Når herlege, prisbelønte Weeds går inn i sin femte sesong, rotar dei det litt til med figurane eg elskar.

Som hardcorefan av serien har eg allereie vore gjennom ein litt ujamn fjerdesesong. Nancy Botwin (Mary-Louise Parker) og familien har forlate alt dei kjenner, og har starta på nytt i den vesle hamnebyen Ren Mar, rett ved grensa til Mexico.

Nancy har rota seg bort i Esteban Reyes, som er både ordførar og narkobaron, og ho har blitt gravid.

Det er bra, for då førre sesong slutta, hadde Esteban eigentleg planar om å drepe ho. I denne sesongen skal altså Nancy ha barn med Esteban. Esteban er usikker på kva han skal gjere med ho.

Nancy har trass alt tysta om narko- og menneskesmuglebusinessen hans til CIA.

Les også: Anmeldelse av Bored to Death

Bifigurar utan ei god historie

Ungane til Nancy, eldsteson Silas (Hunter Parrish) og yngsteson Shane (Alexander Gould), sine nye liv durar vidare.

Silas vil starte lovleg medisinsk marihuanabutikk saman med Doug. Shane er framleis den pliktoppfyllande, smarte og etterkvart gløymde sonen som forsvinn djupare inn i sitt mørke sinn.

Andy Botwin (Justin Kirk) er framleis reservepappa for Shane og Silas, og drøymer endå om at Nancy skal elske han tilbake. Dean, Celia og fleire av dei andre bifigurane er òg framleis med, men opptil fleire av dei utan ei god nok historie i denne femte sesongen.

Må ein av dei beste seriane eg veit om stagnere slik?

For det er her problemet oppstår. Weeds durar vidare i nytt miljø, men med alle figurane, utan eigentleg å ha ei god nok historie til alle saman.

Silas og Doug sitt forsøk på å starte butikk saman, for eksempel. Kjedeleg og uengasjerande. Spesielt når du er vand med at begge er figurar det tidlegare har gnistra av.

Og så blir ein sitjande og spørje seg om Esteban-figuren rett og slett er litt for lite spennande til å vere ein så stor del av serien.

Og så byrjar historia å gjenta seg. Esteban og Nancy er saman, blir sinte på kvarandre, er ikkje saman, det ordnar seg, men likevel ikkje. Så kranglar dei igjen, og slik går det.

Eg blir skeptisk. Må ein av dei beste seriane eg veit om stagnere slik? Dei drar inn eit par nye figurar. Ein korrupt politimann, og Alanis Morisette i ei lita rolle som jordmor. Begge to er lite spennande og eigentleg berre irriterande.

Les anmeldelse av Cougar Town

Fleire av dei gamle bifigurane er framleis med. (Foto: Showtime)
Spennande att

Plutseleg, omkring midtvegs, byrjar ting skje.

Tempoet aukar, ting forandrar seg, historia går framover og dei kjedelege bihistoriene forsvinn. Ting er som det skal vere igjen.

Alle involverte partar sørgjer for at historia utviklar seg. Det blir spennande att. Eg kosar meg, ler høgt og engasjerar meg. Dei herlege dialogane er tilbake. Til og med figuren til Alanis Morisette fungerer til ei viss grad.

Nok ein gong handlar det om at handlinga går framover utan å repetere seg sjølv, og at serieskaparane tillet seg å gjere drastiske ting. Det skjer mykje med Nancy, Shane og dei andre på tampen her.

Det er spesielt når der er rom for å tone ned forholdet til Nancy og Esteban at serien skin. Då får nemleg birollene blomstre, og i andre halvdelen av denne sesongen gjer dei det til fulle. Spesielt Shane-karakteren får utvikle seg, og kler det.

Når sesong 5 er unnagjort har andre halvdel underheldt meg så mykje at eg nesten har gløymd at det starta tregt. Det kan virke som om skaparane har latt kruttet vente på seg, av ein eller anna grunn.

Sesongen opplevast som ujamn. Tidvis sterk, morosam og spennande. Tidvis dørgande kjedeleg. Men når siste rulleteksten går, blir eg sitjande att med ein god følelse.

For meg endte sesongen til slutt på godsida. Men så er jo eg så positivt innstilt som ein fan av serien kan vere.

Les også: FlashForward S01

Andy drøymer endå om at Nancy skal elske han tilbake. (Foto: Showtime)

Om SERIEN

Weeds