Mikal Cronin - MCII
Terningkast 5

Først som andremann

Mikal Cronin har brukt mykje tid bak fuzz-torpedoen Ty Segall. Når han no gir ut sitt andre album på eigenhand, er det han som fortener å stå i front.

MCII
MCII bør føra til at mange får augene opp for Mikal Cronin.

Debutalbumet, Mikal Cronin, er ein av platene som har fått mest speletid i mi samling det siste halvåret, etter at eg oppdaga han og makker/bestevenn Ty Segall på slutten av fjoråret. Eg falt umiddelbart for råskapen til den litt meir kjende Ty Segall, men seinare falt eg kanskje endå meir for Mikal Cronin sin litt mjukare tolkning av fuzzete garage-pop.

Sjelden meloditeft og breial fuzz står som to grunnstøtter i musikken til Mikal Cronin, slik som det gjorde på den første plata. No har han i tillegg nytta meir tid og kapital på albumet, og det har enda med ein merkbar kvalitetsskilnad.

MCII klarar på elegant vis å få debutalbumet, Mikal Cronin, til å verka puslete og lite gjennomført. MCII varierer mellom det intense og harde, til det skjøre og rolege. MCII er rett og slett ei råfin plate, frå start til slutt.

Når Mikal Cronin i tillegg leiker seg med feler i same gata som Bob Dylan gjorde på Desire på ei låt, og hoppar over i “Baba O’ Reilly”-landskap på neste, beviser Mikal Cronin at han er ein fullverdig og variert låtsnekker på eigne bein.

Høgdepunkta er mange. Pop-bomba og singelen “Shout It Out”, galskapen i “Change”, heilt nedstrippa piano og mektig oppbygging i “Piano Mantra”. Eit par av låtene vert kanskje smått anonyme i den store samanhengen, men både tid og tankar flyt vekk medan musikken går, og det er deilig. Når gåsehuden i tillegg melder seg sterkt i avslutninga, har eg kanskje funne ein av mine nye favorittplater.

PS: Mikal Cronin speler på Øyanatt i Oslo 9. august

Anders Veberg