– Dei andre gutane har jo ikkje mensen

Ante Bjelland og Leo Behrens er begge menn fødde i jentekropp. I «Mensen» snakkar dei om korleis det er å vere menn som har hatt mensen.

– Eg vil seie at testosteron er det som har bunde oss saman, seier Leo Behrens og ler mot kompisen Ante Bjelland.

Dei er gjester hos Tamanna Agnihotri i «Mensen», mini-talkshowet på NRK der folk deler sine erfaringar med mensen.

Sjå heile episoden med Ante og Leo her 

– Då eg møtte Ante, så hadde han det skjegget som han har no. Han hadde ikkje gått lenge på testosteron, og han såg så mann ut, og eg berre «Wow», fortel Leo om første gongen han møtte Ante.

– Han var kanskje mitt forbilde akkurat då.

SPENNANDE: Leo Behrens synest det var litt spennande å få mensen i starten. Her er han gjest i «Mensen». Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Leo Behrens og Ante Bjelland er begge menn fødde i jentekropp. I heile oppveksten sleit dei med å kjenne seg heime i kroppane sine.

Noko av det som var vanskeleg å takle, var då mensen kom.

Kvinneleg bevismateriale

Ante Bjelland var 14 år då han fekk mensen for første gong. Han var sist i klassen og håpte i grunnen at det var noko som aldri kom.

UNG ANTE: Det er jo rart å sjå bilder av seg sjølv frå den gongen eg var jentunge, men det er ein del av historia mi, seier Ante. Foto: Privat

Men mensen kom og slo ned som ei bombe i han.

– Eg syntest det var heilt grufullt. Heile den opplevinga med nok eit kvinneleg bevismateriale, det ville eg jo helst berre stryke, seier han.

Då han var yngre spelte Ante fotball aktivt. Han måtte dele garderobe med jentene på laget, noko som blei ei endå større utfordring då han fekk mensen.

Det er jo sikkert vanleg at unge jenter synest det er litt flautt med mensen, men her var det toppa opp med skam, ei kjensle av at dette skulle eg jo ikkje hatt, fortel Ante. 

– Eg blei dradd mot noko som eg ikkje ville vedkjenne meg. Samstundes som eg syntest det var drittflautt, sjølvsagt. For dei andre gutane har jo ikkje mensen.

Plutseleg lyser han opp.

– Veit du kva? Den frykta for å blø gjennom, den kan eg av og til kjenne på endå.

UNG LEO: Då dette bildet blei tatt dreiv eg nok å fortrengde heile det kjønnsskifteopplegget, fortel Leo i «Mensen». Foto: Privat

– Viss eg blir litt sveitt i ræva, så har eg same reaksjonsmønster, seier Ante.

For Leo var ikkje det å få mensen ei like stor utfordring i starten. Han fekk mensen på skulen og trudde først at han hadde slått seg.

– Det var ikkje sånn «fy faen, helvete, dette skulle aldri ha skjedd», men meir sånn «oi, dette var litt rart, kan kroppen min gjere dette også».

Fortvilinga kom månaden etter, først då sokk det inn over han at dette var noko han måtte forhalde seg til kvar månad.

Eggstokkane går i «frys»-modus

Både Ante og Leo har hatt hormonell og kirurgisk kjønnsbekreftande behandling som gjer at kroppen kan fungere i samsvar med kjønnsidentiteten deira.

Først fekk dei sprøyter med testosteron, eit hormon som framhevar dei meir maskuline trekka vi forbind med djupare stemme, meir hår på kroppen og musklar.

I tillegg til å framheve eit meir maskulint uttrykk, set testosteronet syklusen på vent fordi eggstokkane går inn i ein slags «frys»-modus.

Det er ulikt frå person til person kor lang tid det tar, men til slutt vil mensen stoppe heilt opp ved tilførsel av testosteron.

Stort tabu

– Dette er eit tema vi nesten ikkje snakkar om, seier Benjamin Elias Solvang. Han er styreleiar ved Harry Benjamin ressurssenter (HBRS).

Her jobbar dei med menneske som opplever at kroppen dei er fødd i, ikkje stemmer overeins med kjønnsidentiteten deira. Dei tilbyr også informasjon til pårørande.

Han fortel at når dei snakkar om mensen med folk som tek kontakt med HBRS, blir det mest praktisk, som kor lang tid det tar før mensen stoppar opp etter at ein har begynt på testosteron.

SKAMBELAGT: Benjamin Elias Solvang er styreleiar ved Harry Benjamin ressurssenter og seier at mensen er ein vanskeleg tematikk for fleire dei er i kontakt med. Foto: Øyvind Markussen

Det har vore lite prat om korleis menn som har mensen, taklar det i kvardagen.

– Mange blir nok redde for at det skal vere mogleg å oppdage at ein har mensen. Frykta for å blø gjennom er kanskje ekstra stor med vår gruppe, fordi det i tillegg til å vere flautt også er noko ein ikkje føler stemmer overeins med den kroppen ein har, seier Solvang.

