nrk.no

– Eg kom ut til ei heilt anna verd

Då Kamelen vart frikjend og kom ut av varetekt, kom han ut til eit lukka samfunn. Då måtte han spør seg – kva rappar ein om når livet står stille?

Kamelen header

Då Kamelen vart frikjend og kom ut av varetekt, var det til eit lukka samfunn

Då måtte han spør seg – kva rappar ein om når livet står stille?

– Eg kom ut til ei heilt anna verd enn den eg forlét

– Eg seier det ikkje for å vere cocky. Eg går ikkje rundt og kallar meg «number one» eller noko, men eg oppnår høge tal med rein rap. Det er det ikkje så mange som gjer i Noreg.

Marcus Kabelo Møll Mosele (27), best kjend som Kamelen, er stilt til veggs med eit spørsmål om kven han er på den norske musikkscena. Når svaret er at han er ein kompromisslaus rappar som lagar hits, går samtaleemnet raskt over på kor mange avspelingar han har.

I artikkelserien «Festivalstemning» tar P3.no deg med på konsert rundt om i det langstrekte landet vårt, med artistar og band i ulike sjangrar. Denne gongen møter vi Kamelen i Bergen.

For dei har han langt fleire av enn dei fleste andre. Spekulasjonar om han berre ville vere ein one-hit wonder, er tilbakevist gong etter gong.

– Det er viktig å ikkje bli altfor opphengt i det, men det er jo naturleg å bry seg om suksess. Få stadfesta at det ein gjer er bra.

Ein annleis kvardag

Medan vi andre fekk kvardagen snudd opp ned ein marsdag i 2020, sat Kamelen varetektsfengsla. Då han var frikjend, kom den elles så sosiale rapparen kom ut til nedstengingar og restriksjonar. Han måtte ty til andre måtar å halde seg på linje med venene.

Spelet «Call of Duty: Warzone» vart redninga.

– Eg kom ut til ei heilt anna verd enn den eg forlét. Skulle eg vere sosial på lovleg vis, måtte det bli å drikke pils og spele Warzone medan eg heldt kontakten med gutane på headset.

For ein rappar som har gjort karriere på å fortelje om livet sitt i musikken, vart det ei utfordring å skulle skrive om noko anna enn den nye livsstilen.

Resultatet vart låten «Murda (Warzone)», som også er låten han framfører for «Festivalstemning».

– Eg kom i studio etter nokre månader. Då hadde livet mitt heile den siste perioden vore å gå tur med hundane, ete og spele. Eg hadde jo eigentleg ikkje gjort ein drit, så kva skal eg rappe om då? Då blir det jo å rappe om Warzone.

Først og fremst gaterap

Ein har knapt kunne gå nokon stad, og særleg ikkje i selskapslivet, dei siste månadene utan å høyre Kamelen. House-flørten «Creme de la Creme» har vore spelt på festar landet over, og har ein ikkje vore på fest, har ein likevel fått den servert via endelause instastories av høgt energinivå og allsong.

Sånt vert det suksess og hits av, men for Kamelen er det viktigast å lage den musikken han sjølv likar. Beinhard, bergensk gaterap.

– Ein skal ikkje binde seg til å alltid lage den og den typen låtar, men likevel skal ein hugse kvar ein kjem frå. Kvar det starta og kva karrieren mi er bygd på. Eg har gått bort frå kjernesoundet eit par gonger, men fundamentet er jo tung hiphop.

HAR KNEKT KODEN: Som ein av få i Noreg, klarer Kamelen å gjere kjempesuksess med rein rap. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Saman med grupper som Dårlig Vane og Sushi x Kobe, tilhøyrer Kamelen ei bølgje av unge, svolte rapparar frå Bergen. Rapparar som for nokre år sidan gjorde suksess og vart landsdekkande fenomen nærast over natta.

Sørstatsrap hadde lenge vore ei regjerande inspirasjonskjelde for bergensk rap, men med denne bølgja sementerte «Party and bullshit»-faktoren seg. Kamelen ser at den lokale scena stadig tar nye steg i utviklinga.

– Soundmessig er det litt skittent i Bergen. Det ligg litt til oss å vere breiale, så vi får ein del gjennom dialekta. Det blir eit eige sound. No er det mange flinke produsentar her også, så vi treng ikkje forlate byen for å lage musikk. Vi kan arbeide saman i studio og perfeksjonere ting.

Eit meir samla miljø

Den vestlandske hovudstaden har fostra mange store namn innan musikk, og det har vore mange såkalla bergensbølgjer å ta omsyn til gjennom åra.

Kamelen trur ikkje det er noko magisk i springvatnet i Bergen som resulterer i flinke artistar, men heller at miljøet bygger kvarandre opp til å bli gode.

– Folk er flinke i andre delar av landet også, og eg vil ikkje seie noko negativt om andre, men eg opplever scena her som meir inkluderande. Ein går glipp av mykje når ein deler seg opp i mindre klikkar. Står miljøet meir samla, kan ein inspirere kvarandre meir, og over tid blir ein større og sterkare som scene.

GAMLE TRAKTER: Kamelen er attende på Damsgård Hovedgård, som også figurerte i videoen til «Si Ingenting». Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Det avgrensar seg ikkje berre til urbanmusikk, men over til fleire sjangrar. Kamelen merkar at det stadig er folk som veit betre, men ser det heller som ein styrke at ulike musikarar frå ulike sjangrar frekventerer dei same miljøa og scenene.

– Innan hiphop stiller folk ofte spørsmål ved andre sine samarbeid. Eg drit i om folk er gangster eller ikkje så lenge dei lagar feit musikk. Det her er jobben min, så eg vil sjølvsagt forsøke å lage det beste produktet. Om eg kan henge med ein punker som inspirerer meg, er jo det dritkult.

Energisk på og av scena

I løpet av dagen Kamelen og P3.no er saman, finn han stadig nye folk å prate med og ting å kommentere. For ein utadvendt type er det mange ein skal helse på, og anten det er ut bilvindauge eller på location, vert det mange små samtalar med kjende og ukjende.

Mykje energi, med andre ord. Noko ein kjenner att frå konsertane hans.

Med stagediving som nær obligatorisk del av eit liveshow, er det også viktig å halde eit show som får publikum opp på hans nivå.

Då gjeld det å spele dei riktige låtane, og derfor er det mange låtar som ikkje får vere med på turne, uavhengig av kva han sjølv meiner om dei.

Kamelen står ved Mon Plaisir i Bergen og latar som at han held eit maskingevær.
ARTISTISK ORIENTERT: Kamelen har eit bevisst forhold til både musikken og live-profilen sin. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

– Det skal vere full trøkk på konsertane mine, og spelar eg ein seig låt då, slower alt ned. Skal eg øydelegge settet mitt sånn? Bygge opp og bygge opp, og så spele ein låt som gjer at lufta går ut av ballongen?

Han trekker fram «Ba Spis» frå albumet «Kingpin Slim» som ein låt som ikkje får vere med sjølv om den er populær. Ein låt fans spør etter, men som han veit ikkje vil fungere.

– Eg er veldig glad i «Ba Spis», men det er som om politiet kjem og ber oss avslutte festen, og den kjensla vil du jo ikkje ha under ein gig. Seig, tung hiphop er kult, men det er meir noko ein høyrer på aleine.

I artikkelserien «Festivalstemning» har P3.no tatt deg med på konsert rundt om i det langstrekte landet vårt, med artistar og band i ulike sjangrar. Vi har tidlegare besøkt Lüt i Tromsø, Skaar på Stord og Victoria Nadine i Skien. I tillegg var vi ein tur på Øya Presenterer. Vi takkar for følget!

Tekst: Sjur Systad Tyssen
Video og foto: Markus Indrebø-Langlo

LES MEIR OM MUSIKK:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: