Denne helga vart Kon-Tiki lansert i USA med stor bravur. Men når utanlandske filmar, spesielt dei små, lanserast over dammen er det gjerne ikkje i stort monn – men i betrakteleg færre salar. På premiera for Kon-Tiki vart den vist på heile to kinoar – éin i New York og éin i Los Angeles.

Resultatet vart ei inntening på 11 167 dollar per sal – rundt 65 000 kroner, noko som er mest per kinosal i USA denne helga. Ikkje så verst for ein utanlandsk film, sjølv om strategien med to handplukka salar absolutt er årsaka til det høge talet. Målet er sjølvsagt å skape merksemd rundt filmen før dei går breiare ut.

Kon-Tiki på framsida av New York Times. (Foto: Espen Sandberg/Joachim Rønning)
Kon-Tiki på framsida av New York Times. (Foto: via Facebook-sida til Espen Sandberg/Joachim Rønning)

Om ein derimot tek i betraktning at Weinstein Company reklamerte for filmen på framsida av New York Times, så hadde det nok vore rom for meir inntening.

Anmelding: Kon-Tiki: – Eventyrlysten tyter ut av filmruta!

Blanda mottaking, men populær i Russland

Kon-Tiki har jamt over fått gode kritikkar, men eit par avgjerande negative omtaler kan ha skada besøkstalet. Nemnde New York Times var ikkje nådig mot filmen, som seier den var «keisam» og at filmskaparane si avgjersle om å lage ein eigen engelskspråkleg versjon var sterkt distraherande.

Andre, som The New York Post, trekk derimot fram at den minna han om dei store, «ironi-frie» eventyrfilmane frå 60-talet. Fleire er veldig positive til det visuelle, men meiner at historia ikkje er like imponerande.

Førre veke vart filmen lansert i 700 salar i Russland, noko som førte til at den vart den tredje mest sette filmen i landet førre veke. Ifølgje produsent Aage Aaberge er målet til The Weinstein Company å utvide til 400 kinoar i USA – noko som vil vere den breiaste kinolanseringa for ein norsk film der borte nokosinne.

Har du sett traileren for den engelskspråklege versjonen av filmen?