– La oss berre riva av plasteret: Eg skal slutta i «P3morgen», sa Adelina på direkten.
– Det skal eg også, la Tete til.
Fredag morgon blei det altså annonsert på lufta at Tete Lidbom og Adelina Ibishi sluttar i «P3morgen».
Det vart tårer
Adelina har vore programleiar i morgonprogrammet på NRK P3 i nesten fem år, mens Tete og Karsten Blomvik tok over etter at Martin Lepperød slutta hausten 2022.
– Det følast ut som om ein slår opp med nokon ein framleis er glad i, sa Tete då dei fortalde lyttarane om valet.
– Det er ikkje dykk, det er oss, la Adelina humoristisk til før ho brått tok til tårene:
– No blir eg rørt. Det er fordi de gjer det så gøy å jobba her og det er skikkeleg vanskeleg, men det kjem til å bli bra framover. «P3morgen» består, dykk er i gode hender, sa ho ut til lyttarane.
Begge fortel at mangel på søvn er ei viktig årsak til at dei har valt å slutta.
– Det finst ei tid for alt, og sjølv om dette er verdas beste jobb så trur eg det er på tide å berre få sova ut, sa Adelina.
Karsten Blomvik, som for tida jobbar med NRK-programmet «Alle Mot 1», tok også turen innom studio då beskjeden blei sleppt i dag.
– Eg synest det er kjempetrist å komma i studio her ein fredags morgon og så er det desse nyheitene. Eg har jo vore vekke i «Alle Mot 1» og har fått sove lenge, men eg må seia at eg saknar «P3morgen»-gjengen, altså. Eg berre gnir det inn, de kjem til å sakna det heilt ekstremt, sa han til dei to andre.
Gir seg på topp
Tete har vore programleiar for morgonprogrammet i snart to år.
– Det er betre å gi seg på topp enn å gi opp, så eg takkar for meg mens eg framleis har det dritgøy. Framover blir det meir søvn, seinare kveldar og nye eventyr, fortel Tete.
Programleiaren ønsker heile den utvida «P3morgen»-familien lykke til vidare.
– To år med «P3morgen» har vore som ein fabelaktig draum med altfor lite søvn. Eg har blitt kjend med Noreg sine beste og morosamaste lyttara, og er takknemleg for at kollegaene mine har latt meg køyra på med utestemma og mykje energi før sola har stått opp, seier han.
Adelina fortel at ho føler seg heldig som har fått vekka folk i snart fem år, og meiner at ho har hatt den beste radiojobben i Noreg.
– Folk rundt oss fokuserer ofte på korleis me orkar å stå opp så tidleg kvar dag. Til dei har eg alltid sagt at dei også hadde klart det dersom dei visste kor gøy me faktisk har det på morgonen!
Ho hyllar lyttarane og meiner at dei skal ha mykje av æra for at «P3morgen» har vore ei trygg (og morosam) hamn for ho.
– Me har hatt med ein lyttar på quiz mellom rier frå fødestova, og det seier litt om kor tett me har komme!
Både Tete og Adelina skal fortsetta i NRK og skal jobba med nye prosjekt framover.
– Veit at lyttarane våre blir lei seg
Karsten fortel at han har for tida fullt fokus på «Alle Mot 1» som har premiere til hausten.
– Men det er trist at Tete og Adelina sluttar. Det har vore utruleg gøy, eg har lært mykje, og har mange gode minner og morgonar å sjå tilbake på.
Redaktør i NRK P3 Ellen Ramstad fortel til P3.no at det alltid er vemodig når radioprogramleiarar gir seg.
– Dei er ein viktig del av publikum sin kvardag og me veit at lyttarane våre blir lei seg no. Adelina og Tete er nokre av våre største profilar. Dei har gjort ein kjempejobb og me har respekt for at dei ønsker å gi seg no, seier ho.
Dei to har si siste sending 14. juni når programmet tar sommarferie.
Det er ikkje klart kven som tar over som programleiarar, men Ramstad fortel at «P3morgen» framleis skal vera ei viktig satsing for NRK P3 også til hausten.
GJENNOPPLEV AUGEBLIKKA MED «P3MORGEN»: