Eg har Lego verd meir enn 5000 kroner ståande i stova mi (endå meir i hyller og boksar andre stader i huset). Eg sit og ser på den no, medan eg skriv dette. Eg har ingen born. Meir grunnlag enn det trur eg ikkje at eg treng å legge for mi anmelding av Lego Worlds.

Du er ein astronaut på reise gjennom det ytre rom, der skipet ditt råkar noko romskrot og kræsjlandar på ein piratplanet. Med eit fartøy i dårleg fatning innser du at kun gullbrikker –av den magiske gylne sorten – kan byggje skipet ditt opp igjen.

Det er Travelers Tales som står bak spelet, utviklaren som blant anna har laga den lange rekkja av Lego-parodiar basert på ulike filmseriar – ei lang rekkje spel basert over same lest. Lego Worlds plukkar frå nokre av dei same oppskriftene, men finn også nytt blod.

Spelmelding: Lego City Undercover: – Viser at Lego-spillene ikke trenger drahjelp fra Hollywood!

Andreas sitt Lego-skip. S/S Kråka. (Foto: Andreas)
Andreas sitt Lego-skip. S/S Kråka. (Foto: Andreas)

Algoritmisk bygde planetar

Den første piratplaneten og nokre andre førehandsplanlagde område fører deg varsamt gjennom spelets mekanikkar, der du får eitt og eitt av verktøya du kan manipulere den brikkelagde verda rundt deg med. Det viktigaste er utforskingsverktøyet som samler brikker du kan bygge med, men også byggeverktøy, landskapsverktøy, fargeverktøy og andre blir tilgjengelege.

Etter dette får skipet ditt moglegheita til å reise til andre planetar, denne gongen tilfeldig skapt frå spelets prosessuelle kode – generert frå algoritmar som plasserar hav og landmasser, fjell og holer, byar, innbyggjarar og andre konstruksjonar på firkanta kartområde. Når du når 100 gullbrikker vert alle funksjonar tilgjengelege.

Ein kan seie mangt om No Man’s Sky, fjorårsspelet som deler mange grunntankar med Lego Worlds, men det er utan tvil ei mindre einsretta visjon skaparane har hatt for legoverda.

Lego Worlds balanserar ikkje på ei line, men står så godt det kan med eitt bein på kvar sin stol – og fell tidvis mellom dei. Det er tydeleg at utviklarane har hatt lyst til å gjere alt, utan heilt å klare å fokusere på nokre av detaljane.

Det artige finst først og fremst i å finne hemmelegheitene som matematikken har skjult blant millioner av brikker, men vegen dit er blokkert av fleire hinder.

Filmmelding: Lego-Batman-filmen: – Morsom sjangersatire som underholder!

Lego Worlds. (Foto: Warner Bros)
Samtidig er spelet akkurat ei så sakleg blanding som du forventar at eit Lego-spel skal vere. (Foto: Andreas Opsvik/Filmpolitiet)

Gjentakande oppdrag og uheldig kontrollsystem

Oppdraga for å skaffe større brikkeutvalg, fleire gullbrikker eller andre verktøy og våpen er enkle å finne, men diverre for gjentakande. Hovudsakleg er dei basert på å gjere ein enkel operasjon med eit av verktøya, eller å forsøke å forsvare ein figur mot skjelett, bandittar, eller andre skurkar.

Desse kan vere småmorosame første gong – men vert ikkje artigare av å bli gjort om igjen dusinvis gongar.

Oppdrag kan bli enklare ved at du også kan samle figurbrikker til kostymet ditt – astronauten slepp å tenkje på å puste under vatn, bonden kan plystre for å raskt skaffe eit ridedyr, og så vidare.

Nokre slike figurar har artige idear, men er ikkje gjennomtenkte. Ei monsterkvinne kan omgjere seg til ein liten edderkopp, men kan av ein eller anna grunn ikkje klatre på veggar – slik absolutt alle andre figurar i spelet kan.

Spelet er også plaga av sakte innlasting. Om du benyttar deg av eit av dei raskare fartøya blant spelets overraskande store og underhaldande motorpark, står du i fare for å bli bremsa av at verda rett og slett ikkje klarar å laste seg inn raskt nok rundt deg, og du blir ståande i eit tomt intet til spelet klarar å produsere brikkene rundt deg.

Spelmelding: Lego Marvel Super Heroes: – If it ain’t broken, don’t fix it!

Lego Worlds. (Foto: Warner Bros)
Tusenar av brikkar som lastast inn samtidig gjer til at spelet bremsar heilt opp om du røyver deg raskt, til dømes med eit syrefly. (Foto: Andreas H. Opsvik/Filmpolitiet)

Når ikkje Lego-potensialet

Då eg var 10 år gamal var sandkassespelet Lego Creator mitt foretrukne tidsfordriv, og eg nytta altfor tid på å byggje store underverk… som eeeh… Oslo Rådhus, og ulike pyramider. Minecraft har dei siste åra teke plassen det spelet hadde.

Eg har ikkje hatt heilt den same skapargleda i Lego Worlds, dels fordi brikkeoversikta er like oversiktleg og sexy som eit excel-ark, men også fordi eg mistenkjer det er primært laga for PC og ikkje Xbox One-versjonen eg spelte.

Det same kan seiast om spelets kampsystem, som ikkje er utvida nok frå dei lineære franchise-spela – spesielt våpensiktinga er ille på konsoll.

Det artige ligg i dei bokstaveleg talt uendelege verdene spelet lagar, utforskinga av holer, slott og landsbyar – men det må kranglast fram mellom keisamme oppdrag og eit kronglete kontrollsystem.

Inntil vidare er Lego-spela framleis betre i konsentrert form – det enkle kamp- og kontrollsystemet kjem til si rett i pastisjar som Star Wars og Indiana Jones, og fribyggjinga kan like greit gjerast i det kliniske spesialverktøyet LDD.

Moglegvis kan prosjektet fullendast med dei planlagde utvidingspakkene, men akkurat no er ikkje Lego Worlds spelet det kunne ha vore. Eg får byggje med legoen eg har i stova i staden.

Lego Creator, lego-spel anno 1998.  (Foto: Lego Media)
Lego Creator, lego-spel anno 1998. (Foto: Lego Media)

Om SPILLET

Lego Worlds

  • Fredrik Thoresen

    Mener å huske at de lovte multiplayer? Ikke et ord om den?

    • Ja, det er lokal multiplayer, og multiplayer over nett. Eg har spelt det sistnemnde, og det er gøy å møte andre folk i same verden og leike seg med miljø og bygging – eg ser for meg det er noko eg og (yngre?) samspelarar kunne ha kost meg mykje med.

  • Magnus

    @Theon66:disqus Det har i hvertfall lokal split-screen. Spillet har overraskende stort potensiale, men kommer dessverre litt til kort på nesten alle områder. – Men det er ikke så mye som skal til for at det kan bli mye bedre så jeg er nesten overbevist om at vi kommer til å se store forbedringer i løpet av et års tid.

  • Bent Nakken Kjerstad

    Hei
    Det artigste med dette Lego spillet er så klart Multiplayer delen. Der kan du spille CO-OP opp til 4 spillere. Det å spille sammen med oppdragene som man får fra verden til verden er faktisk givende, og gleden er stor når man kan låse opp flere og flere funksjoner, gjenstander og verdener.

    Er enig at kontrollene er utradisjonelle, men det går ikke ut over spillgleden, men kan gjør byggingen litt mer til en tålmodighets prøve.

    Grafikken og lyden er meget bra, lastetiden har jeg heller ikke opplevd noe lang.

    Det å komme i møte med en by i spillet er en fryd, der biler kjører i gatene og lego figurene vandrer rundt omkring er virkelig livlig. Og møte på store slott med dungeons er utforsknings potensialet svært stort, mye ting å oppleve og komme på kreative løsninger for å kommer frem hindere og finne kister for å låse opp gjenstander.

    Man møter også på enkelte scenarioer der en kan bygge videre på bygninger eller lignende, slik som et stort trehus, for så å kunne lagre den til å plassere den ut enkelt senere i en annen verden (akkurat slik som en template.

    Nei jeg må si at jeg er meget fornøyd med spillet, jeg og sønnen min spiller dette en del av og til og det er en stor glede. Jeg ville gitt 5 av 6.

    • Heisann, Bent! Multiplayeren er morosam, og sjølv om eg berre har testa den over nett, så ser eg for meg at det er mykje rom for gøy med folk i same rom også – som dei fleste samarbeidsspel.

      Eg er samd i at byar og dungeonområde og utforskingsgleda der er det beste i spelet, som eg også pensar innom i anmeldinga – men for min del vart treigheit i område- og brikkeinnlastinga og det kronglete brukargrensesnittet og kontrollane eit større problem enn godene, som også er årsaken til karakteren eg har gitt. Det er mykje potensial i Lego Worlds, og det er absolutt omrisset til eit spel eg meiner kan bli veldig bra.

      Når det er sagt, så bra at du og sonen din har det kjekt med spelet, ingenting er betre enn det 🙂

  • Mattis Finstad Hansen

    Man blir aldri for gammel for lego.
    Synd dette ikke virker som en god opplevelse alene, for potensialet er der i høyeste grad. Utforskning og «dungeon crawling» og slike ting er alltid spennende i spill, men synes det ofte nå om dagen kommer åpen verden-spill med hovedfokus på (god) flerspiller og co-op.
    Savner et skikkelig stort og innholdsrikt åpen verden-spill (som ikke er Legend of Zelda, siden jeg ikke har råd til verken Switch eller WiiU om dagen) for enspillere,

  • Jeg har tatt vare på all Lego siden jeg var liten, og bygger nå opp gamle slott, togbaner og Lego Studios set igjen, og kjøper inn erstatningsbrikker der de har blitt borte eller ødelagte. Jeg brukte også utallige timer på Lego Creator som liten (noen som vet om det er mulig å få tak i?), og senere spilt mange av disse Legospillene. Prøvde Lego Worlds da det var i beta, da ble det kalt «Legoens Minecraft», men skuffet dessverre. Synd de ikke fikk det til bedre. Kunne heller tenkt meg at LDD hadde kommet i lignende innpakking som Creator.

  • diana michelle

    Spela de senaste filmerna strömmande HD gratis på nätet

    ►►► GO.IMDBMEMBER.COM

    Tack för att spela filmer;) …

  • movie hd

    Han siste film…..====>>>CINEMA21HD.BLOGSPOT.CO.ID