er ikkje så optimistisk på hennar vegne med det fyrste. Det har vore ein lang kamp allereie, og desse høyringane blir stadig utsett. Eg trur nok ikkje at fasiten kjem etter denne høyringa no, men det kan henda at det er byrjinga på noko i alle fall, sa Myhre i forkant av høyringa.

Fleire amerikanske medium, der i blant «Los Angeles Times» og «USA Today» har sett nærmare på Britney Spears sin livssituasjon, og har ikkje funne bevis på at Britney blir halde i eit verjemål mot sin eigen vilje. Begge desse nettavisene har kontakta teamet til Britney Spears for kommentar, men har ikkje fått svar. 

Teksten har blitt redigert etter publisering, då ein instagrampost av Britney si syster, Jamie Lynn Spears, som var i saka no er blitt sletta. Teksten som omtala instagramposten er derfor blitt fjerna.

Teksten har blitt redigert etter publisering med ein oppdatering på situasjonen rundt høyringa som vart halde sommaren 2020. 

Teksten har blitt redigert 18. februar for å gjera den meir tidlaus i samband med dokumentaren «Framing Britney Spears». 

LES MER: