nrk.no

Cecilie (38) sluttar etter 10 år i P3

Avslører ny jobb. Dermed er det slutt for den populære systerduoen – for denne gong. 

Søndag morgon, den første dagen av det nye året, kom ein litt annleis episode av P3-podkasten «The Kåss Furuseths».

I denne «best of»-episoden fortel Cecilie Ramona Kåss Furuseth (38) at ho sluttar i NRK, og at dette er den siste episoden ho er med i. 

– P3 er verdas beste stad å jobba, så dette er ikkje noko eg hadde planlagt sånn eigentleg. Eg elskar P3 og elskar NRK, så det var eit vanskeleg val, fortel ho til P3.no. 

Ein førebels slutt for duoen

Dei fleste kjenner nok Cecilie som den eine halvdelen av systerduoen i «The Kåss Furuseths». Sidan 2016 har ho og Else Kåss Furuseth (42) halde lyttarane med selskap på søndagane saman med ein kjend gjest. 

Det at storesystera no skal fortsetja programmet utan ho, blir ein overgang for Cecilie. 

– Det blir kjemperart, så det gruar eg meg til. Det er så koseleg å gjera det med Else! Me er begge busy typar, men me har alltid visst at me får henga med kvarandre på søndagar. 

Også storesyster Else synest det blir rart at Cecilie sluttar i NRK.

– Det blir nesten som å mista ein del av seg sjølv og forsøka å fungera som normalt. Ikkje som å mista hjernen eller hjartet, heldigvis, men meir som å mista blindtarmen eller naglen på stortåa. Det hadde vore kjekt å ha, men det finst jo folk som klarar seg utan, skriv Else til P3.no på SMS.

Ho legg til, litt meir alvorleg, at det er Cecilie som er meisterhjernen av dei to og at ho er «lyset i ei verd som innimellom kan virka litt dunkel».

Cecilie og storesøster Else under innspilling av podkasten The Kåss Furuseths. Else har det lysebrune håret satt opp, og ho smiler stort til kamera. Ho har rosa leppestift, store runde gulløyredobbar og ho held ein krom te-kopp i handa og held rundt Cecilie med den andre. Cecilie har brunt hår med pannelugg. Ho har briller og smiler mens ho held opp ein keramikk-maiskolbe fylt med ostepop. På bordet framfor bugnar det med frukt, bakst og godteri. Det står også ein vase med gule blomar og eit norskt flagg på bordet.
HELD FRAM: I seks år har systrene hatt som mål at ingen skal vera aleine på søndagane. No blir det Else (t.v.) som skal fortsetja søndagsprogrammet «The Kåss Furuseths» på eiga hand. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

For faste lyttarar vil det nok ikkje bli ein like brå overgang når Else skal leia podkasten aleine framover. Dei siste åra har nemleg Cecilie vore i «kontinuerleg mammaperm», som ho sjølv seier.  

Men sjølv om det er slutt for duoen no når dei ikkje har same arbeidsgivar, håpar systrene å få til nye samarbeid på framtidige prosjekt. 

– Eg er 100 prosent sikker på at me kjem til å laga noko saman igjen. Det trur eg at me er veldig keen på begge to, fortel Cecilie. 

Dette kan Else (noko sarkastisk) bekrefta:

– Me er jo i slekt, så me kjem framleis til å spleisa på bursdagsgåve til «fatter’n», men profesjonelt er forholdet vårt dødt. Nei då, systera mi er ei perle av eit menneske både privat, profesjonelt og universelt – så eg hadde nok sett nokre kroner på det, ja, skriv ho.  

Ny jobb, same format

I februar begynner Cecilie som frilansar, og ho skal blant anna laga podkast for lydunderhaldningsplattformen Podimo. 

– Eg skal fortsetta med å laga podkastar, og eg gler meg skikkeleg til å fortelja dykk meir om det etter kvart, seier ho hemmelegheitsfullt til P3.no. 

Siggen held rundt Ramona mens dei begge glisar til kamera. Siggen har langt brunt hår og ein kvit topp på seg. Cecilie Ramona har munnen open så ein ser tyggisen ho har i munnen. Ho har kort hår med pannelugg, svarte briller og ein blomstertopp på seg. Bak dei er det utsikt over Oslo.
DEBUTEN: «Ramona og Siggen» var eit humorprogram som vart sendt på NRK P3 i tre år. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Det er 10 år sidan Cecilie først begynte å jobba i P3 som produsent og vaktsjef for «P3morgen». Frå 2013 til 2016 leia ho og Sigrid Velle Dypbukt det populære radioprogrammet «Ramona og Siggen». 

– Det var heilt fantastisk gøy! Og så har eg laga «Sinnsykt» som var veldig givande og spanande. Eg får framleis meldingar frå folk som har sett på det. 

I TV-programmet «Sinnsykt» frå 2019 møtte Cecilie unge menneske med alvorlege psykiske sjukdommar. Ho opna seg òg om utfordringane rundt sin eigen bipolare diagnose. 

Kaveh, Cecilie og Peder står ved sida av kvarandre. Alle er kledd i svart og ser små-alvorlege ut. Kave har mørkt hår og kort skjegg. Han held handa opp mot brillene og ser skrått opp mot kamera. Cecilie står i midten med hendene bak ryggen. Peder har det lyse håret satt opp, og har kort skjegg. Han har hendene i lomma på buksa. Dei står ute ein vårdag.
TRE SESONGAR: Til lyttarane si store overrasking annonserte Kaveh, Cecilie og Peder at det var slutt for podkasten «God bedring» i september 2022. Foto: NRK

Dei siste tre åra har ho vore programleiar i P3-podkasten «God bedring», der ho saman med psykolog Peder Kjøs og lege Kaveh Rashidi svara på lyttarane sine spørsmål om kropp og sinn. 

Sunt å testa noko nytt

Dette breie spekteret er noko av det som gjer Cecilie så spesiell, ifølgje redaksjonsleiar for lyd og podkast i P3 Adiele Helen Krüger Arukwe.

– Cecilie har levert på mange forskjellige ting – alt frå humor og intervju på radio og podkast, til det å opna seg rundt si eiga psykiske helse slik ho gjorde i «Sinnsykt». Det gjer ho til ein unik programleiar og personlegdom, som me har sett veldig pris på, seier Arukwe.

Cecilie sit utanfor radioresepsjonen til NRK. Ho har utstyr til radiosending på bordet framfor seg, fleire ledningar, headsett, stativ og laptop. Cecilie har ein blår NRK-mikrofon i handa, som ho snakkar inn i. Ho har på seg ei svart jakka og svart lue.
TV, RADIO OG PRODUKSJON: Cecilie har jobba både bak mikrofonen, framfor mikrofonen og framfor kamera. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Redaksjonsleiaren meiner det er synd for P3 å mista ein så stor og dyktig profil. 

– Men folk vil ha nye utfordringar og komma seg vidare, og det har me sjølvsagt stor forståing for. 

Cecilie sjølv synest det er vemodig å forlata NRK, men meiner at det er sunt å testa noko nytt etter 10 år i same bedrift. 

– Grunnen til at eg sluttar er jo fordi eg skal gjera noko som eg synest er gøy, og så trur eg at det av og til er det lurt å testa litt forskjellige ting. Eg gler meg til framtida og set stor pris på fortida. Det var djupt, seier 38-åringen og ler, overraska over seg sjølv. 

MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: