nrk.no

Kjendisane sine verste julegåver: Fekk suppepose til jul

Treng du hjelp til kva du skal gi dine kjære i julegåve? Ikkje få tipsa dine her!

For mange er jula ei tid for tradisjonar og hygge. Men i førjulstida er det kanskje éin ting som du kjenner gnage.

Kva skal du gi i julegåve til nære og fjerne?

«P3 Gull» spurde vi kjendisane om dårlege gåvetips. Her er nokre av svara:

Ei populær gåve til den som har alt, er ei form for oppleving. Men programleiar for «P3 Gull», Arianrhod «Arian» Engebø (29), var ikkje heilt nøgd med konsertbilletten ho fekk i 2016.

IKKJE EIN FULLTREFFAR: Arian synest konsert er gøy, men kanskje ikkje akkurat denne. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3

– Det er litt dumt å kaste kjærasten min under bussen, men han gav meg billettar til ein «X-faktor»-konsert, sa ho.

Det var særleg eitt problem med denne gåva:

– Eg hadde ikkje sett ein einaste episode av den «X-faktor»-sesongen, sa ho oppgitt over dømekrafta til sin kjære.

Kammar til ein hårlaus

Også den andre halvdelen av programleiarduoen, Nathan «Nate» Kahungu (27), hadde opplevd at ei julegåve ikkje fall i smak på julekvelden. Men denne gongen var den kjøpt av Nate sjølv.

– Eg gav pappa ein boks med kammar ein gong, fortel han.

Ei i utgangspunktet fin gåve. Men då er føresetnaden at mottakaren har hår på hovudet.

– Det trur eg ikkje han var så jævla fornøgd med, sa Nate.

SKALLA: Nate meiner jula handlar om å gi, ikkje få. Men denne gåva var kanskje ikkje den beste å verken gi eller få? Foto: Henriette Dæhli, NRK P3

Billig og bra?

Då artisten Turab (26) skulle gje ei gåve til søstera si, tok han utgangspunkt i noko han visste ho trong.

Det vil seie, han tok noko han visste ho trong, fordi det var noko ho allereie eigde.

– Eg tok eit sokkepar frå søstera mi, pakka det inn og gav det til henne, sa artisten.

Han dukka opp på den gule lauparen på «P3 Gull», saman med artistkameraten Lille Caesar (18).

NESTEN ROBIN HOOD: Nokon gongar kan det å finne noko tapt vere den beste gåva. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3

Ein som ikkje har fått ei einaste dårleg julegåve, er artist Ruben.

– Eg kan ikkje seie ullsokkar heller, for det set eg veldig pris på. Sengetøy også er jo heilt topp.

Han synest sjølv at alle gåvene han gir, også er gode.

– Men så veit eg ikkje kva dei tenker, la han til.

Sjå kven som stakk av med prisane på «P3 Gull» her!

SKAL IKKJE MYKJE TIL: Ruben hadde nok blitt glad om han fekk ein klementin under juletreet. For han er det denne lukta som gir han mest julestemning. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3

Saus under juletreet

Når kreativiteten ikkje er til stades, kan det vere vanskeleg å vite kva ein skal gi i julegåve. Då er det eit alternativ å gå for ei forbruksvare.

Til dømes vin, balsamico … eller noko heilt anna, slik som bestemora til Blackie gjekk for. Ho kjøpte ei smakfull gåve til den unge guten.

BESTEMOR MED HUMOR: Er ei flytande gåve betre eller verre enn mjuke pakkar? Foto: Henriette Dæhli, NRK P3

– Då eg gjekk i fjerde, fekk eg ein boks med vaniljesaus. Den er ikkje dårleg, berre funny, seier han.

Også i familien til Victoria Nadine (24) har slike julegåver dukka opp under juletreet.

Då veslesøster Alexandria (15) fortel om kva ho fekk eit år, dukka eit minne fram frå gløymselen til Victoria.

SØSTRER: Det er ikkje alltid lett å hugse kva andre familiemedlemar får i julegåve. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3

– Eg fekk ein suppepose ein gong, fortel Alexandria.

– Det hugsar eg! kjem det frå storesøstera.

Men hugs: Jula handlar ikkje om gåver. Ho handlar om å legge ut bilde av dyre gåver på Instagram. Det må du ikkje gløyme.

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: