nrk.no

Er ikkje alltid ærleg om kor mange ho har hatt sex med: – Redd for å bli oppfatta som «laus»

Emilie (22) har motvillig begynt å bekymra seg over talet sitt, mens Ian (22) meiner at høg «bodycount» betyr høg status for mange menn.

Emilie Hudø (22) sit på ein kafe i Oslo og drikk ein kopp med svart kaffi. Den blå naglelakken som har halvvegs flaka av neglene, matchar det korte håret.

Tromsøværingen beskriv seg sjølv som «ein person som generelt ikkje bryr seg så mykje om kva andre tenker».

Men i det siste har dette endra seg når det kjem til ein ting:

Antal sexpartnarar.  

– Eg elskar å bli kjent med nye folk og å utforska sex med ulike menneske, så eg ville ikkje vera utan erfaringa eg har av min «bodycount», fortel ho.

Bodycount = kor mange ein har hatt sex med.

Det som før var eit tal fritt for skam, har i det siste begynt å bli noko Emilie tenker meir og meir på, sjølv om ho eigentleg ikkje vil det.

– Gammaldags syn

Eg er redd for å bli oppfatta som «laus» av menn eg deitar. Når eg startar ein ny deitingrelasjon, så har eg tendens til å lyga talet litt ned til å begynne med, i redsel for at det blir sånn «åh, det er såpass mange, ja».

Men Emilie har aldri faktisk fått denne typen reaksjon frå ein fyr.

Og når venninnegjengen tar opp temaet, er det alltid med ein kødden tone, noko ho synest er frigjerande.

Emilie ser ned på mobilen sin, konsentrert.
UKLART: Emilie skjønar ikkje kvifor det skal vera noko fokus på andre sin «bodycount». Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Det er på sosiale medium at presset har komme snikande på Emilie.

– På TikTok og Instagram er det mykje snakk om at ein, spesielt kvinner, skal ha hatt sex med så få som mogleg. Det er eit litt gammaldags syn, og eg opplever at det er meir fokus på det no, seier ho og legg til at ho aldri var bekymra for bodycounten sin før:

– For meg er det ganske nytt at eg tenker på det i det hele tatt.

  • Alltid hatt liggeliste, men så begynte jeg å bli veldig bevisst på det fordi jeg syns det ble mange, så jeg slettet den! Skal ikke la antal sexpartnere styre om jeg skal ligge med nye folk eller ikke. Kvinne, 25.
  • Angrer ikke på bodycounten, men tror ikke jeg ville ha ligget med alle de om jeg kunne starte på nytt igjen. Får høre at «jaja, du ligger med alle» og det er ikke like kult bestandig. Kvinne, 26.
  • Jeg synest ikke det er noe flaut å si hvor mange jer har hatt sex med til min vennegjeng eller til folk jeg dater. For å være ærlig så har jeg ikke tellingen. Kvinner, 31
  • Når jeg er med venner er jeg ikke flau over liggelisten min. Liggene har hver sin gode historie og det er bare gøy! Men når lillebror sier at det er ekkelt med jenter som har ligget med flere enn 10 føler jeg meg dum. TikTok er heller ingen hjelp. Alt blir bedre når jeg er tilbake i vennegjengen og det ikke er noen skam. Kvinner, 20
  • Jeg angrer på hvor mange jer har hatt sex med fordi jeg har blitt fortalt så mye forskjellig. Som at ingen kommer til å elske meg med tanke på hvor mange jeg har ligget med. Eller at de kaller meg hore bak ryggen min, eller sender meg snap fordi de tror jeg kommer til å ligge med dem. Kvinne
  • I dagens datingmiljø jan vi ikke gå og skamme oss over bodycounten. På grunn av datingapper og sosiale medier har de fleste av oss blitt ute av stand til å skape meningsfulle bånd. Bodycounten blir høy selv når man ikke vil det selv.

På TikTok er bodycount eit tema som blir prata mykje om, og slik har det vore ei god stund.

Ein kan sjå folk på gata bli spurde om kor mange dei har hatt sex med, eller forklaringsvideoar på «kva bodycounten seier om deg».

Eller ein kan sjå forskjellige influensarar forklara kvifor dei meiner at kvinner med høg bodycount blir sett annleis på enn menn med høg bodycount.

Dette med at kvinner blir vurdert annleis enn menn, er også noko som Emilie har lagt merke til.

– Eg opplever at det ikkje er det same presset for menn. Der er det gjerne jo høgare, jo betre. Som er litt synd, forklarar ho.

Det er Ian Berglund (22) einig i.

Kongen på haugen

Mens nokre kvinner kan kjenna på eit press på å ha hatt sex med så få som mogeleg, meiner Ian frå Tromsø at presset går andre vegen for menn.