Han forklarar at mensen kan vere med på å forsterke kjønnsdysforien enkelte kjenner på. Det blir liksom ei ekstra påminning om at kroppen er feil.

– Om ein er gut som får mensen og må gå på butikken for å handle eit produkt som er meint for kvinner, kan det opplevast som veldig vanskeleg, seier han.

– For når du står i den situasjonen, kan du bli overtydd om at personen i kassa skjønar at du eigentleg er fødd i ein kvinnekropp. Andre som står utanfor ein slik situasjon, tenker gjerne at han kjøper det for nokon andre som har mensen, men det klarar ikkje han å sjå.

For andre kan det bli vanskeleg å gå på skulen eller gjennomføre planlagte avtalar når ein får mensen, fordi det kjennest så feil.

– Sjølv om det varierer frå person til person i kor stor grad mensen blir opplevd som noko negativt, er dette noko vi kan bli flinkare til å snakke om med dei vi møter her på ressursenteret, seier Benjamin Elias Solvang.

Difor er han og kollegaene allereie i gang med å arrangere temakveld om mensen. 

– Det er mange som kan ha nytte av å prate om dette, særleg tidleg i prosessen, så blir det kanskje lettare å handtere når ein må det, seier han.  

Feira at mensen var borte

– Å starte med hormon, testosteron for vår del, er jo som å gå rett i puberteten igjen, ler Ante medan han ristar på hovudet.

– Det er som å skru pubertetsknappen på fullt volum. Du får den same usikkerheita, kroppen endrar seg, og stemma endrar seg fordi du kjem i stemmeskiftet.

Men det gode med pubertet nummer to for Ante og Leo var sjølvsagt at mensen forsvann.

– Det var berre ei heilt fantastisk kjensle. Eg budde i kollektiv då mensen vinka farvel, og vi tok oss ein skikkeleg fest, fortel Ante.

– Eg hugsar ikkje min aller siste mens, seier Leo.

– Men då mensen først var vekke, så var det himmelsk. Eg har ikkje sakna det éin dag, smiler han.

FIESTA: Ante og Leo syntest det var fantastisk å miste mensen, men at det også er greitt å vite korleis det er å ha hatt det. Foto: Skjermdump/NRK.

Verdas beste kjærastetips

I dag jobbar Ante Bjelland som produsent og Leo Behrens med foto i TV-bransjen. Dei har jobba med program som «Klassen», «F-ordet», «Førdt i feil kropp», «Luksusfellen» og «Paradise Hotel».

I dag synest dei begge at det er fint å ha kunnskap om korleis det er å ha mensen.

– Kjærasten min seier: «Eg er jo verdas heldigaste blødande jente som har deg som kjærast, som veit korleis det funkar», fortel Ante.

Med sin unike innsikt har dei også gode råd til korleis du skal ta vare på kjærasten din når ho har mensen.

– Om du kanskje er blitt vand med kjærasten og ikkje er like flink til å seie «eg elskar deg» eller «eg er glad i deg», så kan det bety veldig mykje at du seier det når ho har mensen, fortel Leo.

Om det ikkje kjennest naturleg, berre gjer det likevel. Dei treng den nærleiken og varmen, men pass endeleg på å gi henne litt rom når ho treng det også.

Vis at du bryr deg, gå på butikken og kjøp ein pakke med tampongar berre for å vise at det kan eg gjere fordi eg er ein litt sånn kul kjærast, legg Ante til.

Og så er det heller ikkje feil å lytte litt ekstra, seier Leo.

Av eiga erfaring har eg lyst til å prøve å fikse det eller kome med råd. Men ofte er det ikkje det jentene treng. Ein treng berre å bli høyrd og lytta til.

Ante er heilt einig.

Akkurat i den perioden trur eg det er lurt å sluke nokre kamelar. Får du litt urettferdig kjeft, ta eitt steg tilbake og snakk om det litt seinare, seier han.

Viktig å snakke med nokon

Både Ante og Leo er glade for at dei hadde kvarandre då dei starta på testosteron.

Alle som lurer på om dette kan vere noko for dei, skal kjenne seg varetatt.

Ante Bjelland utdjuper i ein e-post til P3.no etter opptaket, at det er viktig at alle som kjenner på utfordringar knytte til oppleving av eigen kropp, må ta kontakt med ein lege dei stolar på og som har kjennskap til tematikken.

Vennskapet til Ante og Leo har vart i over ti år no, og det å finne nokon med same utgangspunkt og som forstår kva ein går gjennom er, viktig.

– Ein har litt andre perspektiv når ein har vore gjennom ein slik prosess, seier Leo.

Ja, det er ei veldig underleg oppleving, legg Ante til og smiler.

LES FLEIRE SAKER: