Kan vinne tre prisar i kveld

Nykommaren Sigrid er nominert i alle P3 Gull-kategoriane. I kveld blir det avgjort kven som stikk av med dei gjeve P3-prisane.

Laurdag 25. november er det for femte året på rad klart for P3 Gull. Prisutdelinga hyllar det norske musikkåret som har gått. Og for eit år det har vore! Det kan iallfall nykommaren Sigrid frå Ålesund skrive under på:

– Det har vore kjempegøy, og eg gleder meg veldig til året som kjem, fortel ho.

Stjerneskotet frå Ålesund har verkeleg fått fart på musikk-karrieren det siste året. Men framleis beskriv ho eit augeblikk for fire år sidan som noko av det største ho har opplevd.

– Ein gong i 2013 blei eg Ukas Urørt. På den tida hadde eg ingen ambisjonar på musikkfronten, så den greia kom verkeleg berre heilt ut av det blå, fortel ho.

Stolt

Artistar som Gabrielle, Karpe Diem og Cezinando står på lista over dei Sigrid kjempar mot i kveld. Dei to sistnevnte stakk seinast i fjor av med fleire P3 Gull-prisar.

Skulle Sigrid derimot vore dommar sjølv på P3 Gull, ville ho gått prislaus heim:

– Eg ville stemt på Gabrielle som Årets liveartist, fy faen som Årets låt, og Amanda Delara som Årets nykommer.

Ho legg ikkje skjul på at det var stort å bli nominert i heile tre kategoriar.

– Det er utruleg kult! Eg er så stolt over meg og teamet mitt. Vinn me i kveld blir det garantert feiring.

P3 Gull kan du følgje direkte på NRK1 eller P3.no klokka 20:55.

Dette er dei nominerte som kan stikke av med pris i kveld:

ÅRETS LIVEARTIST

Gabrielle
Karpe Diem
Kjartan Lauritzen
Sigrid
LÜT

ÅRETS LÅT

Linda Vidala og KingSkurkOne – “Bængshot”
Sigrid – “Don’t Kill my Vibe”
Arif – “Alene”
Hkeem og Temur – “Fy faen”
Cezinando – “Håper du har plass”

ÅRETS NYKOMMER

Hkeem
Sigrid
Kjartan Lauritzen
Amanda Delara
Linda Vidala

Sånn blir det avgjort: Årets live og Årets låt vert stemt fram av publikum. Prisen for Årets nykommer og P3-prisen vert avgjort av ein jury. Sistnevnte har ingen nominerte på førehand.

LES OGSÅ: Desse skal spele på P3 Gull | Leo og Live skal lede P3 Gull