nrk.no

Sju grunnar til å rope hurra for årets 17. mai

Ein treng ikkje å føle seg heilt motlaus sjølv om 17. mai blir like vaklande som i fjor.

For andre år på rad blir ikkje 17. mai-feiringa slik som vi kjenner den, og attpåtil er koronarestriksjonane strengare enn i fjor. Men ein treng ikkje å henge med leppa av den grunn, for det finst jo noko positivt i det negative.

Her er sju grunner til å rope hurra for at 17. mai også i år blir annleis og isolert.

1. Du slepp bunadsstresset

Kvart år når 17. mai nærmar seg må ein børste støv av bunaden og alt tilbehøyret. I det årlege strevet med å stryke skjorta kjem det same spørsmålet: «Å nei! Passar bunaden?».

Men i år slepp du å tenke på å måtte presse deg inn i bunaden og halde inn magen i åtte timar. Du treng heller ikkje å måtte gå ein heil dag og sveitte deg i hel.

For å ikkje snakke om at du slepp å løfte på ein ti kilo tung stakk kvar gong du må gå på do, og med ei flaske champagne innanbords før klokka har slått ti, så blir det jo ein god del turar på do. Det blir heller ikkje enklare etter å ha drukke fleire flasker av ymse slag gjennom dagen.

Samtidig slepp du det evige maset frå bunadspolitiet dersom sølja heng ein smule skeivt. Bunad er pent og stas, men det er strev. I år kan du la bunaden henge inne i skapet utan dårleg samvit, dersom du vil.

2. Ingen fare for gnagsår

Kva er vel eit 17. mai-tog utan opphovna føter som sprekk ut i gnagsår? Vel, dette blir det lite av i 2021. I år kan du labbe rundt i store sokkar utan å tenke på at du må bandasjere føtene med gnagsårplaster.

Du treng heller ikkje å måtte gå med mjuke tøflar og crocs i dagane etter 17. mai fordi føtene dine er øydelagde av gnagsår.

3. Sitje inne og game utan dårleg samvit

17. mai er jo ein fridag, og i prinsippet kan ein gjere akkurat det ein vil på fridagar. Men i ein vanleg situasjon har du eit visst press på deg for å kome deg ut og veive med flagg, skåle og skråle hurra.

I ein pandemi, derimot, kan du setje deg godt ned i gamingstolen og game heile dagen utan dårleg samvit.

Om du vil ha ein liten smak av 17. mai likevel, så kan du bli med på 17. mai-toget i Minecraft.

4. Ingen stress med champagnefrukost

Champagnefrukosten er ein klassikar på 17. mai, men vi må vere ærlege å seie at det kan vere eit himla strev, spesielt for den som arrangerer. Kva skal eg servere? Kor er 17. mai-pynten? Er det nok stolar til alle?

No kan du iført godbuksa berre lene deg tilbake og slappe av.

Og om du likevel skal arrangere frukost, blir det uansett ein brøkdel av deltakarar og dermed litt mindre stressande enn vanlege 17. mai-frukostar.

Jordbær, marshmallows og blåbær på pinner.
IKKJE NOKO PRESS: Viss du ikkje har talent på kjøkkenet, kan du slappe godt av. Foto: Janne Helen Juliussen.

Men stresset råkar jo ikkje berre den som skal arrangere. Champagnefrukosten kan også få fram stresshormonet hos dei som ikkje har talent på kjøkkenet. Kva skal ein ta med til ein frukost når ein ikkje kan å lage noko? Ikkje stress med det i år.

Ingen champagnefrukost betyr at du slepp å ta med ei slapp og oversalta eggerøre eller ei falleferdig kake til koldtbordet.

Kor koseleg ein champagnefrukost enn kan vere, blir det jo digg å ikkje oppleve knekken som melder seg presist klokka 14 når ein har mista oversikta over kor mange glas som er innanbords.

Trøtt russ som kviler hovudet i hendene sine.
KNEKKEN: I år slepp du knekken som alltid kjem klokka 14 når du ikkje lenger har oversikt på ditt eige alkoholinntak. Bilete blei tatt for 11 år sidan då folk møtte opp på Marienlyst for å vere med på Radioresepsjonen sitt store 17. mai-fellesbilete. Foto: Tom Øverlie.

5. Ingen søl på finstasen

I ein vanleg situasjon ville ein i tradisjonen tru proppa i seg is, pølser og kaker. Og i tradisjonen tru ville ein smelta isklatt renne ned på bunaden eller dressen, eller ein dæsj ketsjup hadde funne vegen til finkjolen.

Under 17. mai 2021 slepp du å bekymre deg for at finstasen skal bli tilgrisa av ketsjup, softis og marsipankake.

Det vil seie, du slepp det mest sannsynleg berre dersom du vel å feire nasjonaldagen på den alternative måten – utan fyll og finklede.

Nedre del av to raude bundader, der eine har opp foten og ei grøn strømpe kjem til syne.
INGEN SØL ELLER GNAGSÅR: Det blir lite søl og få gnagsår i år. Foto: Kristin Granbo.

6. Slepp å posere på bilete

Når alle har pressa seg inn i finstasen, er det obligatorisk å ta bilete av vennegjengen, og er ein heldig, så blir det vel nokre hundre bilete med kjærasten også.

Å presse seg saman til eit gruppebilete er for det første ikkje særleg koronavenleg, og for det andre får vi jo ikkje feire 17. mai på skikkeleg vis.

Så då slepp du å posere på tusen obligatoriske bilete, du slepp at kjakane blir støle av alle smila du må gi til kameraet, og du slepp å øve på den beste posen i spegelen kvelden før.

Om du uansett må vere med på bilete, blir det mest sannsynleg ein brøkdel av den vanlege mengda.

7. 17. mai for fjellgeiter

Viss du likevel ønsker å vere i det nasjonalromantiske hjørnet, kan du ta 17. mai-feiringa på fjellet. Ta med deg ein termos med pølser og kanskje ei flaske med noko godt i, putt eit flagg i sekken og gå på ditt næraste fjell.

Får du innbydingar til ymse selskap, har du ei real god unnskyldning til å takke nei: Du skal jo feire Noreg på eit fjell. Det blir ikkje meir nasjonalromantisk enn det.

Les meir om nasjonaldagen her:

Siste fra P3.no: