Under arbeidet med ein serie om overgrep innsåg Lydia (27) at ho måtte dela si eiga hemmelegheit

Det er ein spesiell grunn til at «Unormal»-programleiaren brenn for å læra unge om overgrep.

Lydia Gieselmann (27) vel orda sine nøye. Ho har bestemt seg for å fortelja om noko som berre dei nærmaste har visst om fram til no.

Programleiaren er aktuell med NRK-serien «Det som ikkje skulle skje», som fortel historiene om fem ekte overgrep og dommane som følgde. Dette arbeidet har inspirert ho til å stå fram med noko som er svært personleg.

Ho har nemleg sjølv opplevd overgrep.

– Det er viktig for meg å visa at det skjer altfor mange, også meg. Dette er fyrste gongen eg snakkar om meg sjølv på eit privat plan, og det er veldig skummelt, men eg håpar det kan hjelpa minst éin person, seier ho. 

For Lydia er ikkje aleine.

Kvar dag blir barn og unge utsette for seksuelle overgrep i Noreg, og mange held det hemmeleg. Ifølge Folkehelseinstituttet har heile 1 av 5 jenter opplevd overgrep i barne- og ungdomsåra. Med gutar skjer det 1 av 14.

Ein knute i magen

Over telefonen fortel Lydia at ho vart «tafsa på upassande då ho var veldig ung». Ho ønsker ikkje å gå meir i detalj på kva som skjedde, for det er ikkje det som er viktigast her. Det som er viktig, er openheit.

Lydia som lita jente sit på ei huske forma som ein hest. Ho har på seg sandalar, blåstripete t-skjorte og ein orange bøttehatt. Ho ser surt inn i kamera.
LENGE SIDAN: Overgrepet skjedde då Lydia var lita. Foto: Privat

– Eg opplevde overgrep og følte meg ganske aleine med det. Eg var veldig ung, og eg visste ikkje kva som var min feil og kva som var andre sin feil. Det er framleis vondt å få flashbacks fordi ein føler at ein ikkje heilt eig heile kroppen sin lenger.

Det tok ikkje lang tid før ho fortalde til familien om kva som hadde skjedd. Dei har vore ei viktig støtte gjennom åra, men det var vanskelegare å skulla dela det med andre.

– Det var ein knute i magen som gjorde at det var veldig vondt å tenka på. Det tok mange år før eg greidde å fortelja det til nære vennar og partnarar, berre så dei skulle vera klar over det, seier ho.

Sjølv om det var vanskeleg, merka Lydia etter kvart at det hjelpte å opna seg opp om den vonde hendinga.

– Eg har alltid vore ein inneslutta person. Heile oppveksten var eg stille og sjenert, men dei siste åra har eg verkeleg kjent at det hjelper å snakka med folk, og at det ikkje er ei svakheit å få hjelp. Det er ein styrke å be om hjelp!

Det er lov å vera til bry

Og det var akkurat det Lydia gjorde i fjor haust. Då fann ho ut at ho trong hjelp til å sortera tankane sine, så ho søkte hjelp hjå ein psykolog.

Det var først og fremst fordi det hadde vore eit slitsamt år, men då ho begynte på arbeidet med serien, tenkte ho meir og meir på det ho hadde opplevd.

– Tankane og flashbacksa dukkar heldigvis opp veldig sjeldan no, men ved å lage denne serien så har traumet på ein måte blitt vekt litt igjen. 

Derfor valde ho å fortelja om overgrepet til psykologen sin.

– Men det er framleis ei stemme inni meg som seier at: «Du treng ikkje å dela det, du har jo jobba med dette på eiga hand, og det har gått kjempefint.»

Lydia har alltid vore redd for å vera til bry for andre. Ho ville ikkje plaga andre med problema sine, men no har ho skjønt at det er berre tull.

– Det er lov å vera til bry! Det er typisk sånn «flink pike» og «flink gut»: Gutar skal ikkje snakka om følelsar, og jenter skal ikkje vera hysteriske. Eg er heilt einig i at ein ikkje skal laga drama av alt, men me treng alle å få lufta oss av og til, seier Salten-jenta.

Motivasjonen for å dela si eiga historie botnar i noko viktig:

– Eg vil visa at me er fleire og at ein ikkje skal bera på det aleine, for det er ein så vond følelse. Men òg at ein skal kontakta politiet eller få hjelp.

Openheit kan bety mykje

Psykolog Pia von Hirsch synest det er bra at kjende personar slik som Lydia vel å dela si historie.

Pia smiler til kamera. Ho har på seg ein svart gensar og håret er satt opp. Bilete er i svart-kvitt.
BRA: Psykolog Pia von Hirsch fortel at det kan føra til mykje godt når kjente fjes opnar seg om tøffe opplevingar. Foto: Sara Angelica Spilling

– Når sterke forbilde står fram og viser seg sårbare, kan det motverke førestillingar om at dei som blir utsette for overgrep, er svake eller dårlege menneske. Det blir lettare å stå opp for seg sjølv og fortelja om opplevingane sine utan skam når ein du ser opp til, går i bresjen, seier ho.

Openheit i samfunnet er førebyggande fordi fleire blir merksame på kva eit overgrep er og korleis ein kan unngå det.

Men det betyr ikkje at alle skal stå fram offentleg. Som regel er det viktigaste berre å seia ifrå til nokon ein kjenner.

– Dersom ein har opplevd noko vanskeleg, som eit overgrep, og deler det med nokon som forstår oss og vil vera der for oss, så har det ein tendens til å gjera smerta litt mindre. Det er ikkje sånn at dei vonde følelsane forsvinn heilt, men det kan roa oss og redusera opplevinga av skam og einsemd.

Mange ulike typar overgrep

Lydia meiner at me må snakka meir opent om overgrep for at unge skal skjøna kva som er lov å gjera og kva som ikkje er greitt. Ein kan ikkje lenger berre åtvara jenter mot å gå i mørke bakgater.

– Eg trur det er viktig å få fram at overgrep skjer overalt, og det er så usynleg. For når ein er ung, veit ein ikkje kvar grensene går, og ein har ikkje fått høyra kva ein bør vera obs på.

Emil Kofoed, leiar av seksjonen for seksuallovbrot i Kripos, fortel at måten overgrep skjer på, har endra seg mykje den siste tida.

– Det vanlegaste er at overgrep skjer med nokon ein kjenner, men dei siste åra har me sett at overgrep på internett har auka, fortel han.

MANGE SAKER: Politiet mottar i snitt mellom 7000-8000 seksuallovbrotssaken kvart år. Foto: Kripos

Overgrep på nettet kan skje på mange måtar.

– Det finst ulike typar overgrep, alt frå at ein får tilsendt bilde på nettet som ein ikkje ønsker, til at ein blir beden om å sende bilde eller videoar av seg sjølv eller blir beden om å gjera seksuelle handlingar med seg sjølv eller med andre. Det er ikkje alltid ein greier å skjøna sjølv at ein har blitt utsett for eit overgrep.

Tidlegare i år fortalde P3.no om Synne, som etter fleire år fann ut at bestevenninna ho hadde møtt på nettet, var ein pedofil mann.

Snakk med nokon du stolar på

Dersom ein er usikker på om ein har blitt utsett for eit overgrep, er det viktig å kjenna på kva ein føler rundt det som skjedde.

– Som regel har me ein magefølelse som seier: «Dette kjennest greitt, eller dette kjennest ikkje greitt.»

Og dersom du har opplevd noko som du er usikker på var greitt eller ikkje, er det viktig å snakka med nokon.

– Det aller beste er å snakka med trygge vaksne som du stolar på. Dei har ei anna erfaring som gjer at dei kan vurdera om dette høyrest normalt ut eller ikkje. Politiet kan òg gje råd, utan at det betyr at saka blir anmeldt, oppmodar Kofoed.

MELDINGAR I INNBOKSEN: Lydia er glad for at andre opnar seg til ho, men synest det er trist at folk ikkje vågar å fortelja om vonde ting til dei rundt seg. Foto: Privat

Lydia fortalde om overgrepet ganske raskt til familien sin, og det er ho glad for.

Men programleiaren veit at det er mange som synest at det er vanskeleg å snakka om det, for Lydia får stadig meldingar av unge som skriv om tunge ting dei opplever, som dei ikkje har fortalt til nokon andre enn ho.

– Det er fint å ha den tillita, men det er synd at dei ikkje har greidd å seia noko om det dei har opplevd, til andre før det.

No er Lydia 27 år gammal. Det er ganske lenge sidan dette hendte ho, og ho har lært mykje på vegen.

– Det har gått bra med meg, men det har vore ei reise, seier ho.

Har du opplevd overgrep? Då kan du anonymt ringe Alarmtelefonen for barn og unge på tlf. 116 006, chatte med dei her eller lesa meir om kva du kan gjera på Ung.no. 

LES MEIR: