No kan han gå naken

Hawaii er no ein fristad for kjendisar som er lei paparazzi. Det skal Aerosmith-vokalisten ha æra for.

Hawaii stemte onsdag gjennom ei lov som skal verna stjernene frå slitsomme paparazzi-fotografar, og har enkelt og greitt fått namnet «The Steven Tyler Act». Lova, som gir kjendisane lov til å saksøka paparazzi som trår over privatlivets grenser, kom til verda etter at rocke-legenda vart provosert av fotografar som forstyrra han og familien under eit ferieopphald i Mauri i desember, skriv Rolling Stone.

Les meir om Aerosmith på p3.no/musikk

Kan gå rundt naken

Tyler sjølv er strålande nøgd med den nye lova si, som vart stemt gjennom av 23 av 25 representantar.

– No kan i det minste eg og Joe (Perry, red.anm) gå rundt nakne på Mauri og skriva rare sangar, seier vokalisten til Rolling Stone.

Vår anmeldar var sånn passe nøgd med Aerosmith sitt siste album: Friskt comeback frå sjukestova

Høyr albumet her:

Trøst til Bieber

Steven Tyler er ikkje åleine om å vera lei av paparazzi rundt kvart hjørne. Også hovudperson, kjerne og frontmann i den litt sære gruppa Mountain Goats, John Darnielle, er smått lei av slitsomme fotografar. Rett nok ikkje på eigne vegne.

Darnielle brukte deler av laurdagen sin på å skriva ei kort trøstelåt for Justin Bieber, som nyleg vart lagt inn på sjukehus etter kollaps på scena.

Før Darnielle sette seg ned for å skriva låta, som til no berre har fått namnet «IMG_3646», la han ut denne meldinga på Twitter.

Høyr låta til John Darnielle her: