Dagen Dorthea erklærte vennskapet som dødt

Vennskapet vart ei psykisk belastning for Dorthea, men det tok åtte år før ho innsåg det sjølv.

Vennskap kan ta slutt på mange måtar. Nokre gongar veks ein frå kvarandre, andre gongar er det meir alvorlege ting som set ein stoppar for relasjonen.

Nokre dumpar vennen sin, andre blir dumpa. Tidlegare har P3.no skildra korleis dei som vart dumpa, har opplevd det, men no er det tid for at dei som står på andre sida får fortelja. For uansett kva som skjer, er det vondt å mista ein venn – også for dei som vel å avslutta vennskapet.

Dette er to forskjellige forteljingar, skildra av tre jenter som alle har ein ting til felles: Dei har mista ein venn.

Dorthea vart venninnas dukke

«Dorthea» er i starten av tjueåra. Ho heiter eigentleg noko anna, men i dette tilfellet ønsker ho å vera anonym. Dette er hennar side av ei historie om eit åtte år langt vennskap som fekk ein brå slutt.

Dorthea og «Demi» vart kjent då dei gjekk på barneskulen.

– Me klaffa frå fyrste dagen me møttest på fotballbanen. Ho var veldig energisk, så me matcha bra. Me gjorde alt i lag, fortel Dorthea over telefonen.

Dei to jentene hadde begge hatt ein litt tøff barndom. Difor passa Dorthea ekstra godt på venninna.

– Eg tok ho under vengene då me skulle ut i den store verda. For meg var det enkelt å møte nye folk og slike ting, men det var ikkje det for ho.

I løpet av åra vart dei to gode vennar, men på ungdomsskulen merka Dorthea ei endring i Demi sin oppførsel.

– Ho fekk kort lunte og kunne slå frå seg, ikkje på ein valdeleg måte, men med ord, hevdar Dorthea.

Dorthea såg på seg sjølv som ein person som var til stades for vennane sine, men dette var ikkje oppfatninga til Demi. Det skal ho ha vore tydeleg på.

– Eg fekk ofte høyra at eg ikkje var ein god venn, sjølv om eg alltid kom då ho ringde eller hadde det kjipt. Men dei gongene eg hadde det kjipt, hadde ho ikkje tid til meg, seier Dorthea før ho fortset:

– Ein tenker jo at vennskap skal vera gjensidig, men eg vart ei slags dukke som ho kunne styra som ho ville. Det var slik vennskapet vårt var. Det starta enkelt, og så vart det ganske komplisert i ungdomsåra.

– Var som å trå på eggeskal

Dorthea fortel at ho fortsette å stille opp for venninna gjennom åra på ungdomsskulen.

– Eg var ikkje så sterk på den tida, så i den perioden vennskapet varte, såg eg ikkje sjølv kva ho dreiv med. Det var litt som å trå på eggeskal då eg var rundt ho, for eg var aldri heilt sikker på kva ho ville finna på.

Teikning av ein rosa fot som trår forsiktig på golvet. Rundt ligg mange knuste eggeskal i forskjellig fargar. Bakgrunnen er grøn.

Då dei starta på vidaregåande, valde venninnene forskjellige skular. Dorthea fekk nye vennar, men ho fortsette å henga med Demi på fritida.

Framleis var det ein ubalanse i vennskapet.

– Ho kunne finna på å ringa meg i skuletida fordi ho var lei seg eller fordi noko hadde skjedd, men då måtte eg ofte seie at eg ikkje hadde moglegheit til å snakka. Då kunne ho gå offline for meg i fleire dagar fordi eg ikkje hadde mogelegheit til å stilla opp for ho der og då.

Dorthea fortel at det fort kunne gå ei veke før Demi tok kontakt med ho att for å skvære opp.

– Det enda alltid opp med at det var eg som måtte seie unnskyld.

Men det skulle ei alvorlegare hending til før Dorthea greidde å innsjå kor mykje vennskapet påverka ho.

Sunniva og Siri

Men fyrst skal me over til eit anna vennskap mellom to jenter me vel å kalla «Sunniva» og «Siri».

Sunniva og Siri hadde vore gode vennar heilt sidan barneskulen. Dei overnatta hjå kvarandre, spelte fotball saman og var i same vennegjeng.

– Ho var ei av mine bestevennar, fortel Sunniva over telefonen.

Men i løpet av det fyrste året på ungdomsskulen begynte Sunniva å føle at ho hadde vakse frå venninna si. Alt Siri sa og gjorde, irriterte ho.

– Det er ein fæl måte å seie det på, men eg gjekk lei av ho. Eg vart irritert kvar gong eg fekk snap av ho, og eg var lei av oppførselen hennar, sjølv om ho eigentleg aldri gjorde noko gale.

Sunniva bestemte seg for at ho ikkje lenger ville vera venn med Siri, så ho begynte å ghosta venninna.

– Det var eit bevisst val å frysa ho ut. Eg var mindre og mindre saman med ho på skulen, og så begynte eg å ignorera ho på sosiale medium. Då ho sende meg snappar, opna eg dei, men eg svarte ho ikkje.

Teikning av ei jente med gult hår som stirrar surt framfor seg. Bak står ei jente med grønt hår. Ho smilar og pratar til veninna som prøvar å ignorera ho.

Sunniva seier sjølv at ho var for feig til å tora å seia noko til Siri direkte.

– Det var ikkje eit alternativ. Eg valde å ignorere ho, og der og då såg eg ikkje på det som så ille. Eg var såpass lei av Siri at det gjorde meg ingenting, fortel Sunniva ærleg.

Siri si side

Ei sak har alltid to sider. Og medan Sunniva ignorerte Siri stadig meir, stod Siri på den andre sida utan å skjønna kva som skjedde. Ho hugsar godt korleis det var då Sunniva tok stadig meir avstand frå ho.

Siri hadde også tenkt litt på at dei hadde vakse frå kvarandre, men ho syntest at det var merkeleg at Sunniva trekte seg så brått vekk.

– Eg var bekymra for at ho hadde det vanskeleg. Derfor fortsette eg å prøva å vera ein god venn og å spørja korleis det gjekk med ho, fortel Siri.

Då dei var i klasserommet saman, lata Sunniva som om Siri ikkje var der. På kort tid hadde dei gått frå å vera vennar til å ikkje lenger prata saman.

– Eg var redd for at eg hadde sagt eller gjort noko gale. Det var det som var den vanskelege delen av det – at eg ikkje visste kvifor ho tok så stor avstand.

Siri vart redd for at andre skulle frysa ho ut, slik som Sunniva hadde gjort. Men etter kvart slutta ho å tenka på det.

– Eg tok hintet om at Sunniva ikkje ville ha noko med meg å gjera, og gjekk vidare, seier ho kort.

Sunniva angrar

Åra på ungdomsskulen gjekk utan kontakt mellom dei to, men på starten av vidaregåande skjedde det noko med Sunniva. Ho begynte å få dårleg samvit over det ho hadde gjort mot Siri.

– Eg er ikkje sikker på kvifor eg brått angra og skamma meg sånn. Det var nesten som om eg hadde gått inn i ei boble dei åra eg hadde fryst ho ut, men så sprakk den bobla, og eg innsåg kva eg hadde gjort.

Teikning av ei jente som står med ryggen til. Ho har blått hår satt opp i strikk, gul gensar og rosa bukser. Ho er omgitt av grøne, blå og kvite bobler som sprekk.

Likevel gjekk det to år til før Sunniva greidde å samla opp mot til å be den tidlegare venninna om unnskyldning.

– Det er kanskje litt egoistisk, men eg bad om tilgjeving fordi eg hadde det så vondt med meg sjølv. Det tærte på meg. Etter at eg hadde sagt unnskyld, var det som om eg fekk tjue kilo av skuldrene, fortel Sunniva.

For Siri kom unnskyldninga brått på, men ho skjønte fort at Sunniva angra sterkt på måten ho hadde avslutta vennskapet på.

– Ho var tøff som tok det steget og innrømte at ho hadde gjort feil. Det var enkelt å tilgje, seier Siri.

Trass forsoninga vart vennskapet aldri slik som før. Dei hadde vakse frå kvarandre gjennom desse åra, men no er det ikkje lenger klein stemning når dei møter på kvarandre.

Og no svarer Sunniva når Siri sender snap.

Finn ut av kva som plagar deg

Dersom du føler at du har vakse frå ein venn, oppmodar psykolog Martin Langvik Eilertsen deg til ikkje å skyva følelsane vekk, men til å våga å kjenna på kvifor du føler det slik.

Psykologen er ute i naturen. Det er snø rundt han, og han har på seg ei svart lua og svart boblejakke. Han har mørkt skjegg, brune auger og mørke augebryn og smiler forsiktig til kamera.
KJENN ETTER: Psykolog Martin Eilertsen meiner at det alltid er viktig at ein vågar å kjenne etter på det ein føler, slik at ein kan forstå seg sjølv betre. Foto: Privat

– Dersom du har ein tendens til å vera vagt irritert etter at du har vore saman med ein venn, då er det jo eitt eller anna som skjer der, som du må forhalda deg til. Prøv å tenka over kva det eigentleg handlar om, seier han.

Eilertsen trur at dersom ein klarer å gjera det, er det lettare å vita kva ein skal seia dersom ein vel å ta det opp med vennen sin.

– Av og til er ein berre inne i ein dårleg periode utan at det treng å vera teikn på eit større problem. Men er det teikn på noko større, blir det berre verre av at ein feiar det under teppet, for då kan ein plutseleg få nok. Det kan føra til brå og impulsive avgjersler som kan vera sårande, og som ofte vekker anger. For når støvet har lagt seg, ser ein kanskje at ein overreagerte og la all skuld over på den andre personen.

Dorthea får nok

Historia om Sunniva og Siri enda godt, men i den andre historia er me endå ikkje komne til den store krangelen som skulle enda Dorthea og Demi sitt vennskap.

Det ubalanserte vennskapet heldt fram inn i andre året på vidaregåande. Dorthea fortsette å ha ein følelse av at ho gav Demi meir omsorg og energi enn det ho fekk tilbake, men ho lukka augo for det.

Dei gjekk framleis på forskjellige skular, og dei skaffa seg ein katt som dei skulle ha saman. Men ei misforståing om kven som skulle passa på katten, endra alt. Det enda med at Demi sende fleire lange meldingar til Dorthea.

– Ho vart rett og slett forbanna. Eg rakk så vidt å svara før det kom nye meldingar. Heile dette utbrotet kom som lyn frå klar himmel, meiner Dorthea.

Teikning av ei grøn meldingsboble med sint emoji, daudinghovud, utropsteikn og svart sky. I andre enden ser ein ei rosa meldingsboble med prikkar i, som viser at nokon skriv eit svar.

Meldingane eskalerte fort til å bli det Dorthea vil kalla for personangrep. Etter kvart stod alt i store bokstavar.

– Ho begynte å skriva fæle ting om meg som person, så ille hadde ho ikkje vore før. Då fekk eg nok.

Dorthea gjekk til far sin og fortalde kva som skjedde. Han bad dottera setta seg i sofaen og såg ho strengt inn i augo.

– Han sa til meg at han såg at dette vennskapet tappa meg for energi, tappa meg for sjølvtillit og at det øydela meg. Han hadde prøvd å seia dette til meg mange gongar før, men eg hadde ikkje høyrt på han. Eg hadde ikkje tatt det inn over meg, eller høyrt kva han sa.

Mens pappen til Dorthea fortalde ho dette, fortsette mobilen å dura på bordet ved sidan av dei. Demi sende stadig nye meldingar til Dorthea, sjølv om ho ikkje fekk svar.

– Det var som ei slags terrorisering. Til slutt tok eg opp mobilen, men eg las ikkje noko av det ho hadde sendt, eg berre skreiv: «Aldri snakk til meg igjen.» Det var liksom det. Og så blokkera eg ho alle stader det var mogeleg.

Har avslutta fleire vennskap

Sjølv om Dorthea følte seg letta, vart det eit tomrom i livet hennar dei fyrste månadane etter brotet. Ho samanliknar det med å slå opp med ein kjærast, men sjølv om det var vondt, angrar ho ikkje.

– Eg vil ikkje seia at det var ei fin avslutning på eit vennskap, men det vart så psykisk belastande at det ikkje var veg utanom.

Dorthea såg ikkje sjølv kor hardt vennskapet hadde gått ut over ho sjølv før etter at det var over.

– Eg vart så sliten at eg fekk ein psykisk knekk og måtte gå til psykolog ei stund etter at dette skjedde, fortel ho ærleg.

Teikninga viser to bestevenn-smykker som ligg ved sida av kvarandre. Lenkja er grøn, og dei to halve hjartene er rosa. Dei ligg rett ved sida av kvarandre, som eit knust hjarta. Over dei to smykkene står det Best Friends.

Det har gått mange år sidan det heile skjedde, og P3.no kjenner ikkje til «Demi» si side av brotet. Sjølv om det er ei tung historie, har den ført noko godt med seg. Dorthea vart flinkare til å setta si eiga velferd over andres.

– Dei siste åra har eg gått ut av nokre vennskap som har påverka meg negativt. Men då har eg hatt mot nok til å fortelja kva som skjer, så dei vart avslutta på ein grei og ordentleg måte.

Finn ut om vennskapet er verdt å redda

Dersom du føler at eit vennskap tærer eller gneg på deg, rår psykolog Eilertsen til å finna ut akkurat kva som plagar deg før du tar det opp med vennen din.

– Det er lettare å ta det opp med den andre personen når du kan vera konkret, for då er det ikkje ein total kritikk. Men dersom det er mange ting som irriterer eller tærer på deg, må du tenka på om det er verdt det å ta det opp – om det er nok bra ting i vennskapet til å ønska å redda det.

Og dersom du er usikker på om du ønsker å gå ut av eit vennskap, anbefaler psykologen deg til å prata med nokon om det.

– Dersom me får høyra kva me sjølv seier, kan ting ofte bli ein del tydelegare. Det treng ikkje vera ein terapeut, berre noko du stoler på eller synest er ålreit å snakke med.

Og dersom du bestemmer deg for at du ikkje vil vera venner med nokon lenger, meiner Eilertsen at det som regel ikkje er nødvendig å «slå opp».

– Ofte sluttar ein å investera i forholdet, også fader det ut. Dersom det ikkje fungerer, kan ein prøva å prata om det og dra ei tydeleg grense, men ikkje bruk sterkare tiltak enn det som er nødvendig, rår Eilertsen.

Illustrasjonar: Veronica Falsen Hiis

LES MEIR: