nrk.no

Albert (23) er viking: – Sleng meg i fengsel. Eg synest det er kult

Albert elskar å slåst med sverd og skjold. Mens for instavikingen Catharina (27) er våpena mest til pynt.

På eit gardstun utanfor Hønefoss, framfor ei stor, raud løe, står Albert Karlsen Hæreid (23) med klede dei færraste her til lands har i klesskåpet.

Snøen lavar ned og legg seg forsiktig på den grå ullkjortelen hans. Under har han ein linkjortel og ei slags posebukse. Rundt buksebeina har han surra leggband i ull. På føtene har han handlaga skinnsko.

– Eg elskar å slåst med sverd og skjold, og eg er ikkje redd for å ta imot ein metallpinne som fyk mot meg, seier Albert.

Albert er nemleg viking.

Albert står utanfor huset sitt, framfor ei stor, raud løe. Lanskapet rundt er kvitt og snøen lavar tett ned på kleda hans. På seg har han ein grå ullkjortel. Under denne har han ein linkjortel og ei posebukse. Rundt buksebeina har han surra leggband i ull og han har på seg nokre handlaga skinnsko. På ryggen har han eit stort, raust treskjold. For å halde alt på plass, har han eit skinnbelte rundt midja. I dette heng det slirer med øks, kniv og skjold.

Det vil seie, han er ein moderne viking. Til vanleg lever han som mange andre. Han jobbar på Megaflis på Hønefoss og bur i eit hus på Sokna.

Men når han har tid, kler han seg opp med klede og reiskapar frå vikingtida. Ikkje 1000 år gamle klede, men ting som er laga så likt som mogeleg det dei hadde då.

Albert sit komfortabelt i ein skinnstol inne i stova si på sokna og ser rett inn i kameraet. Han har grøne auger og har kort, brunt hår.

Kulare enn å slåst med pinnar

I eit belte han har rundt midja, heng slirer med både kniv, øks og sverd. Dei er handlaga av ein smed han kjenner. Skafta har han laga sjølv.

– Men dei er ikkje skarpe, så når vi slåst, skadar vi ikkje kvarandre, seier han.

Ute i snøen står Albert klar til å trekkje sverdet ut av slira si.

Som mange andre born levde Albert seg inn i leiken. Han og broren kunne bruke mange timar på å leikeslåst ute i skogen.

Men som alle andre måtte han vekse opp.

– Det var litt hardt for meg å leggje frå meg leiken, seier 23-åringen.

Med ein vaksen-jobb, kjærast og eit hus å passe på kan nok Albert seie at han har vakse opp. Men han er framleis leiken.

– Eg gjer jo litt kulare ting no. I staden for å slåst med pinnar, slåst eg med metallsverd, seier han.

– Eg har alltid vore interessert i historie. Ikkje berre vikingtida, men alt av historie. Eg elskar det og får liksom ikkje nok av det, seier Albert.

For ein leiken ungdom med denne lidenskapen var vegen kort til å verte ein moderne viking, også bokstaveleg talt.

Ein kveld i 2017 sat Albert i sofaen heime i Årdal og skrolla på mobilen då han oppdaga at det låg ein levande vikinglandsby halvannan time frå der han hadde vakse opp. Den skal me kome tilbake til seinare.

Ikkje billige plasthjelmar

– Det er ein dyr hobby. Og hobby seier eg ikkje som ein nedverdigande ting, dette er noko eg interesserer meg heilhjarta for, seier han.

Han er ein av dei som kaller seg «autentisk» viking.

Og han er ikkje åleine, Albert fortel at det det er folk frå heile verda som driv med dette.

Inne i eit gamalt trehus heng både lin- og ullkjortlar til tørk i ulike jord- og blåfargar. På den eine sida av veggen heng også garnnøster i forskjellige naturlege fargar og frå taket heng det tørka urter.

Her er det ikkje snakk om å gå med plasthjelm frå ei turistsjappe, nei, det skal gjerast på den riktige måten. For hand. Med historisk riktige materiale.

Men det er ikkje alle vikingar som er like opptekne av dette.

– Kjentest litt sjukt

Vikingtida fascinerer mange. På Instagram og TikTok finst det fleire store profilar som deler innhald der dei er kledde som vikingar.

Catharina de Besche (27) er ein av desse. Ho er instaviking.

For ho er det estetikken som er det viktigaste.  

Ei hand strekk seg mot ein mobil som står på eit stativ framføre eit vindauge. På skjermen ser ein ei Catarina på ein video på TikTok. Ho har langt, lyst hår med eit rosaskjær og ser sjølvsikker inn i kameraet.

Lyset skin inn i stova hennar i Kristiansand. På bordet ligg strikk og fliseklemmer. Under vindauget ligg utstyr til filming, for dei neste timane er sette av til ei forvandling.

Planen er å lage ein såkalla «transition-video» til TikTok der ho går frå å vere «vanleg» til å verte alter egoet sitt: ein sjølvsikker kampviking.

For Catharina var det ikkje historieinteresse som leia ho inn i miljøet, men ei interesse for fletting. Dette starta då ho jobba som servitør.

– Eg var lei av å berre gå med hestehale på jobb og starta å flette håret, seier 27-åringen.

Ho bruka mykje tid på å øve heime og lære frå YouTube.

– Så vart eg såpass god at eg ville byrje å prøve meg på krigarfletter, som ein kan sjå i «Game of Thrones» og «Vikings», seier ho.

Catharina sit ved eit spisebort inne i stova si. Stova er enkelt og stilreint møblert. Bak ho heng eit stort, mørkt bilete med ein elefant. Bordet er i ein matchande, mørk farge med svarte stolar som står til. På bordet ligg det hårspray, klemmer og strikk og framfor desse sit ein liten kattunge og ser rett i kameraet. Catharina sit på ein stol heilt til høgre, med løfta armar og hårlokker mellom fingrane. Ho ser konsentrert inn i ein spegel som står støtta inn til ein høgtalar.

Ei veninne av Catharina, som dreiv med TikTok, sa ho også burde prøve. 27-åringen bestemte seg for å gi det ein sjanse.

Og så opna det seg ei heil verd for ho – i algoritmane.

– Eg følgde fleire vikingprofilar, men desse delte for det meste norsk natur, ikkje transitionvideoar som eg lagar, fortel ho. 

I starten gjekk det relativt sakte oppover i følgjartalet. Etter nokre månadar hadde ho 20.000 følgjarar, men ei etterlikning av ein «Vikings»-frisyre sette det heile i gang. Plutseleg hadde ho over ein million visningar på videoen.

No har ho over 260.000 følgjarar på TikTok.

Biletet viser refleksjonen til Catharina i spegelen som står på bordet.

– Det var jo gøy, men det kjentest også litt sjukt. Eg er oppteken av å følgje med i kommentarfeltet og det som skjer på profilen min, men plutseleg vart jo det dritvanskeleg, seier ho.

Gjennom sosiale medium har ho blitt kjent med instavikingar frå heile verda, og følgjarane får verte kjende med ho. Eller nokre sider av ho.

Catharina har teke med seg spegelen bort til ein større spegel for å kunne sjå korleis hårfirsyren ser ut bakfrå. Dette skapar fleire forskjellige refleksjonar av ho. Mist i biletet ser Catharina i spegelen og rett i kameraet.

Eg føler eg vert tøffare og litt meir interessant, seier Catharina. Ho går nemleg inn i karakter når ho får på seg utstyret, og ikkje minst fletta håret.

– Eg får sjølvtillit og kanskje litt meir råskap, seier ho og ler.

Vanskeleg å jakte dyr med pil og boge

Lufta er rå, og tunge skyer heng over Gudvangen, der Albert står, omgitt av dei mektige vestlandsfjella.

Langs E39 står nokre få hus og ein Joker-butikk som for mange er ein fast stoppestad på vegen mellom aust og vest.

Men Albert er ikkje her for å handle på Joker.

Heilt nede ved Nærøyfjorden ligg vikinglandsbyen Njardarheimr. Han er bygd inspirert av slik vi veit dei bygde husa og byane i vikingtida.

Mellom mektige vestlandsfjell, under tunge, grå skyer ligg nokre vikinghus. Vi har komen til Njardarheimr, vikinglandsbyen. På høgre sida står eit lite, brunt hus. Litt lenger bak, i midten av byen, står eit stort, grønt hus og bak det, eit lite brunt eitt. Mellom husa går ein lys grussti.
I forgrunnen i biletet er inngangen til det grøne huset. Døra står open, og ein kan sjå gjennom huset og gjennom ei anna dør på andre sida. Der står Albert med ryggen til og ser utover den vesle byen. Han har på seg dei same vikingkleda.

På dagtid fungerer byen som eit museum der ein kan oppleve eit levande samfunn med vikingentusiastar slik som Albert.

– Eg er ikkje sånn pretensiøs som kan mange filosofiske sitat, eg er ikkje det. Men Nietzsche sa …

Han prøver å kome på eit sitat frå filosofen som skildrar kjensla han får av å vere i byen, men innser at han har gløymt det.

– Du kan jo berre finne det på telefonen?

– Eg har ikkje telefon på meg no, eg jo viking, svarar han tilbake med glimt i auget.

Albert går bortover den lyse grusstien. Biletet er eit nærbilete av dei handlaga skinnskoa og ullbanda som er surra rundt posebuksa.

Og det er ikkje heilt sant at han ikkje brukar mobilen når han er viking. Han ligg i ei skinntaske.

Når kvelden senkar seg i Njardarheimr og turistane har gått, samlar folk seg rundt bålplassar. Landsbyen er deira.

– Då prøver vi å la vere å bruke teknologien og bevare samtalen, seier han og legg til at det er noko av det beste han veit.

Om dei lagar mat rundt bålet, gjer dei det på den autentiske måten. Men det hender at nokon dreg opp ein chipspose, og dei kjøper gjerne eit kjøttstykke på ein vanleg daglegvarebutikk.

– Det er vanskeleg å jakte dyr med pil og boge, seier han og ler.

Men ein viking burde kunne det, så Albert går bort til eit lite hjørne av landsbyen, der ein kan øve.

Han vel ut ein boge og ein pil, spenner bogen og slepper laus pila. Posituren og teknikken vitnar om at han har gjort dette før. Men berre på blink, det er ikkje lov å jakte med pil og boge i Noreg.

Albert har tatt ein pil, lagt den til ein boge og held den i spenn. Han ser konsentrert mot ein blink, klar til å snart sleppe pila.
Vi er tilbake i stova til Catharina. Ho har komt litt lenger på frisyren sin, men sit framleis og flettar håret. Biletet er eit nærbilete av hendene og håret til Catharina. Ho fiklar med ei flette som går frå skillet og nedover på høgre side.

Tilbake i Kristiansand sit Catharina i stova og ser konsentrert inn i spegelen med løfta armar og hårlokkar mellom fingrane. Slik kan ho sitje i fleire timar, for ho har eigne teknikkar for å unngå å få vondt i armane.

Når 27-åringen først har laga ein «look» med fletter og klede, passar ho på å lage mykje innhald, både i stova heime og ute i naturen.

Det meste av utstyret ho har, har ho fått sponsa. Ho fekk nyleg ein spesiallaga hammar og eit tilhøyrande Mjølner-smykke laga av ein smed, på den autentiske måten.

Sjølv om det var estetikken som først drog ho inn i miljøet, har også ho fått augene opp for historie og å gjere ting på den autentiske måten.

Like utanfor huset til Catharina er ein skog. Her brukar Catharina å ta bilete. På eit vått berg, med grøn mose ligg ei svart øks med inngraverte runer. Ein kan sjå handa til Catharina plukke øksa opp.
Med eit sjølvsikkert blikk ser Catharina inn i kameraet. Håret blafrar åvidt i den vake vinden. Ho har på eg ein kvit linkjorte og ei mørk ullkappe over. Det lyerosa håret hennar er fletta og ligg nedover brytkassa hennar. Cathrarina tek på eg hetta frå kappa.

Før Catharina starta med krigarfletter hadde ho inga aning om at dette skulle vere inngangen til eit stort, internasjonalt miljø.

– Eg opplever at eg vert teke godt imot, seier ho, men fortel også om ei spenning i miljøet. Ho seier at nokre autentiske vikingar er skeptiske til vikingar som ikkje gjer alt historisk korrekt.

Det er nydeleg ettermiddaglys over Kristianand. Catharina står på ei høgd og er utover fjorden med byen til ventre side. Ein kan sjå heile ho og ho har teke hetta av så frisyren syner betre. På sida av hovudet harho fleire typar fletter og på toppen har ho laga nokre små knutar. Noko av håret ligg laust nedover ryggen. Rundt den lyse linskjortelen har ho mange ulike belter med gulldetaljar. I Ei slire heng ein kniv og i ei anna eit horn. I handa hendt ho øksa medan ho speidar utover landskapet.
Tett inntil brystet heng eit smykke med ein torshammar. Det lyserosa håret ligg fint rundt detog Catharina fiksar litt på det, slik at det skl ligge riktig.

Det er mange ulike grupperingar i miljøet, og det kan føre til spenning. Det er særleg nokre grupper og profilar på Instagram som dei fleste vikingar tek sterk avstand til.

– Må jukse litt av og til

Rundt halsen til både Catharina og Albert heng eit smykke forma som ein hammar. Og ikkje kva som helst hammar; dette er Mjølner, den norrøne guden Tor sin hammar.

I vikingtida vart denne boren av både kvinner og menn. For dei som tilhøyrde åsatru og som tilba dei norrøne gudane, var dette amulettar og beskyttarar.

I vikingbyen står albert borte i eit slags sjul ved sida av eit langt, brukt trehus. Han ser ned på noko som ligg ved inngongen til huset.
Eit detaljbilete frå sjulet viser det Albert såg ned på; nokre kvite dyreskaller. Dei lyse skallane stikk seg tydeleg fram i det ellers mørke biletet.

Verken Albert eller Catharina legg religiøs symbolikk i smykket. Dei praktiserer ikkje åsatru, men ber det fordi dei er interesserte i norrøn kultur, estetikk og historie. Likevel veit begge om vikingar som praktiserer åsatru.

– Dei er ein heilt eigen gjeng, seier Albert.

Skyene heng framleis tungt over vikinglandsbyen Njardarheimr når han går bort til smia. Utanfor ligg dyreskallar.

– Nokon driv med ulike ritual, forklarar han.

Lyset skin såvidt inn i smieboligen. Veggane er i tre og har ein varm, brun farge. Her heng hyller og på hyllene ligg ulike reiskapar som tilhøyrer smeden. Her heng også ei kappe med ein pelskrage, denne tilhøyrer smeden.
I eit stort rom med rustraude veggar står Albert stødig midt i rommet. Bak han er ei dør inn til eit anna rom, der er kjøkkenet. Han kikkar bort til høgre, ut døra. På venstre side står eit bord med eit sjakkspel og bak dette stå ein stor vev. Bak veven heng eit gult skjold med  blå detaljar. På den høgre sida av Albert heng eit liknande skjold, i raudt, med gule detaljar. På borda og i taket heng utente sterinlys.

Albert går frå den avsidesliggjande smia til høvdingbustaden som ligg i hjartet av landsbyen.

Inne i det grøne huset finn han fram ein lighter og tenner nokre stearinlys.

– Juksar du?

Ja, eg må jukse litt av og til, svarar han og ler.

Eitt og eitt lys skin opp slik at detaljane i rommet kjem fram. Det er fullt av symbol frå vikingtida, med kunst og fargerike skjold på veggane.

På den rustraude veggen heng to skjolt til borde i eit hjørne. Det eine er raudt, dekorert med blå og gule vikingsymbol. Det andre er mørkt grønt med raud dekor. Mellom skjolda heng lykter med tente stearinlys. Heilt til høgre, rett ved sida av det grøne skoldet, heng ein torshammar i tre. Under skjolda, på eit stort bord, står fire stearinlys. Lyset frå desse skin såvidt opp eit tøystykke med runer.

Desse symbola er viktige for dei moderne vikingane. Men det er ikkje berre folk som Albert og Catharina som ber Mjølner rundt halsen, det gjer også fleire nasjonalsosialistar – betre kjend som (ny)nazistar.

Dei siste åra har nasjonalsosialismen fått meir og meir innflytelse i verda og her i Norden.

Ideologien høyrer til langt ute på høgresida politisk. Den inneber ein ekstrem form for nasjonalisme.

– I kjernen av ein sånn veldig ekskluderande nasjonalisme er det ein idé om kven som kan høyre til og kven som ikkje kan høyre til, fortel antropolog og ekstremismeforskar Cathrine Thorleifsson i NRK P3 sin nye dokumentarserie «Sønner av Norden».

Serien utforskar unge, nasjonalistiske miljø i Norden.

Eit nærbilete av tøystykket med runer.

– Dei spelar på lengsel og nostalgi til alt som var, fortalde Thorleifsson til NRK P3 i samband med serien.

Og noko av det som var, var vikingtida.

Folk i desse miljøa tenkjer at vikingtida er noko som heng saman med det etnisk norske. På grunn av dette brukar fleire nynazistar symbol frå denne tida for å markere at dei trur på det ekte norske.

Prøver å ikkje snakke politikk

– Eg trur aldri nynazisme hadde fungert i dette miljøet, for her er det så inkluderande. Det er ekstremt mange folk, fargerike folk, i miljøet. Og det er heilt nydeleg, seier Albert.

Han er oppgitt over at folk forbind vikingsymbol og -estetikk med nynazisme og tek avstand til korleis dei meiner vi må «tilbake til røtene».

– Du kan seie mykje om at «slik var det ikkje før i tida». Det har ikkje noko å seie. Dette er no, seier han.

Når dei er vikingar saman, har det ikkje noko å seie kven dei er når dei lever sitt vanlege, moderne liv.

– Når vi er i landsbyen, prøver vi å ikkje snakke politikk, seier han.

Inne i eit av husa kan ein sjå ut eit vindauge. Der står Albert og pussar sverdet sitt. Han ser ned på det og ler. Det regnar lett.
I eit vindauge i eit anna hus heng ei brynje. Over vindauget heng eit gevir.

Utanfor høvdingbustaden har regnet endeleg kome. Enn så lenge er det berre lette dropar.

– Eg må låne brynja som heng her, seier han.

Det er det einaste som manglar på rustninga hans. Hjelmen er nyleg pussa, og sverdet heng i slira frå beltet. No skal han også verte krigar.

Albert tek på seg ein skinnande, blank sølvhjelm. Rundt hovudet på hjelmen er eit rustraudt ullband. Under dette er det beskyttelse til andletet. Medan han dreg den over hovudet ser han bortover mot fjella som er bak fotografen.
Albert ser oppover mot dei kvite fjella som såvidt jem fram mellom skodda. han har på seg brynja og hjelmen og heldt eit spyd i høgre hand. Det rustraude ullbandet er knytt bak og ligg nedover ryggen hans.

– Eg knekte ein finger ein gong, seier Albert.

Å vere autentisk viking kan også innebere slåsting. Ikkje fordi dei er imot kvarandre eller trenar til krig, men meir fordi dei synest det er gøy og det er god trening.

– Om det kanskje er litt merkeleg? Ja, heilt rett. Sleng meg i fengsel. Eg synest det er kult, seier 23-åringen.

Journalist og fotograf: Matilde Sunde Solsvik, NRK P3

SJÅ OGSÅ:

Siste fra P3.no: