nrk.no
FULLE AV FOMO: Sigurd Solheim (t.h.) og Nils Oskar Tronrud (t.v.) opnar seg opp om korleis fomoen virkar inn på dei. Foto: Anette Sivertstøl / Illustrasjonar: Malin Skagen Rotnes

Sigurd (24) og Nils (23) lid av ekstrem fomo: – Eg kan fort bli sjalu

Er du ein av dei som alltid må få med deg alle festar og oppdateringar via sosiale medium? Då er du ikkje åleine.

Sigurd Solheim (24) og Nils Oskar Tronrud (23) lever det klassiske studentlivet på NTNU i Trondheim. Dei er usedvanleg aktive i studentmiljøet og lid ekstremt av følelsen fomo, «fear of missing out».

Sigurd er engasjert både i studentradioen og studentdemokratiet, medan Nils har hatt seks forskjellige verv i løpet av tre år.

Eit så aktivt studentliv fører til at det alltid er noko sosialt å vere med på, men det forsterkar også følelsen av å «misse ut».

Ein illustrasjon av bokstavane FOMO i knæsje fargar. Kvar bokstav har kvar sin farge og i bakgrunnen er ei "smelta" klokke.

– Dei dummaste situasjonane kor eg føler på fomo, er når eg faktisk gjer noko sosialt og får med meg at det skjer noko anna ein annan plass. Då tenker eg: «Oi! Dei har det bra, der kunne eg også ha vore.» Eg føler meg så tullete som kjenner på utanforskap når eg er så privilegert med alle dei sosiale interaksjonane eg har, fortel Sigurd.

– Ein blir redd for ikkje å få med seg alt det kule, spesielt når det gjeld studentlivet som har ein såpass festprega kvardag, seier Nils.

P3.no møter dei i kollektivet til Sigurd, ei leilegheit, som oser av studentliv. Veggane er fylt med plakatar frå Studentersamfundet, og tomme vinflasker er gjort om til lysestakar.

Portrettbilete av gutane, med illustrert bakgrunn. Sigurd har briller, burgunder caps og eit rutete skjorte. Bakgrunnen er knall gul med lilla og grøne streker. Nils har kort, brunt hår. Han smiler til kamera og har på seg ei mørk dongeriskjorte. Bakgrunnen er blå med mørkeblå og rosa striper.
AKTIVE: Sigurd (t.v.) og Nils (t.h.) er to svært sosiale vesen. Foto: Anette Sivertstøl / Illustrasjonar: Malin Skagen Rotnes

– Fell ut av loopen

For Sigurd og Nils kan fomo-følelsen kome i ulike situasjonar. Følelsen kan oppstå viss det er noko sosialt dei ikkje er invitert til, når dei ikkje har moglegheit til å delta på eit sosialt arrangement eller når dei må velje ein fest framfor ein annan fest.

– Eg bur i eit område der det er festing heile tida. Viss det ikkje skjer noko i kollektivet vårt, har eg til og med fomo for festen til naboen, seier Nils.

Ein illustrasjon i picasso-stil. Eit fargerikt, dekonstruert ansikt ser lei seg ut. Over henger ei rosa sky som regner spørsmålsteikn og svarte krussedullar.

Fomo-følelsen kan til og med dukke opp om dei tenker tilbake på sosiale arrangement som dei gjekk glipp av for mange år sidan.

– Det var eit jubileum for studentradioen. Då hadde eg i lang tid i førevegen valt å ikkje dra fordi ein måtte kjøpe billettar tidleg, og eg var litt fattig. Eg tenkte at dette kan eg gå glipp av. Men så var det tydelegvis så morosamt at folk framleis snakkar om jubileet, sukker Sigurd.

Klok av skade seier dei no ja til alt av det sosiale som skjer rundt dei.

– Ein fell litt ut av loopen viss ein ikkje får vere med på alt det sosiale. I det første kollektivet eg budde i, så drog romkameratane på tur, og eg kunne ikkje bli med. Det var så mykje internt som skjedde på den turen. Då føler ein at ein ikkje er heilt med lenger, seier Nils.

– Viss ein faktisk missar ut, då må ein catche opp på interne vitsar. Gossip kan ei alltid bli oppdatert på, men intern humor kan ein eigentleg aldri ta igjen, legg Sigurd til.

Øydelegg for kvila

Sjølv om Sigurd og Nils ler mykje av at dei slit med fomo, så er dei ærlege på at følelsen påverkar store delar av livet deira. Å få med seg alt som skjer, tærer på.

– Det er jo ikkje bra for kroppen å vere ute og feste to-tre gongar i veka og vere oppe til seint på natt og få i seg masse alkohol, seier Nils.

Folkehelseinstituttet (FHI) publiserte nyleg ein forskingsartikkel kor dei har sett på samanhengen mellom fomo og alkoholkonsum blant ungdom. Ungdommar som ofte opplever fomo, drikk meir alkohol for ikkje å misse ut og dei drakk seg oftare til rus enn ungdom som skårar lågt på fomo.

Fire auger er teikna på rekke og rad. Augo er grøne, med fargerike pupillar. Eit gret raude tårer, og inne i pupillane ser me ein bokstav, i alle fire augene staver det FOMO.

– Veldig ofte føler eg at fomo står i vegen for det å kvile. Ein ønsker å ta ein kviledag, og ein har ikkje energi til å gjere det sosiale ein hadde planlagt. Men så kjem den følelsen av fomo og øydelegg moglegheita for å kvile fordi ein blir så oppteken av kva som skjer eller kor du kunne ha vore i staden for å nyte den åleinetida du treng, fortel Sigurd.

Ugudelege Snapmap

Sigurd beskriv følelsen som kløande, som ei form for rastløyse. For å dempe kløen held han seg oppdatert på sosiale medium.

– Eg kan fort bli sjalu. Eg brukar å sende melding og lure på korleis det går viss det er sosiale ting eg ikkje deltek på, og eg vil ha oppdateringar på kven som gjorde kva. Ein endar opp med å bruke mykje tid på å sjå på Instagram og Snapchat. Og ikkje minst denne ugudelegheita Snapmap, fortel Sigurd.

Nils er rask med å bryte ut:

– Ja, fy faen!

Dei flirer flautt av korleis dei brukar funksjonen. Sigurd meiner Snapmap fungerer som ein indikator på kva ein går glipp av, både det ein er invitert til og det ein ikkje er invitert til.

– Eg føler meg som ein creep når eg sit der og ser kor venane mine er. Det verste er viss dei har det så gøy at dei ikkje svarer deg på snap. Då blir ein misunneleg, seier Nils.

FHI sin artikkel påpeiker at tidlegare studiar har vist at jo oftare ungdommar opplever fomo, desto meir tid brukar dei på sosiale medium.

Sigurd sine hender held ein mobil som har oppe snapmap. Ein ser eit kart over trondheim sentrum, med mange bitemoji spreidd utover. Rundt mobilen er det teikna på eit auga, som har kartet som pupill.
SPANER: Sigurd som sjekker Snapmap. Foto: Anette Sivertstøl / Illustrasjonar: Malin Skagen Rotnes

Sigurd er tydeleg på at han skammar seg over bruken sin av Snapmap og sosiale medium. For han går det så langt at fomo-følelsen kan øydelegge søvnen.

– Viss eg veit at det er noko eg går glipp av, så får eg ikkje sove før alle festløvene har lagt seg. Viss eg er så sliten at eg faktisk sovnar, så bråvaknar eg dagen etterpå og sjekkar sosiale medium intenst for å bli oppdatert på kva eg gjekk glipp av.

Når det er snakk om korleis fomo påverkar skulearbeidet, humrar Nils av Sigurd og påpeiker at her er Sigurd verst.

– Eg prioriterer ofte det sosiale framfor skulearbeid. Det verste var vel då eg tok pause i ein heimeeksamen for å dra på studentgalla, fortel Sigurd medan han rister på hovudet.

– Ein mani

Psykolog Gaute Lier Guldahl i Lian & Fjell psykologtjenester seier fomo er ein vanleg følelse å kjenne på.

Han meiner følelsen i utgangspunktet kan vere noko positivt og at livssituasjonen spelar inn på kvifor enkelte kjenner kraftig på fomo.

– Du er kanskje student og har ein stor omgangskrets av vener og kjente. Det er mykje gøy som skjer heile tida, fortel Guldahl og påpeiker at dei med eit stort sosialt nettverk oftare føler sterkare på fomo.

Psykologen smiler til kamera. Han har briller, blondt, kort hår og ei lys skjorte på seg. I hjørnene av bildet er det teikna på fargerike strekar, og FOMO kjem til syne i nedste høgre hjørna.
DELT: Fomo kan vere både positivt og negativt, meiner psykolog Gaute Lier Guldahl. Foto: Linn Kristine Byre Johansen / Illustrasjonar: Malin Skagen Rotnes

Ifølge Guldahl blir fomo problematisk når ein overdriv så mykje at ein blir utbrent og utsliten av alt ein skal få med seg.

– Det kan bli ein mani for nokre slik at dei slit seg ut. Viss du er med på alt og du ikkje får kvilt deg ut, så kan kvaliteten på opplevingane gå ned. Så følelsen i seg sjølv er kanskje ikkje så ille, men alt ein prøver å gjere for å unngå han, kan vere ille. Det å vere redd for det ein har gått glipp av, er jo å gruble på noko som er utanfor din kontroll. Det er slitsamt.

Udekte behov

Guldahl er oppteken av å ikkje kalle fomo ei psykisk liding, men trekker fram at fomo kan kome i følge med andre psykiske tilstandar. Det kan mellom anna handle om å føle seg mislykka og utanfor.

– Det kan ligge mykje under fomo. Det kan for eksempel vere at du føler deg usikker på om du faktisk er ein del av gjengen og om du får den sosiale kontakten som andre har. Om du tviler på om du har like nære venner som andre, kan det bli viktig for deg å vere med på alt, fortel psykologen.

Tips til å overkome fomo-følelsen:

Forsøk å legge bort sosiale medium og slå av varslingar på alle SoMe-appar.

Ikkje samanlikn deg med andre. Tenk heller på dei kvardagslege gledene, og ver takksam for det du opplever i noet.

Tenk på kor mykje pengar du sparer ved å ikkje vere med på absolutt alt.

Lær deg å seie nei oftare, og prioriter det som du faktisk har lyst til å gjere.

Tor å gå glipp av noko.

Graset er ikkje grønare

Fomo blir ofte også beskriven som ein følelse av å ha valt feil, noko både Nils og Sigurd kjenner seg igjen i. Helst skulle dei ha vore på fleire stadar samtidig.

– Du har valt mellom to festar og så tenker ein at graset er grønare på den andre sida når det eigentleg berre er like grønt eller då mindre grønare, fortel Sigurd.

For både Nils og Sigurd kan det vere vanskeleg å vere i «noet» fordi fomo skaper ein følelse av å gå glipp på det ein valde bort.

Sigurd og Nils står lent inntil eit tre med armane i kor. Dei ser ut til sida og smiler. Bak dei ser me ein stor park med grønt gras. Det er teikna fargerike krusedullar over biletet.
GRØNN AV MISUNNELSE: Kor grønt skal graset vere? Foto: Anette Sivertstøl / Illustrasjonar: Malin Skagen Rotnes

«Joy of Missing Out»

Som ein motpol til fomo har det dukka opp eit nytt akronym: JOMO, «joy of missing out». Den første reaksjonen til Nils og Sigurd er latter når dei høyrer om omgrepet.

– Kva for ein tulleting er det? bryt det ut av Sigurd.

– Eg kan jo skjønne ideen bak då. Ein bør jo legge frå seg følelsen av alltid å streve etter det kulaste å gjere og heller kose seg med det ein gjer, seier Nils.

Illustrasjonar av hovuda til Nils og Sigrud. Enkle strekar formar konturane til ansikta deira, men det er lagt på tjukkare fargerike strekar i deler av ansikta.

Sjølv om JOMO er eit omgrep dei er skeptiske til, er dei fast bestemt på å ta eit visst oppgjer med fomo-følelsen sin.

– Eg prøver å ha fokus på kvalitet framfor kvantitet. Då har du også meir energi til å gjere dei tinga som faktisk er av kvalitet for deg, seier Sigurd.

Men å misse ut kjem kanskje ikkje til å skje med det same, for brått blir Nils og Sigurd rastlause. Auga kikar ofte på mobilen.

– Klokka 12 blir det lagt ut billettar til Oktoberfest. Eigentleg bryr eg meg ikkje så mykje om Oktoberfest, men kollektivchatten og andre venner snakkar om festen, opplyser Nils.

Sigurd og Nils står med mobil og bankkort i handa. Dei er konsentrerte medan dei prøver å bestilla bilett. Dei er på kjøkkenet sitt, med klassisk student-ikea-kjøkken i bakgrunnen.
MÅ I BOKS: Det vart stressa stemning då bilettsalet satte i gang. Foto: Anette Sivertstøl / Illustrasjonar: Malin Skagen Rotnes

Straks blir det ei panikkstemning. Dei må skaffe billettar, men billettsystemet er nede. Dei hyler og roper kvar gong feilmeldinga poppar opp på skjermen.

– Det verkar som det blir ei happening. Då må eg jo nesten følge med, slik at eg får kjøpt billettar, fortset Nils.

Etter tallause forsøk får dei sikra seg billettar til Oktoberfest, og dei har sikra seg mot fomo-følelsen for denne gong.

LES MEIR FRÅ P3.NO:


Siste fra P3.no: