– Eg har aldri møtt nokon som har så sterke smerter som meg

Artist Ella Marie Hætta Isaksen (22) fortel korleis dei sterke menssmertene påverkar livet hennar og kva ho gjer for å takle dei.

– For meg er det sånn at eg ikkje klarar å gjere noko anna når eg har mensen. Eg må legge meg ned i senga eller på golvet og berre ligge rett ut eller i fosterstilling og dose på med smertestillande.

Artist Ella Marie Hætta Isaksen (22) er gjest i «Mensen» der kjente personer deler sine mensenerfaringar. Så langt har livet med menstruasjon vore eit mareritt for henne.

Sjå heile episoden med Ella Marie her

– Det er oppkast, sveitte og tårer. Det er berre så grufullt, seier ho til programleiar Tamanna Agnihotri.

– Når mensen er over, gruar eg meg berre til neste gang.

Folk veit ikkje kva dei snakkar om

Ella Marie fekk mensen då ho var 12 år, men sidan ho var omlag 17 år, begynte ho å få ekstreme smerter kvar månad. Sjølv om mensen er ubehageleg og slitsam for mange, kjenner ho seg aleine om å ha såpass vondt.

– Når folk flest snakkar om menssmerter, så blir eg litt irritert. For eg har aldri møtt nokon som har så sterke smerter som det eg har hatt.

– Eg blir sånn: «Litt ubehageleg? De veit ikkje kva de pratar om!» ler ho. 

Ho får støtte av programleiar Tamanna Agnihotri som også slit med sterke smerter.

MENSENSØSTRE: Både programleiar Tamanna Agnihotri og artist Ella Marie Hætta Isaksen slit med sterke menssmerter. Begge seier dei sjeldan møter andre med like sterke smerter. FOTO: Maria Olivia Rivedal/NRK

På spørsmål om kva ho gjer for å takle smertene, fortel Ella Marie at ho har prøvd mykje forskjellig, i tillegg til smertestillande.

– Alt frå kald klut på panna for å dempe sveitten til varmeflaske mot livmora der det er vondt. Det synest eg funkar veldig bra.

– Og så var det nokon som sa til meg at det hjelper å trene og vere i bevegelse. Men då eg prøvde det, gjekk det ikkje bra.

Joggetur frå helvete

Det var ein gong ho var heime på besøk hos mamma og pappa, at ho bestemte seg for å prøve treningstrikset i håp om at det skulle dempe smertene.

– Eg visste at det kom til å bli veldig, veldig vondt innan, typ, ein time. Så då tenkte eg at eg rakk å springe ein fjelltur, fortel ho.

Lenge gjekk det veldig bra, men då ho var komen nesten heim, var smertene ikkje til å halde ut, og ho fekk problem med å gå.

– Eg kom hylande inn innkøyrsla til huset vårt. Pappa opna vindauget og berre: «Kva er det du held på med?»  

– Eg ropte berre: «Mensen! Mensen!».

Pappa som mensenguru

Ella Marie vaks opp i Tana i Finnmark og er samisk. Ho fortel at samisk kultur har vore prega av at ein ikkje skal snakke så høgt om det som er vondt og vanskeleg.

Dette passar ho på å utfordre.

– Å snakke om ting løyser berre så utruleg mange problem, konstaterer ho.

Heime hos henne har det vore null stress å snakke ope om kjipe ting, og særleg har faren vore ei god støtte når menssmertene har blitt uuthaldelege.

– Pappa veit kor vondt eg har det og kva som må til.

Då Ella Marie kom ramlande inn innkøyrsla heime etter den grufulle joggeturen til fjells, hadde faren hennar gått rett i medisinskapet og henta Ibux og Paracet.

Deretter masserte han henne på korsryggen.

– Eg trur samfunnet hadde blitt så mykje betre viss fleire menn og fedrar faktisk sette seg inn i kva mensen er og korleis det påverkar kroppen og humøret til døtrene sine.

Les Tamanna si historie: «Hadde så sterke menssmerter at kompisen ville ringe ambulansen»

Smerte er ikkje bra for deg

Tina Tellum er overlege på gynekologisk avdeling ved Ullevål sjukehus i Oslo og har forska masse på kvinner og menssmerter.

Ho seier at det er viktig å ta menssmertene sine på alvor og be om hjelp.

FORSKAR OG LEGE: Overlege og gynekolog, Tina Tellum, møter mange med ekstreme menssmerter på Kvinneklinikken ved Ullevål sjukehus. Ho fortel at det framleis er mykje vi endå ikkje veit eller forstår om underlivssmerter. FOTO: Øystein Horgmo/UiO

– Smerte er ikkje bra for livskvaliteten eller kroppen. Det er eit varselsignal som set heile kroppen i alarmberedskap, forklarar ho over telefon.

– Kroniske smerter kan gjere deg sliten om du opplever det over mange år. Ein kan bli deprimert, miste håp og isolere seg.

– Mange blir også mindre fysisk aktive når ein har mykje vondt, og det kan igjen forsterke smertene.

Dei fleste mensplager, seier Tellum, er ganske enkle å behandle med p-pille eller andre former for hormonpreparat.

– Det kan ta litt tid å finne den riktige pilla, men ein skal ikkje vere redd for å prøve seg fram.

Ikkje viktig nok?

Ho kjenner godt til at mange jenter og kvinner kvir seg for å snakke om smertene dei går rundt med fordi dei er redde for ikkje å bli tatt på alvor.

På spørsmål om korfor det er sånn, svarar ho:

– Eg trur det heng saman med at menssmerter ikkje er symptom på noko farleg. Det er ikkje ei livstruande smerte, og då blir det nedprioritert.

Det har, naturleg nok, vore viktigast for legar å finne måtar å redde liv på, difor har nok plagar og problem knytt til jenter og kvinner sine underliv blitt gløymt.

Smerter er også vanskelege å måle på ein skala, sidan det blir opplevd så forskjellig frå person til person.

Men her er Tina Tellum klar:

– Viss du sjølv synest at smerta ikkje er bra for deg og at det ikkje er noko du kan leve med, då har du lov til å gå til legen.

– Det er ingen som skal fortelje deg at berre fordi det er menssmerter, så er det ikkje ille nok.

Veit ikkje nok om menssmerter

På klinikken ved Ullevål sjukehus behandlar Tina Tellum jenter og kvinner med sterke smerter. Mange kjem inn for å sjekke om dei kan ha endometriose eller adenomyose.

Endometriose er mest vanleg, og kring 10 prosent av alle kvinner har det. Adenomyose er oftare eit problem hos vaksne kvinner.

Felles for begge sjukdomane er at dei rammar livmorslimhinna og kan gi store smerter og store blødingar under menstruasjon. I tillegg kan det vere vanskeleg å bli gravid.

I ei studie frå 2003 viser det seg at det i gjennomsnitt tok sju år frå kvinna gjekk til legen for å få hjelp mot smertene, til ho hadde fått diagnosen endometriose.

Grunnen?

Legar visste ikkje nok om korfor jenter og kvinner kunne ha så vondt under mensen.

Heldigvis er det mogleg å behandle både endometriose og adenomyose, først og fremst med p-pille eller andre former for hormonbehandling.

Spurde sjølv om gynekologtime

ORDNA OPP SJØLV: Då Ella Marie høyre om ein sjukdom som heitte endometriose, tok ho sjølv kontakt med legen sin og ba om time hos gynekolog. FOTO: Maria Olivia Rivedal/NRK.

Tilbake i «Mensen»-studioet fortel Ella Marie Hætta Isaksen at ho sjølv har tatt grep.

– Det er heilt sprøtt, for det er 10 år sidan eg fekk mensen, og det er ikkje før i år at nokon har sagt til meg at dei symptoma eg har, liknar veldig på endometriose.

– Eg gjekk rett til legen min og sa at eg ville bli sjekka for det, så no ventar eg på time hos gynekolog, seier Ella Marie og er spent. 

– Når ein har så sterke smerter, bør ein nok kontakte lege, seier ho. For eg synest liksom ikkje at ein skal akseptere at det berre skal vere sånn.