– Om du har høg bodycount, er du ein mann av god kvalitet. Om du har låg eller null, så er du ein tapar. Også det å kunne få seg kjærast, som mann, har nesten blitt ein trend eller ein ting for å visa status. Sånn var det ikkje før i tida, trur han.

Ian ser alvorleg inn i kamera. Han har brune auger og lysebrunt hår. Det er langt på toppen og sett opp i ein hestehale og kort på sidene. Han har på seg ein svart singlet.
OPPTAR FOLK: Ian føler at bodycount ofte blir tatt opp på fest og når ein heng med vennar. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Også han har lagt merke til dobbeltmoralen som Emilie føler på.

– Det er jo mange gutar som meiner at jenter med høg bodycount har mangel på sjølvrespekt, er skitne eller ikkje har helt kontroll. Mitt inntrykk er at gutar som bryr seg om kor høg bodycounten til jentene er, er veldig usikre på seg sjølve, meiner Ian.

22-åringen trur at det er meir fokus på sex og forhold no, enn det var for 20–40 år sidan. Det trur han heng saman med korleis generasjon Z har vakse opp.

– Før gjekk barndommen og ungdomstida til dei fleste ut på å vera sosial med folk. Men sosiale medium og gaming har fått ein heil generasjon til å sitta inne og ikkje læra seg å vera sosial, påstår han.

Ian meiner at dette har ført til meir einsemd og dårlegare sosiale eigenskapar.

Ian sit på eit treningsstudio på ein treningsbenk. Han lener seg fram og kviler armane på beina, og i hendene har ein ein telefon som han stirar på.
HYPE: Influensarar som sel «slik får du deg dame»-kurs er med på å forsterke trenden om at det å ha kjærast er status, meiner Ian. Foto: Runar Lindseth

Ifølge han er det mange gutar som ikkje veit korleis dei skal snakka med jenter. Samstundes føler dei eit press på å vera flinke til å flørta og ha mange partnarar.

Dette skapar usikkerheit og ein skrytekultur, meiner tromsøværingen.

– Dersom du har høgast bodycount i gutegjengen, er du plutseleg kongen på haugen og betre enn alle andre, på ein måte.

  • Mye mulig det er en kjønnsdimensjon her, men jeg er en mass som skammer meg null og niks over hvor mange jeg har ligget med. Mann.
  • Før var jeg opptatt av å få tallet til å gå opp. Nå som det har passert 50 stykker i en alder av 24 synest jeg ikke det er like stas lengre. Jeg tror det vil gi folk inntrykk av at jeg er «løs» eller mer sannsynlig til å være utro. Mann, 24
  • Jeg deler åpsent om alt til gutta, men det hender jeg lyver om det hvis jeg feks. er på fest med jenter jeg aldri har møtt før. Hvis jeg skal prøve å få meg noe så er det lettere om man sier at man har ligget med 5–10 jenter. Mann, 23
  • Jeg skulle ønske at bodycounten min var mye lavere og ville heller ventet på «den rette». Synest det er vanskelig å gå inn i et forhold fordi jenta vil tenke at jeg er en fuckboy. Dette er noe jeg ofte tenker på.
  • Når det kommer til min liggeliste er det ikke noe jeg reklamerer med til venner, bekjente eller fremmede, men det er ikke noe jeg skammer meg over heller. Mann, 25

Ian innrømmer at dette også gjaldt han sjølv då han var yngre, for eksempel då temaet kom opp i folkehøgskule-klassen til Ian for nokre år sidan.

– Min var tydelegvis den høgste av alle. Eg vart litt cocky av det, det skal eg vera ærleg om. Men eg var litt usikker på meg sjølv på den tida, forklarar Ian.

Ofte ein snakkis

At det blir snakka mykje om antal sexpartnarar, er ikkje noko nytt.

Ifølge Petter Winther-Brose kjem dette tema opp jamleg når ein ser tilbake på historia. Han er vernepleiar og spesialist i sexologisk rådgjeving (NACS).

– På 1990 og 2000-talet var det veldig fokus på dette med bodycount, forklarar han.

Petter har kort, krøllete gyldent hår. Han har raudleg, kort skjegg og briller. Han smiler forsiktig og ser rett i kamera. Han har fleire sølvpercingar i øyrene, sjøgrøn gensar og ei fora dongerijakke.
TIKTOK-KAMMER: Petter Winther-Brose trur at TikTok fort blir eit ekkokammer når det kjem til ulike haldningar. Foto: Marit Eide, NRK P3

Rollefigurar som Samantha i «Sex and the city» fekk kvinner til å eiga seksualiteten sin rundt tusenårsskiftet.

Samtidig var meininga om at seksuelt aktive kvinner er «lause» mens menn er «heltar» også utbreidd på denne tida.

– Desse førestillingane bygger på mytar som jomfruhinne og at du blir lausare i skjeden jo fleire sexpartnarar du har. Grunnen til at me ser ein del av det no igjen hos ungdom, er jo nok ein gong eit bevis på for dårleg seksualundervisning, meiner sexologen.

STUDIE AVKREFTAR MYTE

I fjor publiserte NTNU ein studie som blant anna undersøkte myten om at kvinner som har hatt sex med mange, blir oppfatta som «lette på tråden», mens menn som har sex med mange, blir oppfatta som ein «helt». Det er ein såkalla dobbeltstandard.

Over 900 norske heterofile studentar svarte på spørsmål om kva dei tenker om blant anna sjalusi, utruskap og antal sexpartnarar.

Resultatet viste at folk er meir liberale enn antatt.

I val av langvarig partnar fant ikkje forskarane nokon dobbeltstandard.

Men når det var snakk om ein «one night stand», vart menn med mange partnarar sette på som mindre attraktive enn ei kvinne med mange partnarar. Altså omvendt av det mange trur.

Det var NRK Trøndelag som fyrst omtala studien.

Sjølv om det kan verke som om «alle» har sterke meiningar om bodycount, minner sexologen om at dei fleste i samfunnet ligg meir på midten av meiningsskalaen.

– Om det er ein overvekt av TikTok-videoar som seier at bodycount betyr dette og dette, så er det veldig enkelt å tenka at det er lik sant, i staden for å kjenna på sine eigne meiningar.

Winther-Brose minner om at sjølv om bodycount er i vinden no, så kan det endra seg fort.

– Det er ikkje lenge sidan det heller var fokus på sexpositivisme og «empowerment».

– Målet mitt er å gi faen

På kafeen i Oslo tar Emilie ein slurk av kaffien, mens ho kikkar ut vindauga.

Ho synest at dette med antal partnarar er vanskeleg. På ei side skulle ho ønskt at ho berre hadde hatt sex med fem personar, samstundes som ho ikkje angrar på dei ho har lege med.

Ein dramatisk skugge og blitz rammar inn ansiktet til Emilie. Ho har vridd seg rundt for å sjå inn i kamera, mens ho held rundt kaffekoppen sin. Ho sit inne på kafe og det er grått vinterlandskap utanfor vindauga.
UEINIG: Emilie trur at det er dei Andrew Tate-aktige influensarane som har farga bodycount-debatten. Sjølv prøver ho å styra unna slike profilar. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3 

– I utgangspunktet burde det jo ikkje ha noko å seia. Eg synest jo det er ganske gammaldagse meiningar som me ikkje burde ha i dag, men eg merker at eg blir litt farga av presset, fortel Emilie.

Om du føler på skam knytt til bodycount, anbefaler sexolog Winther-Brose at du kjenner etter på kva som er rett for deg. Og prøv å ikkje bry deg for mykje om det som blir sagt på sosiale medium.

– For til sjuande og sist er det jo du som skal forhalda deg til deg sjølv og vera fornøgd med ditt liv. Og det finst ingen fasit på kva som er for mange eller for få sexpartnarar, eller for mykje og for lite sex, fortel han.

Om du synest det er vanskeleg å vera saman med folk som har hatt mange kjærastar eller sexpartnarar, kan det vera lurt å reflektera rundt det.

– Det ikkje den personen som synest det er utfordrande, det er jo deg, og da må du gå inn i deg sjølv og kjenna på kva som er utfordrande, rår sexologen.

Emilie ler mens ho held eine handa opp mot munnen sin. Ho har ein kaffekopp i eine handa og biletet er tatt utantifrå og inn på ein kafe der ho sit.
LIKER IKKJE ORDET «BODYCOUNT»: – Eg er kanskje litt gammaldags, men eg er ikkje så glad i sånne nye ord, fortel 22-åringen. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Emilie trur at løysinga er å snu tankegangen og prøva å legga frå seg presset rundt bodycount.

– Ein får tenka at ein er ei historie og ei erfaring rikare, men at det burde ikkje vera meir enn det, eigentleg. Eg trur det «mindsettet» bør snu kollektivt, då.

For å få ei haldningsendring i samfunnet trur Emilie at fleire sterke motstemmer må stå imot desse haldningane som ho ser på som gammaldagse.

Og sjølv skal ho jobba for å stå imot presset.

– Målet mitt er å gi faen rundt akkurat kor mange det er. Eg vil heller tenka på kven dei er, og at det er nokon som behandlar meg bra. Det er eigentleg det som er viktig for meg!

Hei!

Så kjekt at du las heilt ned hit. Tidlegare har eg fortalt historia om Styrk som vart redda av ekstremsport, om TikTok-influensaren Lovise som vart mamma då ho var 16, og Magnus som har valt ei unik retning i livet.

Har du tips til spanande unge menneske eller tema du meiner eg bør skriva om?

Send meg gjerne eit tips til marit.eide@nrk.no!

MEIR OM KJÆRLEIK OG DATING:

Siste fra P3.no: