Alt har ein pris

P3 Spanderer ein fargesterk Veronica Maggio med «Den första är alltid gratis»

– Oi, va mycke fint!

Ein naturleg respons når ein entrar NRK sitt velkjende kostymelager – som i dag fungerar som prøverom og innspelingslokale for P3 Spanderer med Veronica Maggio.

– Alt ser liksom så kult ut når ein ser det kvar for seg, men når ein prøver alt sammen blir det gjerne litt for mykje, ler ein engasjert Veronica som allereie har fått på seg både sko, hatt og frakk i ulike nyansar av blått.

Håret er også blitt blått – inspirert av filmen «Eternal Sunshine of the Spotless Mind», ein av hennar favorittar.

Kor viktig er det med image og stil for deg?

– Det er ikkje så viktig eigentleg, men eg hadde hata om nokon andre skulle bestemt kva eg skulle ha på meg, og kva eg skulle seie. Eg toler ikkje å bli påtvinga noko eg ikkje liker. Då kan eg bli vanskeleg å ha med å gjere.

Veronica Maggio boltrar seg i Kostymelageret under opptak med P3 Spanderer. Foto: Andrew Mukuria
Veronica Maggio boltrar seg i Kostymelageret under opptak med P3 Spanderer. Foto: Andrew Mukuria

Lev sitt eige liv

Singelcoveret til "Den första är alltid gratis"
Singelcoveret til «Den första är alltid gratis»

Den nye låta «Den första är alltid gratis» er henta frå albumet med same namn som kjem i mai.

På singelcoveret ser ein artisten iført ei skinnjakke med naglar, og med tittelen malt i raudt over ryggen.

– Eg elskar å sitje og bla i fotobøker, og blei veldig interessert i gamle bilete frå 70-talet, fortel Veronica. Så bladde eg forbi eit bilete av ei skinnjakke og tenkte at eg kanskje kunne gjere noko med mi eiga jakke. Så fekk den jo sitt eige liv…

Jakka er for tida på reise rundt om i Sverige, og du kan følgje den på sin heilt eigne Instagramprofil.

Vil ikkje avløre alt

Kva handlar «Den första är alltid gratis» om?

– Den handlar om at alt har ein pris. At ein ofte forsøker å lure seg sjølv til å tru at ein kan velje ei enklare løysing, men innerst inne veit ein kva som må til.

Er det ei konkret hending som har inspirert til songen?

– Ja og nei svarar eg helst på den, hehe. Det er så keisamt å avsløre alt.

LES OGSÅ: Velkjent festmelankoli (4/6)

Veronica Maggio under opptak av P3 Spanderer. Foto: Mira Genevieve Landa
Veronica Maggio under opptak av P3 Spanderer. Foto: Mira Genevieve Landa

Sjå fleire P3 Spanderer