nrk.no

Då Christina (21) såg filmtraileren begynte ho å grine – så blei ho forbanna

Heile oppveksten var det noko Christina Wathne (21) hadde sakna. Men ho skulle bli 20 år før ho skjønte kva det var.

– Eg har hatt ein veldig idyllisk barndom. Veldig mange andre som er kortvaksne, har opplevd mykje mobbing i løpet av livet, men eg har aldri opplevd det, seier Christina til P3.no.

Ho vaks opp i Bærum saman med foreldra og si to år yngre søster.

– Eg trur eg alltid har hatt eit sjukeleg behov for merksemd, seier 21-åringen.

Likevel var det ikkje før i ungdomstida at ho oppdaga teater og skodespel. No går ho andre året på skodespelarlinja ved Høgskolen Kristiania.

Skjeggete menn under bakken

Gjennom heile oppveksten reiste Christina på kortvaksentreff kvar sommar. Her møtte ho rundt 60 kortvaksne frå heile landet.

På desse treffa såg ho at livet kunne vere normalt og velfungerande, sjølv om ho ikkje såg ut som majoriteten i samfunnet. Christina møtte også fleire andre kortvaksne i NRK-serien «Gigantene».

Det var likevel éin stad ho aldri såg nokon som likna seg sjølv då ho vaks opp.

Christina står i ein mørk, flott teatersal med noko opplyste radar bak seg. Ho har blondt hår i ein hestehale, svart genser og blå bukser. Ho strekker ut armane sine og smiler til kamera.

Verken i filmar, på TV eller i bøker hadde Christina sett ein kortvaksen karakter ho kunne identifisere seg med.

– Når du er ei lita jente, har du lyst til å vere ei prinsesse. Men dei einaste folka du ser som er kortvaksne, er skjeggete menn som bur i eit hol under bakken, seier Christina.

Christina går på Karl Johan rett mot kamera. Rundt henne er det mange folke som går i andre retningar enn henne. Dei er mykje høgre enn henne. Christina har blondt hår i ein hestehale, blå bukser, svart boblejakke og ein ryggsekk på ryggen.

– I andreklasse på barneskulen gjekk eg til biblioteket og spurde om ho hadde bøker om kortvaksne.

Bibliotekaren leita lenge, men kunne ikkje finne ei einaste bok med ein slik karakter.

– Alle prinsessene, deira sidekicks eller slemmingar, ingen av dei var kortvaksne, seier Christina.

Men det var først då ho blei 20 år at ho oppdaga kor tungt det faktisk hadde vore.

– Skaper idéar og draumar

– Vi ønsker å høyre til, bli bekrefta og inkludert, fordi vi er skapt sånn av natur, seier psykologspesialist Kristina Sjøberg.

Dersom ein aldri ser andre med den same «annleisheita» ein har sjølv, kan det følast einsamt.

Ho trur at å sjå folk i film og på TV som har ei lik annleisheit som deg, kan få deg til å tenke: «Oi, det er plass til meg.»

Kristina har langt, mørkt hår i hestehale og har på seg ein kvit bluse. Ho held den eine arma opp under haka og smiler til kamera. Bildet er i svart-kvitt.
EINSAMT: Å ikkje ha rollemodellar når ein veks opp kan føre til at ein nektar for eller isolerer visse sider av seg sjølv, fortel Kristina Sjøberg. Foto: Bjørnar Strømsholm

Dersom ein for eksempel er kortvaksen sjølv og ser ein kortvaksen skodespelar ha rolla som president, kan det bety mykje.

– Trass i at ein er kortvaksen eller sit i rullestol, så kan ein ha den funksjonen. Du skaper idéar og draumar og rom i fantasien, forklarar Sjøberg.

– Forbanna på vegner av vesle Christina

Då Christina var 20 år, såg ho for første gong ei seriøs rolle spelt av ein kortvaksen, der høgda på karakteren ikkje var eit humorpoeng.

Dette gjorde inntrykk på Bærums-jenta.

Christina står på ein stol midt i salen i ein teatersal. Bak henne er andre rad i salen lyst opp med mange lamper. Christina ser opp i taket. Ho har blondt hår i ein hestehale, svart genser og blå bukser.

– Det var som å ha ei spenning i 20 år, så plutseleg: «Oi, har eg vore så spent heile tida?»

Den kjende skodespelaren Peter Dinklage hadde hovudrolla i «Cyrano» i 2021. Her hadde filmen ei samfunnskritisk tilnærming til problematikkane rundt det å vere kortvaksen.

– Eg grein skikkeleg då eg såg traileren til den filmen. Åh, fader, kor godt det var å sjå.

Nokre dagar seinare fekk likevel gleda av å sjå «Cyrano»-traileren ein vond bismak.

Skodespelar Peter Dinklage frå filmen «Cyrano». Han har brunt krøllete hår, litt skjegg, raud og beige jakke med ei slags reim som heng på tvers over skuldra hans. Han ser litt tomt ut i lufta, og ser litt trist ut. Han er lent inntil ein lys murvegg, og bak den står ei blond dame som smiler ned i bakken. Ho har på seg ein grå kjole. Dei er utandørs på dagtid.
PETER DINKLAGE: – Deilig å sjå ein kortvaksen person i ein «romantic lead», seier Christina. Foto: SF Studios

– Eg hugsar eg blei dritforbanna. Fy fader, det er så dust av samfunnet at vi ikkje er flinkare til å fremme alle moglege menneske.

Å møte andre kortvaksne menneske på kortvaksentreff er éin ting. Men no skjønte ho kor mykje ho hadde sakna å sjå kortvaksne i vanlege roller på TV.

– Det var som når du skal ete middag og ikkje føler deg så svolten, og så tar du den første biten og innser kor svolten du er, forklarar ho.

– Eg blei så forbanna på vegner av vesle Christina, at ho ikkje fekk den opplevinga før ho blei 20.

Christina står utandørs med bygningar bak seg. Bildet er tatt nedanfrå, så det viser mykje av himmelen. Ho ser mot venstre med hendene saman framfor seg. Ho har blondt hår og har på seg svart genser.

Christina har ikkje lyst til å vere ein «typecasta» skodespelar, som vil seie at ho spelar roller som spesifikt er skrivne for ein kortvaksen person.

Derfor var ho litt nølande før ho tok steget inn i denne bransjen.

Aldri heilt ferdig å kjempe

Psykologspesialist Sjøberg ser at det har vore endring i haldningar og aksept rundt minoritetar og det som før blei skambelagt eller sett på som tabu.

– Tidlegare hadde ein kortvaksen kanskje ei viss type rolle i ein TV-serie. Medan no kan det like så godt vere presidenten, meiner ho.

Ho trur endringane kjem av at mange har jobba for rettane sine.

Men rettar og endring i haldningar kjem ikkje av seg sjølv, og Sjøberg trur ein må passe på, slik at det ikkje snur og går feil veg igjen.

– Det vil kome trendar og bevegelsar. Det har vi sett i kjønnsroller og i andre viktige ting. Ein må kjempe for haldningane heile tida, seier ho.

TRE TING DU KAN GJERE DERSOM DU IKKJE FØLER DEG REPRESENTERT:

Finn andre likestilte og likesinna

Det er brukarorganisasjonar for dei fleste minoritetar. Gjennom dei kan ein bli kjent med andre, dele erfaringar og jobbe saman for betre rettar.

Engasjer deg politisk

Å vere i ei offerrolle kan følast passivt og vondt. Du skal sjølvsagt få kjenne på at det er vondt å bli behandla dårleg, men å tre inn i ei aktiv rolle der du sjølv bidrar til endring kan følast godt. Politiske parti kan påverke haldningane rundt mangfald og integrering og kan vere ein fin måte å engasjere seg på.

Sei det du meiner i media

Du kan ytre deg, både aleine eller på vegner av ein organisasjon du er med i. Gjennom media kan du seie kva du meiner høgt, og kanskje det kan gjere endringar eller få fleire folk til sjå problemet.

Kjelde: Psykologspesialist Kristina Sjøberg

Kan ikkje vere kresen

– Viss eg først får jobb, så er det mest sannsynleg berre på grunn av at eg er kortvaksen, og så får eg to replikkar som berre handlar om høgda mi, seier Christina om tvilen ho følte på.

Likevel valde ho å satse på skodespelarstudiet. Christina håpar å kunne gjere det som forbildet Peter Dinklage får til: å seie nei til roller som er basert på høgda og kroppen hans.

Christina står bak eit raudt sceneteppe på ei scene, og stikker hovudet fram. Ho ser utover. Ho har eit nervøst og tenkande uttrykk i ansiktet.

– Det er deilig å sjå ein kortvaksen person seie det, og framleis tene flesk, seier ho.

Sjølv om Christina har håp for framtida, er ho klar over at ho er på veg inn i ein bransje der ho må ta på seg det arbeidet ho får i starten.

– Eg har berre hatt éin betalt jobb. Dei trengte to kortvakse som kunne spele englar. Men 3000 kroner er ikkje så ille heller. «Beggers can’t be choosers», seier ho.

No trur og håpar Christina at folk begynner å bli lei dei humoristiske rollene om kortvaksne folk.

Christina hoppar opp i lufta på ei scene med eit raudt sceneteppe bak seg. Armane hennar er strekt opp i lufta og skyggen hennar gjer at ho ser kjempestor ut. Ho har blondt hår, svart genser og blå bukser.

Ho har allereie begynt å merke ein forskjell. Folk stiller ikkje dumme spørsmål på gata, og ho blir ikkje stira på så mykje som tidlegare.

21-åringen trur endringa handlar om at barn ser meir mangfald gjennom skjermen og greier å prosessere det betre.

– Barn blir eksponert for forskjellige menneske mykje tidlegare. Forskjellige menneske som ikkje er der for å bli ledd av.

Tekst: Marie Wilberg / Foto: Kim Erlandsen

LES MEIR OM YRKE:

Siste fra P3.no: