Bilde av skribenten, Camilla, på en hest. I bakgrunnen ser du en stor foss i et frodig landskap.
OPPGITT: Camilla (17) driv med hest. No er ho lei av å få ekle og stygge kommentarar. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3
MEINING:

– Kvifor må eg få ekle kommentarar fordi eg er ei hestejente?

Foto:
Camilla Sande Nielsen (17)Hestejente
Publisert 17.10.22 08:00 / Oppdatert 23.10.23 20:55

Camilla kjem frå Kinn, men går for tida på hestelinja ved Mo og Øyrane vgs. i Førde. Dette er hennar personlege meining.

Eg har halde på med hest heilt sidan eg var tre år. Mange vil nok kalle meg ei hestejente. Og hestejenter er det mange fordommar mot. Kvar dag får vi i hestemiljøet veldig spesielle spørsmål og stygge og ekle kommentarar.

No er eg lei.

Til dømes når eg fortel gutar at eg driv på med hest, er det mange som spør om eg kan ri dei. Det er jo heilt latterleg! Nokre har også sagt at det er teit å vere hestejente. Det er det ikkje noko kjekt å høyre i det heile tatt.

Bilde av Camilla sammen med hesten. Camilla smiler og har på seg en ridehjelm.

Det er også mange som ønsker å meine noko om oss hestejenter. Dei aller fleste veit ikkje noko om korleis det er å drive med hest. Til dømes seier folk at «hesten gjer all jobben» og «du er berre lat». Nokre har til og med påstått at det er dyremishandling det vi held på med.

Og eg har ikkje ord for kor mange gonger eg har høyrt folk påstå at å drive med hest ikkje er ein idrett. Men det er det, faktisk.

Det er mange som konkurrerer på høgt nivå og tener masse pengar. Då må ein ha god teknikk og vite kva hesten kan tole. Ein må også ha god balanse og kjemi med hesten. Det er tungt og slitsamt arbeid.

Det er med andre ord ikkje berre hesten som skal ha musklar og kondis. Ryttaren må også vere i god fysisk form.

Bilde av en hest. Hesten er av rasen fjording.

Eg skjønar meg ikkje på slike kommentarar. Altså, dei kan gjerne vere med i stallen og få prøve å sjå korleis det er å vere i stallen kvar dag. Det er ikkje berre hesten som gjer jobben.

Vi må lage fôr, møkke og trene hest. Vi må også passe på at hesten har det bra. Eg er ofte i stallen frå klokka sju om morgonen til ni på kvelden. På skulen har eg både praksis og teori, og eg lærer mykje om anatomien til hesten.

Det beste med å vere hestejente er likevel at eg og hesten er eit team. Vi jobbar i lag både på bakken, i vogn og på ryggen. Det bandet eg har med hesten, er så sterkt. Hesten gjer meg alltid glad, og vi forstår kvarandre.

Eg har tidlegare slite med motivasjon når eg har fått slike kommentarar. No ignorerer eg dei berre. Eg kosar meg med hestane og venene mine i stallen. Eg skal ikkje la andre folk øydelegge mi hesteglede.

Uansett så tykkjer eg at folk bør tenke seg litt om før dei seier noko som kan såre andre. Spør heller om å få bli med i stallen og sjå korleis kvardagen vår er. Då er eg sikker på at folk ville ordlagt seg annleis.

Bilde av Camilla som rir en hest over en bro. I bakgrunnen ser man nydelig norsk natur i tåkete regnvær.

Kommentarer