nrk.no

Korleis får ein eit avstandsforhold til å fungere?

For Signe og Oddbjørn var avstanden aldri eit problem, tvert imot. Kva gjorde dei riktig?

– Eg brukte å telje ned dagane frå det var ein månad igjen til vi møttest, fortel Signe Kongsnes (20).

P3.no har tatt turen nordover, og i hotellrestauranten i sentrum av «Nordens Paris» møter vi ei strålande Rælingen-jente.

Ho har budd eit halvår i Tromsø saman med kjærasten Oddbjørn Eriksen (21). Han er fødd og oppvaksen på Tromsøya og spelar ishockey for det beste laget i byen.

Signe innrømmer at ho er litt lei Nord-Noreg, på grunn av mørket om vinteren og lyset om sommaren.

– Men det er veldig fint her, altså, legg ho til.

Denne kjærleikshistoria byr på nokre uventa vendingar som blandar store utfordringar med hodestups forelsking. Ein slags mild variant av Romeo og Julie, utan alt sølet på slutten.

«Kan ikkje gje slepp på dette»

I juli 2020 vart Signe introdusert til Oddbjørn gjennom ei venninne som hadde gått i klasse med han.

Men paret starta ikkje forholdet sitt på same måte som par flest. Dei hadde nemleg ein avstand på 800 kilometer mellom seg.

Signe har langt, lyst hår og svarte briller. Ho ser opp mot høgre og smiler. Ho sitt i eit rom med bord og stolar bak seg. Ho har ei blå jakke og gulløyredobbar.
FORELSKA: Signe Kongsnes ser tilbake på tida frå kvarandre som ei tid prega av lengt og mange kjensler. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Oddbjørn spelte ishockey i Umeå i Sverige og satsa fullt på idretten. Signe, som var 17 år, hadde to år igjen på vidaregåande i heimbygda på Austlandet og var ikkje klar for å flytte derfrå. Ein koronapandemi i fullt firsprang gjorde det ekstra utfordrande.

Likevel tok det berre ein månad frå det første møtet til dei bestemte seg for å gi det heile ein real sjanse.

Signe tok turen opp til Tromsø for å besøke han. Kjenslene var sterke, og ho følte at det var no eller aldri.

«Eg kan ikkje gje slepp på dette», tenkte ho.

10-dagars karantene for ei helg

Så kom haustsemesteret. Sidan det ikkje var aktuelt å bu saman, var det berre eitt alternativ: avstandsforhold.

Likevel var det ikkje ein avskrekkande tanke. For det var dette dei var innstilte på frå starten av.

– Eg syntest aldri at langdistanse var eit så stort problem, fordi eg visste at det var midlertidig, seier Signe.

Men ønsket om å vere saman blei sterkare når dei var lenge borte frå kvarandre. Og for Signe sin del var dette med på å forlenge nyforelskingskjensla.

– Eg fekk dei sommarfuglane i magen på «repeat» kvar gong vi møttest. Eg var som ei lita jente på julaftan.

Oddbjørn og Signe sitt på ein benk på ein busshaldeplass. Det er ganske mørkt ute, og det er is og snø på bakken. Oddbjørn held rundt skuldera til Signe, og begge ser mot venstre. Oddbjørn har svart jakke, blå jeans og caps. Signe har blå jeans, beige jakke og langt, lyst hår. Dei smiler.
BUSS: Sjølv om det ikkje ser sånn ut her, vel dei stort sett bilen til jobb. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Vi snakkar som sagt om ein avstand på over 800 kilometer mellom Rælingen og Umeå. Om du ikkje klarar å sjå for deg kor langt 800 kilometer er, kan vi i alle fall seie at det er veldig, veldig langt.

Så nokre svintar innom kvarandre her og der var det ikkje snakk om.

Den hausten fekk kjærasteparet berre til å møtast éin gong. Og det var nok nyforelskinga som dreiv dei til å gå for den omfattande prosessen.

– Sidan han var i Sverige, måtte han reise heim til Tromsø og sitte ti dagar i karantene før han kom til meg i Rælingen for å vere her ei helg, forklarar Signe.

Det var med andre ord ikkje lett å treffast. For å kompensere for manglande møte, var det heilt avgjerande å halde kontakten over nettet.

Facetime-deitar med full oppvarting

Då ho skal anslå kor ofte dei facetima i løpet av det første året, må ho tenke seg litt om før ho smiler.

– Det var kanskje eit gjennomsnitt på to–tre timar kvar dag.

I tillegg kom meldingane morgon og kveld. Praten kunne vere om kva som helst og når som helst.

Signe står i eit klasserom. Bak henne er det hengt opp barneteiningar og diverse figurar og plakatar av tal og bokstavar. Ho har på seg blå jeans og jakke. Håret hennar er lyst og langt, og ho har svarte briller. Ho smiler og blar i ei bok.
LÆRARASSISTENT: Signe synest at arbeidsdagen er fin, men kan vere heftig til tider. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Var den eine parten gjennom ei tung tid, kunne den andre ta seg fri den dagen for å snakke. Begge var gjennom dødsfall i nær familie som blei handtert på denne måten.

Det var tydeleg at dedikasjonen var gjensidig.

Men «berre» å ha videosamtale kan vere litt langdrygt. Ein må jo sprite det opp litt av og til. Det er sjølvsagt snakk om stemnemøte, aka deitar, aka rendezvous.

Skjermdump av ein facetime-samtale. I den store skjermen sit Oddbjørn litt framoverlent med kniv og gaffel i hendene. Han har på seg ei beige, stripete skjorte, blå jeans, har brunt hår og litt skjegg, og han har ein tallerken med biff og spaghetti og pesto på. Han smiler. I hjørnet oppe til høgre er ei mindre rute med bilde av Signe. Ho ha også ein tallerken med mat på, har kvit t-skjorte og langt, blondt hår. Hovudet hennar er lent litt til sida, og ho smiler breitt.
BIFF OG FINE KLEDE: Sjølv om dei ikkje var fysisk saman, var finstasen på under deitane. Foto: skjermdump

– Vi var på middagsdeitar i kvart vårt hus. Vi pynta oss og gjekk med fine klede som vi ville gjort elles. Vi laga middag før vi hadde eit romantisk måltid gjennom PC-en.

Dei kunne også sjå film saman ved å trykke «play» på kvar sin skjerm.

Andre gonger sende dei kvarandre gåver utan at den andre visste om det. Slike kreative løysingar var med på å gjere forholdet variert og spennande.

Men å halde kontakten så mykje som dei gjorde, kravde også sine prioriteringar.

Ofra skule og søvn

– Eg trur mamma syntest det var litt slitsamt nokre gonger, for eg skulle facetime heile tida, seier Signe.

Både familie og venner kunne merke at det ikkje alltid var ein nærverande Signe dei hadde med å gjere.

I tillegg trente begge mykje på kveldane. Det var rett og slett ikkje nok timar i døgnet.

Signe og Oddbjørn er inne i eit opplyst rom. Det er mykje treverk der inne, og ein kan sjå stolar, bord og plantar i bakgrunnen. Oddbjørn har på seg kvit t-skjorte og svart caps, og signe har blå jakke, langt lyst hår og svarte briller. Dei smiler og ser same veg.
FYSISKE DEITAR: No kan kjærasteparet sjå film og ete mat utan ein skjerm mellom seg. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

– Eg ofra mykje søvn og litt skulearbeid og sånt. Eg hamna litt på etterskot mange gonger, fordi eg prioriterte å snakke med han i staden.

Å finne ein balanse mellom å vere til stades for kjærasten sin og å leve sitt eige liv der ein er, kan vere utfordrande i eit avstandsforhold.

Må kunne leve livet der ein er

Psykolog Regine Larsen frå Psykologivirke si avdeling for par og familiar fortel at det er viktig å fylle dagane med fleire ting enn sakn eller telefonsamtalar med kjærasten.

– Det er noko med at liva må få lov til å gå, seier ho til P3.no.

Larsen fortel at det er ein balanse mellom å vere saman og å ha tid til å leve livet der ein er.

Eit nesten svart-kvitt nærbilde av Regine Larsen. Ho har mørkt hår og kvit genser. Ho smiler inn i kamera.
PSYKOLOG: Etter å ha jobba med par i mange år, veit Regine Larsen mykje om kva som til slutt kan knekke par i avstandsforhold.

Psykologen trur likevel at å føle seg nær kjærasten sin er viktig for avstandsforholdet. Spesielt sidan ein har lite fysisk kontakt, kan forholdet kjennast ekstra sårbart.

– Det er kanskje utryggleiken av kvar ein har kvarandre som først og fremst er det vanskelege, seier Larsen.

Ho trur at mangel på den daglege kontakten og å sjå kvarandre, kan skape mykje usikkerheit og sjalusi. Derfor synest Larsen at å snakke saman litt kvar dag, på melding eller i telefonen, er fint.

– Det å vite at den andre tenker på ein og at ein framleis er ein del av kvardagen til kvarandre, trur eg er avgjerande, seier ho.

Men sjølv i eit avstandsforhold med god kommunikasjon kan det iblant dukke opp kjipe kjensler.

– Ikkje bra å kjenne på vonde kjensler aleine

Å føle eit sterkt sakn eller få tankar om at ein plutseleg ikkje betyr noko for kjærasten sin er svært vanleg i eit avstandsforhold. Larsen har lagt merke til at folk veldig ofte trur det er noko gale med ein, dersom ein får desse kjenslene.

– Det er jo heilt grunnleggande menneskeleg å ha dei behova og å kjenne seg viktig, seier Larsen.

Dersom ein går rundt og desperat prøver å få kontakt med den andre, men ikkje føler at ein får svar, kan forholdet følast som eit envegsprosjekt. Det å føle seg nedprioritert i eit avstandsforhold kan opplevast utruleg vanskeleg.

– Emosjonelt sett veit vi at det ikkje er bra i eit parforhold å gå rundt og kjenne på vonde kjensler aleine.

Derfor trur Larsen at å snakke saman og vere tydelege på kva forventningar ein har i forholdet, er avgjerande for at det skal fungere.

FIRE RÅD TIL AVSTANDSFORHOLDET

HA DAGLEG KONTAKT

Å føle seg sett er svært viktig i eit avstandsforhold. Å sette av litt tid til ein telefonsamtale eller å sende ei melding for å høyre korleis dagen har vore kan gjere at ein føler seg tenkt på. Det kan også gjere at ein føler seg som ein naturleg del av kvardagen til den andre.

GI PLASS

Det er truleg ein grunn til at du og kjærasten ikkje bur same stad. Det er derfor viktig at de ikkje bruker all ledig tid på å vere saman gjennom telefonen. Ein må også få lov til å vere der ein er også, og gjere dei tinga ein er der for å gjere. Dette er ein balanse ein kan prøve å finne fram til saman.

IKKJE VER REDD FOR Å TA OPP TING DU TENKER PÅ

Å gå rundt og føle seg i vegen, irriterande eller uviktig for kjærasten er verken konstruktivt for deg sjølv eller forholdet. Og det er heller ikkje uvanleg å kjenne på. Ta opp det som plagar deg, og vit at det er eit vanleg behov å føle seg viktig for kjærasten, også i eit avstandsforhold.

BRUK AVSTANDEN TIL NOKO SPENNANDE

De kan prøve å snu avstanden frå å vere noko kjedeleg til å bli noko spennande. Bruk avstanden til å vere kreativ med kva de kan finne på både frå kvarandre og når de først møtest. Å sakne kvarandre er ikkje farleg. Det kan kanskje til og med vere litt fint.

Kjelde: Regine Larsen, Psykologivirke, avdeling for par og familiar

Gjekk ut over lommeboka

Gjennom turbulente tider med småkranglar og usemjer har kommunikasjonen vore ein nøkkel for at Signe og Oddbjørn kunne stole heilt og fullt på kvarandre.

Å vere i eit avstandsforhold utan å fortelje sanninga blir som å blande frityrolje og mango sprudlevatn. Det fungerer rett og slett ikkje.

Forståing for at begge kunne ta seg ein fest iblant var viktig, så lenge ein respekterte kvarandre sine grenser.

Utanom å sende ei melding om at ein var trygt heime, var det få krav. Ved fysiske møte, derimot, var det ein viktig regel dei måtte følge.

Signe og Oddbjørn går ute i ei gate. med hus og folk bak seg. Bildet er teke litt nedanfrå, og ein ser at det er heng topp lys over dei mellom husa. Dei går medan sei ser på kvarandre og smilar. Signe har lnagt, lyst hår, briller og ei beige jakke, medan Oddbjørn har svart jakke og svart caps.
GRENSER: Kommunikasjon var viktig for kjærasteparet då dei hadde langdistanseforhold. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

– Når ein først er saman, må ein bruke tid på faktisk å vere saman.

Å legge bort mobilen var heilt essensielt. Det meiner Signe alle burde merke seg.

– Vi kopla oss helt av verda utanfor og var berre med kvarandre.

For kjærasteparet handlar det om å dyrke romantikken. Blomstrar, pene klede og god mat var noko dei unte seg, sjølv om lommeboka fort kunne få seg ein støyt.

– Vi gjorde det veldig spesielt når vi møttest. Laga mat, gjekk på kino eller drog på restaurant. Det er jo dyrt å bruke så mykje pengar, men det er noko vi følte funka bra for oss.

Sjølv om det kunne vere utfordrande å bruke så mykje tid, krefter og pengar på avstandsforholdet, var fokuset på framtida motiverande nok for Signe.

– Viss ein tenker på det lange løp, så er livet veldig mykje lengre enn dei åra ein er borte frå kvarandre. Det er verdt det, og ein får det til om begge legg inn den innsatsen som trengst.

MEIR OM KJÆRLEIK:

Siste fra P3.no: