No kan du avgjera kven som blir «Årets Urørt»

Møt artistane som skal kjempa om å bli «Årets Urørt 2020».

Kvar månad har «Urørt» vist fram ukjente band og artistar på P3 sine plattformer. Det norske folk har blitt kjent med mange nye, lovande musikarar – og no har det blitt kåra tre artistar som er vidare til finalen.

Sjå finalesendinga her!

No kan DU vera med å bestemma kven av desse tre som blir kåra til «Årets Urørt 2020»!

Høyr ein smakebit av låtane og stem øvst i artikkelen – eller på P3.no!

Men før du stemmer må du bli litt betre kjent med dei tre kandidatane.

Lotte

Lotte Kjos Sollie (24) vart kåra til «Månedens Urørt» i april, med låten «Show Me Shadows».

Foto: Jonas Tomter

24-åringen elskar merksemd, hundar og pizza. Når ho er sint identifiserer ho seg best med eit hissig lemen. Ho drøymer om å bu på alpakkagård og å eiga ein kjempestor pelshund.

Lotte vaks opp i Jessheim, i eit hus der det alltid vart spelt musikk. Farmora var ei av 50-talets store popstjerner, og no ønsker barnebarnet å overta stafettpinnen.

Men sjølv om musikk har prega heile livet hennar, var det fyrst etter ein rundtur gjennom Europa med kjærasten i 2018, at ho bestemte seg for å satsa på musikken.

– Då skjønte eg at eg berre måtte gira opp og gjera musikk i stadenfor å jobba som sjukepleiar. I alle fall prøva, sa Lotte under intervjuet med P3.

ER SEG SJØLV: Lotte meiner at det er viktig å tørre å skilja seg ut, sjølv om det innimellom kan vera skummelt. Foto: Emil Sollie

Dei siste to åra har ho gjeve ut popmusikk under artistnamnet «Lotte», samstundes som ho har jobba som sjukepleiar.

Finaleplassen har så godt som målbunde 24-åringen.

– Å vera finalist i årets «Urørt» … Det er eigentleg litt rart, for eg greier liksom ikkje heilt å beskriva kva eg føler om det. Eg blir litt sånn stum. Det betyr veldig mykje, og eg greier ikkje heilt å uttrykka kor gøy det er. 

Prosjektleiar i «Urørt», Nina Gjertsen, meiner at refrenget til Lotte si låt limer seg fast i hjernen.

– Dette er ei smittande og god poplåt som får deg til å ville gripe dagen og hoppa ut i det ukjente, sa Gjertsen i vår.

Sjekk ut Lotte sin «Urørt»-profil for å høyra meir av poppen hennar!

Raw B

Raw B (18) vart «Månadens Urørt» i juni, med låten «COLD AS ICE».

Foto: Jonas Tomter

Den unge artisten beskriv seg sjølv som optimist, turgåar og livsnytar. Ho fylgjer alltid magefølelsen, og nyt skogens ro best når ingen er der for å avbryta ho med småprat.

Som 13-åring slutta ho på skulen – utan heilt å vita kva ho skulle finna på.

– Det er viktig å visa at det finst andre vegar å gå i verda enn skule. Eg bestemte meg for å tru på meg sjølv, for det hadde eg ikkje gjort før, sa Raw B då ho vart intervjua som «Månedens Urørt» i juni.

Ho har vakse opp med reggae som lydspor. Barndomsdraumen om å bli artist blussa opp att i ungdomstida.

– Eg kom til eit punkt i livet der eg måtte finna ut kva eg hadde lyst til å driva med, og då begynte eg å lura på om det var ein plass i musikken for meg.

MAGEFØLELSEN: Raw B fylgjer alltid magefølelsen sin: – Etter at eg starta å fylgje den, har eg ikkje hatt mange dårlege dagar, sa ho til P3 i juni. Foto: Mohamud Abdirashid

Sjølv om ho for det meste held seg innanfor hiphop-sjangeren, utelukkar ho ikkje eit sjangerbyte i framtida.

– Eg kjem sikkert til å ville gjera mykje meir enn hiphop. Ta hint og element frå fleire sjangrar, og laga det til noko heilt anna kanskje.

Å bli finalist var ikkje noko Raw B trudde var mogeleg.

– Det betyr mykje as. Eg forventa ikkje det i det heile tatt, seier ho. 

Adiele Arukwe, prosjektleiar i «P3X», meiner at Raw B er unik i norsk samanheng.

– Ho lagar tidsriktig hiphop som kan nå langt utover landegrensene dersom alt blir lagt til rette for det, sa Arukwe i juni.

Sjekk ut Raw B sin «Urørt»-profil for å høyra fleire låter!

Henrik Felipe

Henrik Felipe (23) er «Månedens Urørt» frå august, med låten «BACKYARD».

Foto: Jonas Tomter

Edderkoppar er det verste han veit. Han likar tung bass, og å skru av telefonen – gjerne fleire dagar i strekk.

På barneskulen bestemte han seg for å bli rockegitarist, men etter å ha oppdaga Ed Sheeran skjønte Henrik Felipe at det var singer-songwriter han skulle bli.

Det å veksa opp i ei lita bygd som Kabelvåg har forma Henrik Felipe både som menneske og artist.

– Jo eldre eg blir, jo meir sjølvsikker blir eg på det å vera adoptert og det å skilja seg ut. Det kan eg takka musikken for – den har hjelpt meg heilt enormt, sa han til P3 i sommar. 

HEIMELAGA STUDIO: I denne ombygde brakka i skogen kjem Henrik Felipe sin musikk til livet, ved hjelp av produsent Marius «Whose Rules» Elfstedt. Foto: Eskil Olaf Vestre

Etter å ha manøvrert seg gjennom sjangerjungelen har 23-åringen landa på eit RnB-inspirert lydbilde. Uskyldige songar om blind kjærleik er byta ut med bekymringar, sex og intimitet.

– No skriv eg om ekte ting eg har opplevd, ikkje berre ting eg drøymer om.

Henrik Felipe er glad for at fleire får mogelegheita til å oppdaga musikken hans, no når han er «Urørt»-finalist.

– Eg veit at «Urørt» har vore viktig for mange artistar, uansett om dei har vunne eller ikkje. Å ha blitt finalist er veldig hyggeleg, det er fantastisk å få anerkjenning. 

Gjertsen, beskriv Henrik sin mørke og mystiske rnb-prega musikk, som eit friskt pust.

– Han er ein spanande og avslappa artist med eigenart, sa Gjertsen då han vart kåra til «Månedens Urørt» i august.

Sjekk ut Henrik Felipe sin «Urørt»-profil for å høyra fleire mørke og mystiske tracks!

Sjukt stas, sjukt gøy

Fjorårets vinnar, Vilde Iris Hartveit Kolltveit (24), har vanskeleg for å setja ord på korleis det var å vinna konkurransen i 2019.

– Det var sjukt stas, og så sjukt gøy – det var berre heilt sjukt!

FJORÅRETS VINNAR: Iris synast det er vanskeleg å beskriva korleis det var å vinna «Årets Urørt 2019». Foto: Sondre Horvei

– Det var definitivt det største som skjedde meg i fjor! Det har betydd mykje for meg personleg å få den bekreftinga, og det har vore viktig som promotering for meg som artist.

Sidan finalen i fjor har Iris fokusert på å skriva ny musikk, og har også gått gjennom ei aldri så liten sjølvransaking. Ho har òg ein spanande nyheit å avsløra:

– Eg har begynt å laga mitt fyrste album, så det er full køyr! Når det kjem anar eg ikkje, men eg håper at det kjem ut ei låt i løpet i oktober.

Sjølv om ho har spanande prosjekt på gang verkar ho kanskje ein smule misunneleg på årets finalistar.

– Dei er heldige, og det er så fortent. Berre det å få vera med er så sjukt feitt, og eg håper at uansett kven som vinn er det motiverande for alle. Dei er stjerner uansett!

Få med deg «Urørt»-finalen torsdag 24. september kl. 18.00!

Vinnaren av «Årets Urørt 2020» får du sjå på scena på «P3 Gull» 28. november!

 

LES MEIR OM URØRT: