Tina Carlyle syng seg inn i.. hjartet.. til The Mask
Tør eg påstå at klimakset for Cameron Diaz si karriere kom særs tidleg? Med rolla som Tina Carlyle i The Mask vart Diaz ansiktet – og splitten – som sjøsatte millioner av sjømenn på gutterom rundt om i verda allereie i 1994.

Cameron Diaz vart fødd 30. august 1972, og var dermed 22 i 1994. Då hadde ho alt vore i modellbransjen i nokre år, karriera byrja så smått å få fart då ho var på framsida av Seventeen Magazine i 1990.

I intervjuet med Seventeen meinte ho at ho nok kom til å vere modell til ho var gamal og grå – noko som for så vidt sikkert kjem til å stemme – men noko skodespelarkarriere venta ho seg ikkje.

For ikkje å automatisk bli hekta i Hollywood-systemet nytta ho dei komande åra på tre uavhengige filmar, deriblant humorthrilleren Head Above Water – den amerikanske remaken av Nils Gaups Hodet over vannet.

(Saka held fram under plakatkollasjen.)

«Hodet over vannet» og «Head Above Water». For øvrig eit fint bilete på originalfilm samanlikna med amerikansk remake.
«Hodet over vannet» og «Head Above Water». For øvrig eit fint bilete på originalfilm samanlikna med amerikansk remake.

Ikkje berre romantiske komedier da

Etter dette gjorde ho fleire av sine storroller i romantiske komedier, mellom anna i Min beste venns bryllup (klassisk TV3-tirsdagsfilm) og Alle elsker Mary (ein film med fleire minneverdige scener, sjå biletet i toppen). Her viste ho mimikk, sjarm og komisk timing som ikkje berre gjorde ho stor i Hollywood, men som òg sementerte ho som «girl-next-door» – eit meir oppnåeleg sexsymbol.

Diaz som Lotte Schwarz i «Being John Malkovich» (Foto: Universal Pictures).
Diaz som Lotte Schwarz i «Being John Malkovich» (Foto: Universal Pictures).
Men Diaz viste òg at ho kunne gjere andre typer roller. I den sære metafilm-klassikaren Being John Malkovich frå 1999 spela ho den mildt sagt spesielle dama Lotte – ein mann fanga i ein kvinnekropp som får mogelegheita til å innta John Malkovich sin mannekropp.

Det er komplisert, merkeleg, tidvis litt ekkelt, og Diaz legger i ein flott skodespelarprestasjon for å gjere filmen dertil så mykje betre.

For Martin Scorseses’ Gangs of New York i 2002 fekk ho òg fortjent skryt, ein Golden Globe-nominasjon, for ei rappkjefta og fingernem tjuvdronning i fint samspel med Leonardo DiCaprio og Daniel Days skikkelsar.

Les også: Topp 5: Torfinns filmforelskelser med blant anna Cameron Diaz

Ei og anna skandale

IMDb.com er kjend for å vere den mest omfattande oversikta over film i verda. Litt kjipt for Cameron Diaz, kanskje, sidan ho står oppført med at hennar aller første film er mjukpornofilmen She’s no Angel.

Den slibrige filmen dukka opp i allmennheita etter at Charlies Angels-filmane dytta Diaz eit ekstra hakk opp på stjernestigen på byrjinga av 2000-talet.

Vanilla Sky er eit anna brot frå dei meir lettbeinte rollene hennar. I ein film der Tom Cruise naturleg nok tek det meste av fokuset er Diaz ein god støttespelar, noko ho hausta ein god slump nominasjonar for.

Cameron Diaz på premiera for «What to expect» (Foto: AP Photo/Danny Moloshok).
Cameron Diaz på premiera for «What to expect» (Foto: AP Photo/Danny Moloshok).

Men er ho noko bra no?

Det siste tiåret er publikumssuksessane hennas hovudsakleg Shrek-baserte. Filmane ho har spelt i ellers er hovudsakleg glatte og straumlinjeforma der eg må seie ho ikkje imponerar nemneverdig.

Filmane kan vere actionfylte som Tom Cruise-filmen Knight and Day eller tidvis morosame som Bad Teacher eller kanskje berre tannlause som What to expect, men det er sjeldan Diaz som gjer filmen sjåverdig.

Cameron Diaz, slik EG hugsar ho best (Foto: SF Norge).
Cameron Diaz, slik EG hugsar ho best (Foto: SF Norge).
Men godt for karriera og pengesekken hennar er det tydelegvis. Finansbladet Forbes plasserte ho på andreplass over lista over best lønna skodespelarar i fjor, like bak Twilight-stjerna Kristen Stewart.

I den evige Hollywood-kampen mellom latskap skapt av mykje pengar og skodespelarintegritet meiner eg at Diaz er på veg mot Adam Sandler – til ein situasjon som knappast kan reddast – og eg lengtar dermed tilbake til 1994.

Men… eh… ja… Gratulerer med dagen då, Cameron!

Kva er ditt favorittminne med Cameron Diaz?