Frå den ekstremt jamne gruppe B er Dr. Manhattan og Fantomet no klare, og i gruppe C fortset kampen framleis. Men i dag er det måndag, og dermed skal endå ei gruppe kastast i gang, gruppe D.

Innledande stemte Filmpolitiets lyttarar og lesarar fram superheltane dei likte best, og no står me att med 32 som skal kjempe om hedersplassen på toppen av lista.

Basert på dykkar stemmer har me seeda deltakarane, og trukke ut grupper på fire superheltar. Kvar måndag og fredag i vekene framover får de utdelt ei gruppe som de skal stemme fram dykkar favorittar frå, der to frå kvar gruppe går vidare til finalespelet.

Spider-Man

Spider-Man (Bilde: Marvel).

Alter ego: Peter Parker
Skaper: Stan Lee
Første opptreden: Amazing Fantasy #15, 1962
Født: ?
Forlag: Marvel

Spider-Man er – i alle fall i teikneserieuniverset – like rappkjefta som han er smidig. Til vanleg er han fotojournalisten Peter Parker, men etter å ha blitt bitt av ein radioaktiv edderkopp utviklar han superkrefter.

Han følgjer sin avdøde onkels prinsipp, «Med store krefter kjem stort ansvar», sidan onkelen døydde fordi han sjølv oversåg ei kriminell handling.

LES OGSÅ: — Han er lett å relatere seg til. Andrew Garfield om Spider-Man

Captain America

Captain America (Bilde: Marvel).

Alter ego: Steve Rogers
Skaper: Joe Simon og Jack Kirby
Første opptreden: Captain America Comics #1, 1941
Født: 1917
Forlag: Marvel

‘MURICA, F**K YEAH! Steve Rogers var ei patriotisk pingle som hadde lysta, men ikkje evnene, til å kjempe for sitt fødeland. Men ved hjelp av ein hemmeleg militæroperasjon, og eit supersoldatserum, får han superkrefter.

Han er nok ein av dei få – sjølv blant superheltar – som kan skryte på seg å ha gitt sjølvaste Hitler ein rak høgre.

OMTALE: Captain America: Slik skal en superheltfilm være!

Wonder Woman

Wonderwoman (Bilde: DC Comics).

Alter ego: Diana Prince
Skaper: William Moulton Marston
Første opptreden: All Star Comics #8, 1941
Født: ?
Forlag: DC Comics

Wonder Woman bekjemper skurkar med sin gylne lasso – som får dei fanga av den til å fortelje sanninga –, samt superkrefter som matchar Supermann sine.

Ho var i si tid eit uttalt forsøk på å skape ei sterk feminin kraft i superheltverda, men har óg blitt tolka av mange til å vere ein dårleg skjult sadomasochistisk fantasi.

LES OGSÅ: Ny helt søkes: Kven skal ta over for Smallville?

Hellboy

Hellboy (Bilde: Dark Horse Comics).

Alter ego: Anung Un Rama
Skaper: Mike Magnola
Første opptreden: San Diego Comic-Con Comics #2, 1993
Født: ?
Forlag: Dark Horse

Forresten, gløym det eg skreiv om Captain America lenger oppe. Hellboy har nemleg slåss mot både Hitler, og Brainape – Hitlers hjerne reinkarnert i ein gorillakropp.

Hellboy er ein velmeinande demon som kjemper på menneska si side mot alskens ondskap. Ved sidan av dei openbare fordelane ein demon har, er han óg i besittelse av ei gigantisk høgrearm som kan klubbe det meste med eit velplassert slag.

Opent felt

Dette er kanskje ei av gruppene som er jamnast, men likevel med veldig store deltakarar. Vinn teikneseriefeminismens mor, den relaterbare Spider-Man, patriotiske Captain America eller den hardtslåande Hellboy? Det er det berre du som kan avgjere.

Trykk på knappen under, og stem for å vere med å kåre verdas beste superhelt!