nrk.no

Kvifor lyg Eirik (25) om kva han åt til frukost?

Små, store, kvite, uskyldige, alvorlege. Dette er grunnane til at me lyg litt kvar dag.

La oss vera ærlege.

Me kan alle overdriva ein historie innimellom eller lyga litt for moro skuld. Me tyr til kvite løgner, og nokon lyg kanskje før dei rekk å tenka seg om.

Dei fleste av oss er faktisk skuldinge i å lyga eit par gonger kvar dag, viser amerikansk forsking.

Eirik mistenker at han lyg litt meir enn den gjennomsnittlege Ola Nordmann, men til gjengjeld held han løgnene på eit relativt uskyldig nivå.

Spritar opp festen med lyging

For eksempel: Eirik elskar å lyga til framande på fest. Han kan presentera seg sjølv som Welhaven berre for å sjå om folk reagerer. Det gjer dei ikkje.

25-åringen kan seia at han studerer samfunnsøkonomi, sjølv om han eigentleg skriv masteroppgåve om kunstig intelligens.

Han kan også gå inn i ein eigen karakter som han prøver å halda så lenge han kan.

Kvifor? Jo, fordi han synest det er «gørr kjedeleg med inkjeseiande samtaler».

– Det er berre for adrenalinet si skuld. Det handlar ikkje om å lyga til meg ting eller å lura med meg folk heim, det er berre små samtalar her og der på byen. Då kan eg lyga litt, hevdar han.

Faktisk, så kan Eirik si lyging delast inn i fire kategoriar.

Kategori ein: lyging for moro skuld

Fram til no har festlygekarrieren til Eirik rulla og gått utan nemneverdige konsekvensar – utanom ei hending for eit par år sidan, lenge før det braut ut krig i Europa.

Eirik sit aleine i ein brun skinnsofa på ein brun pub. Det er mørkt rundt han, men blitzen frå kamera lyser han opp. Eirik har på seg ei mørk bukse og og ei rosa hawaii-skjorte utanpå den svarte t-skjorta. Han har ein øl i eine handa og gestikulerar med den andre. Han har eit artig uttrykk på ansiktet, som om han er midt i ein gøyal historie.
DEN ULTIMATE LØGNA: Eirik har ein draum om å lyga på seg jusstudium framfor ein jusstudent, for så å sjå om han kjem seg unna med å diskutera faga dei liksom har hatt. Foto: Frida Wattne Lindland, NRK P3

Då sa Eirik til ein framand at han jobba som grensevakt i Finnmark. Han har aldri vore i militæret og tenkte berre at det var ein gøy ting å seia.

– Men så spanderte fyren ein øl på meg fordi han syntest at eg var så modig. Eg ønsker ikkje å oppnå noko med det, anna enn å ha det litt moro, så den ølen kom med ein liten bismak.

Fordi Eirik generelt er litt redd for å få kjeft, våga han ikkje å seia til fyren at han eigentleg ikkje fortente ølen. Denne hendinga vart nærmast ein lærepenge for hobbylygaren.

– Eg prøver å styra unna å skryta på meg bragder eller heltestatus – hevdar han.

Kvifor lyg me?

Christina H. Arnesen er psykolog ved Lian & Fjell. Ho kan fortelja at mennesket sannsynlegvis begynte å lyga med ord så fort me begynte å snakka.

– Å lyga er ei ferdigheit me lærer oss fordi det er nødvendig. Det er heilt vanleg at ein lyg ein til to gonger om dagen på sånne småting, fordi då glir relasjonane litt lettare, på ein måte, fortel ho.

Me fortel kvite løgner for å vera greie med oss sjølve, men også med andre. Dette gjer me for å vareta vårt eige og andre sitt sjølvbilde.

For eksempel kan me gi nokon eit kompliment som me eigentleg ikkje står heilt inne for, eller overdriva vår eigen historie rundt lunsjbordet for å verka litt meir spennande.

– Desse løgnene er innanfor det som er rimeleg, og så veit me med oss sjølve at det er ei viss sanning i det. Det er ikkje dratt heilt ut av ingenting.

