nrk.no
USJENERT: Aurora er kjent for sin unike stil på scena. Foto: Patrick da Silva Sæther, NRK

Måtte ta pause etter debutåret: – Eg var nær å slutte

Aurora var prega av sosial angst og ein kvardag som sleit henne ut.

I august stod Aurora på scena framfor eit fullstappa festival-publikum. Tidlegare dette året hadde 26-åringen gitt ut sitt tredje album, til gode kritikkar, og spelt tallause konsertar rundt om i verda. No skulle ho avslutte den populære Øya-festivalen.

Plutseleg høyrde ein rop frå publikum, som etter kvart fekk ho til å stoppe opp midt i ein låt. Ein publikummar hadde svima av.

– Det skjer av og til på mine konsertar, forklarar Aurora.

Publikum var oppteken av personen som hadde svima av og sikkerheitsvaktene som strøymde til. Men dei fekk ikkje halde konsentrasjonen sin borte frå scena i mange sekund.

Aurora står foran en solform og synger i en mikrofon. Ved siden av henne er det flere dansere som sitter nede,
ØYA: I sommar avslutta Aurora Oslo-festivalen. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Aurora gjekk no i gong med å improvisere, og dirigerte publikum til å nynne med på favorittakkorden hennar. Da akkorden var over og personen teken hand om, var publikum fullt fokusert på konserten, som ho starta i gang igjen som om det var det mest naturlege i verda.

Hendinga blei trekt fram som eit høgdepunkt, då konserten seinare fekk terningkast seks.

Etter ein slik situasjon kan ein fort tru at artisten frå Os er fødd til å stå på ei scene. Men hadde dette skjedd for nokre år sidan, ville vi truleg sett ein meir usikker Aurora.

Ei kjensle av mindre heilhjarta låtar

Aurora gav ut sin mest spelte låt «Runaway» i 2015. På scena hadde ho rørsler som såg ut som dei kom frå ein stad langt inni henne. Ho blei løfta opp av kritikarar, og da det første albumet hennar kom, fekk mange sansen for den 19 år gamle artisten.

Likevel var ikkje alle like slått i bakken av dette albumet. Ein av dei var Aurora sjølv.

Aurora sitt i ein gull-sofa og ser inn i kamera. Bak henne er det logoar frå P3-Gull. Ho har på seg ein singlet, og ei jakke som heng heilt nede ved olbogane. Ho har kort lyst hår og raud leppestift.
«P3 GULL» 2015: Ein 19 år gammal Aurora framførte «Running with the Wolves». Foto: NRK P3

Musikkmeldar Sandeep Singh gav i 2016 ein trear på «All My Demons Greeting Me As A Friend», noko som stod i kontrast med all hyllesta ho fekk elles.

– Alle heia jo på Aurora. Men eg fekk ei kjensle av at ikkje alle låtane hennar var like heilhjarta, seier Sandeep.

Han synest ho på sitt beste klarte å male store bilete og gjekk i eitt med lydlandskapet. Dette meiner musikkmeldaren artisten ikkje alltid fekk til i dette albumet.

– Nokre av låtane verka som dei var laga for berre å vere poplåtar. Kanskje litt motvillig?

– Ein gamaldags måte å tenke på

Under arbeidet med hennar første «barn», som Aurora kallar albuma sine, var det folk rundt henne som sa at ho måtte lage låtar som eigna seg til radio.

– Det er ein gamaldags måte å tenke på, og kanskje ikkje like viktig i Aurora sin generasjon. Men skulle ein gi ut ei plate, måtte ein ha den eine «poppa» singlen, forklarer Sandeep.

Han trekkjer fram artistar som Arif og Karpe, som også har vore «offer» for dette.

– Som ung artist er ein kanskje spesielt oppteken av å høyre på dei eldre og meir erfarne i bransjen. Eg er imponert over at ho hadde ein så sterk visjon på det ho slapp før debutalbumet, skryt Sandeep.

Aurora likte det ikkje, men gav likevel etter, og hiten «Conqueror» blei fødd. Denne låten tok både norske og utanlandske radiostasjonar med storm. Men på konsertar var ikkje Aurora villig til å spele han.

– Teksta vart ikkje slik eg ville ha henne. Eg hadde ikkje meir pengar til å vere i studio, og vi hadde eit strengt tidsskjema. Så vi måtte berre få han ut, seier Aurora.

Aurora og manageren Geir sitt i ein grå sofa. Geir har å seg svarte briller, grøn bukse og kvit skjorte. Han har ein PC ved sidan av seg i sofaen, og held på å med å skrive på den. Aurora, som har på seg ein grøn og kvit kjole, sitt på andre sida av Geir, og strekker seg over han for å nå PC-en.
PÅ TURNÉ: Bilde frå dokumentaren «En gang Aurora» på NRK TV. Her er ho saman med daverande manager Geir Luedy. Foto: Stian Servoss

– Eg synest det var rart at folk såg på kunsten min som ein jobb. Det tok lang tid for meg å forstå.

Måtte spy etter å ha blitt kjent att

Etter at det førstefødde «barnet» hennar var ute i verda, skulle Aurora rett på turné.

– Eg er jo veldig introvert, og har slite mykje med sosial angst. Angsten er ikkje så gale no lenger, han roa seg mykje under pandemien, seier ho.

Aurora smiler. Ho har kort lyst hår med pannelugg, og har på seg ein kvit topp. Ho har eit perlekjede på seg.
INTROVERT: Sosial angst har tidlegare prega den 26 år gamle artisten. Foto: Patrick da Silva Sæther

Osingen fortel at det ikkje er mykje ho er redd for, men at menneske var noko av det som var spesielt skummelt i starten.

– Eg hugsar første gong eg blei kjent att i offentlegheita. Eg måtte inn på toalettet og spy etterpå.

No er det derimot sjeldan Aurora møter nokon som ikkje veit kven ho er.

– Eg møtte ein mann på pub i går som ikkje visste kven eg var. Det er gøy når det skjer, fordi det er som å starte med blanke ark, seier ho.

Men det var ikkje berre menneska som gjorde den første turnéen spesielt vanskeleg for den unge artisten.

Inspirerte ein av verdas største artistar

Det første året var Aurora på turné i over 300 dagar, og hadde til saman over 4000 reisetimar.

– Eg var mykje sjuk, og vi måtte reise billig og dele rom.

Denne livsstilen gjorde at den unge vestlendingen til slutt reiste heim til Os.

– Da var eg nær å slutte som artist. Eg var overarbeidd, fortel ho.

Etter det første året hennar, tok Aurora ein pause eit halvt år.

– Eg er veldig flink til å pushe meg sjølv, sjølv om eg treng pause. Det er fordi eg elskar det eg driv med.

Da ho ikkje kunne stå inne for låtar som blei gitt ut, var det ekstra vondt for henne å halde fram.

Heldigvis valde ho å fortsette med musikken og gav ut sitt neste «barn» to år etter det første. Aurora hadde nemleg vore til stor inspirasjon for mange. Ein av dei har no blitt ein av verdas største artistar.

– Da eg såg musikkvideoen til «Runaway» på sengekanten som tolvåring, skjønte eg for første gong at det var dette eg ville, seier den 20-årige Billie Eilish.

Den amerikanske artisten fortel at ho er svært inspirert og takksam for Aurora og musikken hennar.

– Eg kjem alltid til å sette pris på deg og elske deg for å ha gitt meg den første kjensla av kva eg vil gjere. Det var fordi du fekk det til å sjå fantastisk ut. Så takk.

Ei eiga spirituell oppleving

Slik som den uventa situasjonen Aurora måtte handtere på Øya, fekk ho også noko å forhalde seg til under ein konsert ho heldt førre laurdag, 26. november. Da blei ho nemleg avbroten med ei hyggeleg overrasking.

– Visste dykk dette heile tida? spurde ho publikum, etter at dei to programleiarane hadde lese opp juryen si grunngjeving for «P3-prisen» 2022.

Eit engasjert Sentrum scene viste ikkje det minste tvil om kva dei syntest om utdelinga.

– For the english people in the crowd: This is something I do every show now. So I feel important, vrøvla ho, til høglydt latter og trampeklapp.

Venninnene Amanda Genz (21) og Tiril Tønseth (21) var to av dei som tok turen for å sjå Aurora den kvelden. Dei har følgt med på henne frå tidleg i karrieren hennar.

– Ho er jo ei eiga spirituell oppleving. På alle andre konsertar må eg varme opp og ha det gøy og sånn, men her kan eg berre møte opp og la henne ta heilt over, seier Tiril.

Dette er venninna einig i og set pris på den unike stilen ho har.

– Ho er liksom litt annleis, forklarer ho.

To jenter med brunt hår smiler til kamera. Hei står med menneske bak seg. Det er eit svakt belyst rom med blått lys lenger bak seg.
KONSERT PÅ SENTRUM SCENE: Amanda Genz og Tiril Tønseth er klare for å la Aurora ta over. Foto: Patrick da Silva Sæther, NRK

– Eg vil lage det vakraste albumet i verda

No har ikkje 26-åringen noko problem med å høyre på sitt første album, og er til og med open for å spele «Conqueror» på konsert igjen.

– Eg var svært oppteken av små detaljar i mitt første «barn». No er eg meir leiken. Men det må nok bli for eit norsk publikum om eg skal spele han igjen, seier Aurora, medan ho ser tankefullt ut i rommet.

Aurora hoppar og dansar på scena. Ho har på seg ei kvit todelt drakt. det er to damer med svarte klede bak henne med kvart sitt instrument. det er også ein mann med svarte klede bak henne.
LEIKEN: No er Aurora mindre oppteken av å lage perfekt musikk, men heller musikk med eit bodskap. Foto: Patrick da Silva Sæther, NRK

Ho er ikkje nødvendigvis heilt fornøgd med alt som blir gitt ut, men står inne for det.

– Eg elskar det eg lagar på mine premissar. Det er barna mine, og dei treng ikkje vere perfekte.

Aurora avslører at ho har eit spesielt mål med musikken sin.

– Eg vil lage det vakraste albumet i verda. Det har eg ikkje gjort enda, men det kjem til å kome mange fleire album i framtida.

Journalist: Marie Blindheim
Illustrasjoner: Veronica Falsen Hiis og Tom Øverlie

Meir om «P3 Gull»:

Siste fra P3.no: