Hit-maskina Avicii kjem til Noreg

Den svenske EDM-kometen kjem til Findings Festival i mai.

No er det bestemt at Avicii kjem tilbake til Findings-festivalen i år, etter braksuksessen i 2014. Festivalen går av stabelen den 29. og 30. mai på Bislett Stadion i Oslo.

Strålande tilbakemeldingar

Avicii i aksjon på Brooklyn's Barclay's Center i New York (Foto: Andy Kropa/Invision/AP)
Avicii i aksjon på Brooklyn’s Barclay’s Center i New York (Foto: Andy Kropa/Invision/AP)

I fjor fekk Avicii sin konsert på Findings 2014 terningkast seks i VG.

«I et brutalt høyt og like fullt glassklart lydbilde bygger han opp, river ned og slynger alt til himmels, med bortimot samtlige 18.000 på Bislett med på heisaturen.», skreiv avisa om konserten.

Det var ei vurdering fjorårets publikum tydelegvis støtta. Findings-festivalen fekk klare tilbakemeldingar om at Avicii var den artisten som sto høgast på ønskelista for 2015. No har nettopp det ønsket gått i oppfylling.

NRK P3 trilla ein femmar på terningen og viste til Youtube som eit døme på kor populær Tim Bergling er. Singelen Wake Me Up har no over ein halv milliard visningar på nettsida.

Arrangørane av Findings er ikkje i tvil om at Avicii også kjem til å stå til forventingane også i år:

– Vi veit at han kjem til å levere eit spektakulært show og gler oss alt no, skriv dei i pressemeldinga som vart offentleggjort torsdag formiddag.

Hardtarbeidande

Avicii, eller Tim Bergling som han eigentleg heiter, har toppa hittlistene med låtar som Levels, Seek Bromance, I Could Be The One, Wake Me Up og Hey Brother. Den 25 år gamle svensken er ein av dei absolutt største namna på pop- og EDM-scena for tida.

Til dagleg bur han i Los Angeles – musikkverdas hovudstad. Ein kan nesten ikkje bu nokon anna stad når ein har så mange jobbar og samarbeidar så mykje med dei verkeleg store, som han gjer.

Madonna, Aloe Black, Chris Martin, Wyclef Jean og Matisyahu er berre nokre av namna han kan sette på CV-en.

Avicii har i snitt tatt på seg 310 oppdrag kvart år. Noko han sjølv seier er ein av dei viktigaste årsakene til den store suksessen han har hatt.

No er han kanskje den største i sin sjanger. Ein sjanger på full frammarsj inn i stovene til folk flest.