Christina sit ved eit lyst eikebor. Ho har på seg ein svart høghalsa gensar, dongeribukse og halvlangt brunt hår. ho smiler og har samanfletta hender. Bak ho er ei stor monsteraplante.
LYGING STRESSAR OSS: Psykolog Christina H. Arnesen fortel at når me lyg, så begynner me å sveitta, hjarta bankar fortare, og kroppen skil ut masse adrenalin. Men det er ulikt kor ubehageleg me synest det er. Foto: Linn Kristine Byre Johansen

Men sjølv om det er innanfor å komma med eit par kvite løgner i kvardagen, understrekar psykologen at det er ei grense for kor mykje lyging som er akseptert.

– Heile vårt sosiale samfunn er basert på tillit, så dersom alle skal vera redde for at andre lyg, kan me ikkje stola på kvarandre. Me justerer nok litt på sanninga alle saman, men når ein begynner å justera ut over det som er normalt, begynner det å bli meir problematisk, meiner ho.  

Eirik er nok ikkje åleine om å synest at det er artig å lyga litt om seg sjølv på fest. Men kvifor gjer me det eigentleg?

– Det er eit sosialt overtak og ei slags form for dominans, om at du veit noko som den andre ikkje veit.

Ho drar også fram at dersom ein lyg mykje om seg sjølv, kan det vera at ein slit litt med sjølvtillitten eller sjølvbildet, og derfor ønsker å gjera seg sjølv meir spennande i andre sine auge.

Eller så kan det vera at ein får eit kick ut av å spela ein annan karakter – litt slik som skodespelarane får på scena.

Sjølv om Eirik synest det er gøy å lyga til framande på byen, har han eit slags moralsk kompass i det heile:

Han skal halda seg til konsekvensfrie usanningar, og han lyg ikkje med overlegg til vennar, kjenningar eller folk han trur han vil møta igjen.

– Då vil eg jo oppfattast som ekte. Eg liker jo å tru at eg er til å stola på, og at eg stort sett er ærleg og sånn.

Men det er han faktisk ikkje. Eller, i alle fall ikkje når det kjem til heilt ubetydelege ting.

Kategori to: den ufrivillige lyginga

For Eirik lyg rett som det er til vennar og familie.

– Det er på ein måte to delar av meg som lyg. Den eine er med vilje, der eg har det morosamt på byen rundt framande. Den andre delen av meg er meir ufrivillig, der eg tar meg sjølv i det i ettertid, forklarar 25-åringen.

Eirik fortel at dersom nokon spør om kva han åt til frukost, så kan han finna på å svara eggerøre.

Men sanninga er at han faktisk ikkje har ete frukost denne dagen.

– Ein liten del av meg føler at eg skuffar dei dersom eg ikkje har ete frukost. Det er nesten eit mini-panikkanfall der eg blir skikkeleg stressa og berre svarar. Eg lyg, og så innser eg at eg laug, meiner han.

Eirik ser alvorleg inn i kamera. Utsnittet er tett på. Sola er på veg ned bak han, så huda hans har ein orange glød. Han er lys blond, har bart og briller. Han har ei open dongerijakke, og eit rutete skjerf rundt halsen.
BARNDOMSARVEN: Som liten laug Eirik for det meste om at han hadde ete opp nista si. Det slutta han aldri heilt med. Foto: Marit Eide, NRK P3

– Eg sit aldri igjen med ein god følelse etter å ha gjort det.

Eirik veit at ingen bryr seg om han har ete frukost eller ikkje. Så kvifor i alle dagar plumpar han ut med slike uviktige løgner?

– Det er nok ei frykt for ein større diskusjon. Eg orkar ikkje diskutera kvifor eg ikkje åt frukost. Det er nok ei vidareføring av at alle barn lyg litt, dei er veldig redde for å få kjeft og sånt. Det er nok den delen av meg som framleis er redd for å få kjeft, forklarar han og legg til at han ikkje har fått særleg mykje kjeft i oppveksten.

Psykolog Arnesen fortel at frykta for konflikt eller straff er ein av dei vanlegaste grunnane til at me lyg.

– Barn av kritiske foreldre lyg mykje fordi dei er vane med at dei må lyga for å sleppa unna straff. Det er vanskeleg å rista av seg dersom du er van med å lyga mykje når du blir vaksen.

Allereie frå treårsalderen lærer me oss å lyga, og etter kvart som hjernen utviklar seg, blir me stadig betre og meir utspekulerte i lyginga vår, fortel Arnesen.

TIPS TIL DEG SOM VIL STOPPA DEG SJØLV I IMPULSIV LYGING

TRIGGAREN:

Finn ut kva som triggar lyginga. Er det ein følelse av at du vil unngå ein konflikt eller at du er redd for å få kjeft?

Tenk: Kva så om det blir konflikt? Finn ut korleis du kan stå i konflikten og seia sanninga.

BESTEM DEG:

Bestem deg på ekte for at dette vil du slutte med og lag ei liste med grunnane til at du ønsker å slutta.

ØV PÅ DET:

Øv på å stå i det og å trekka impulsive løgner tilbake ved å seia: «Det eg sa der, var ikkje heilt rett.» Etter kvart vil det komma meir naturleg, og du vil greia å stoppa deg sjølv, før du seier det. 

FÅ HJELP:

Innrøm til nokon du stolar på at du har ein tendens til å lyga. Dersom nokon andre veit om det, er det lettare å korrigera seg sjølv når ein plumpar ut med ei løgn.

DERSOM DU HAR VIKLA DEG INN I EI LØGN:

Det beste er å vera ærleg og seia at du berre fann på det du har sagt. Jo meir du viklar deg inn i ei løgn, jo vanskelegare blir det å halda fram med ho. Dersom det er for tøft å innrømma at du laug, kan du prøva å avslutta løgna – runda ho av på ein måte.

Kjelde: Christina Arnesen, psykolog

Kategori tre: den ubetydelege oppjusteringsløgna

Eirik lyg ikkje berre ufrivillig eller til framande på fest. Han gjer det også for å bli oppfatta litt meir interessant.

Og når eg skriv litt, meiner eg litt.

For eksempel kan han fortelja vennane sine at han har vore tre gonger til London, når han faktisk berre har vore der to.

– Eg veit ikkje heilt kvifor, men akkurat der og då får eg ein enorm trong til å seia at eg har gjort det ein ekstra gong. Det er definitivt eit ønske om å bli sett på som litt meir interessant, men det er heilt irrasjonelt og dustete.  

Ifølgje psykolog Arnesen er Eirik langt frå åleine om å gjera dette her.

– Det er veldig vanleg og er ein av grunnane til at folk flest lyg, forklarar ho.

Kategori fire: den kvite løgna

Og så har me den fjerde og siste løgnkategorien som Eirik er skuldig i: den kvite løgna.

Altså, løgnene Eirik fortel med overlegg.

Ikkje for moro skuld, ikkje fordi han får panikk eller vil oppfattast som ein litt meir spennande fyr overfor vennar og familie, men fordi han meiner det er det beste alternativet.

Eirik er stor fan av dette konseptet og nyttar seg av det ofte, med godt samvit.

Eirik sit i eit hjørna på den brune puben. Han ser alvorleg i kamera og har hendene ned langs sida i skinnbenken. Framfor han står eit glas med øl.
ØNSKER ENDRING: Den siste tida har Eirik prøvd å seia: «No sa eg noko som ikkje var heilt riktig», når han plumpar ut med ei ufrivillig løgn. Foto: Frida Wattne Lindland, NRK P3

– Kvite løgner synest eg er ein kjempeting, eigentleg! Dersom ein større vennegjeng har bestemt seg for å dra ut, og eg merkar at eg ikkje orkar, så seier eg berre at noko dukka opp. Det skadar absolutt ingen, påstår 25-åringen.

Eirik er ikkje aleine om å vera fan av kvite løgner. Den amerikanske forskinga viser at 90 prosent av løgnene me fortel i kvardagen, er av denne sorten.

For kven vågar vel å vera ærleg på at gåva du akkurat pakka opp, kjem til å hamna rett i regifting-haugen?

Kort sagt, så har ikkje Eirik tenkt til å stoppa med lyginga – utanom den ufrivillige. Og der har han allereie begynt å ta grep, ved å innrømma det med ein gong, dersom han seier noko usant.

– Korleis kan eg vita at eg kan stola på noko av det du har sagt under dette intervjuet? 

– Hehe, ehm, godt spørsmål … Det er det med at det skal vera konsekvensfritt, så eg ville ikkje ha loge meg fram til ei sak hjå NRK. Det er ikkje min stil, seier han, ler godt og legg til litt meir alvorleg:

– Eg vil understreka at eg eigentleg er ein ærleg fyr. Eg ville aldri ha loge på CV eller i jobbintervju, for eksempel.

Så får me vel berre stola på det, då.

LES MEIR FRÅ P3.NO:


Siste fra P3.no: