Gamescom, Köln: Ryktene gjekk som eld i turt gras før Electronic Arts (EA) sin presentasjon på årets Gamescom. Skulle det etterlengta Half-Life 3 endeleg dukke opp? Skulle Respawn Entertainment – misnøgde avhopparar frå Call of Duty-utviklaren Infinity Ward – presentere sin hemn gjennom eit nytt sci-fi-basert skytespel for EA Partners?

Det vart difor litt antiklimaks då EA eigentleg ikkje presenterte nokre overraskelsar, men spelte på trygge og kjende merkevarer – med nye funksjonar her og der. Dette er ikkje ein full gjennomgang av presentasjonen deiras, men nokre utvalgte delar. Du kan sjå heile presentasjonen i botnen av saka.

Lite fokus på originale spelkonsept

Det er dei kjende og kjære merkevarene som EA framleis velgjer å legge vekt på i møte med verda. Det held med andre ord mykje det same fokuset som dei gjorde under sumarens E3-presentasjon, der nye spel i pågåande seriar òg var det viktigaste.

Dermed fekk me sjå nye versjonar av fleire av EAs mest populære serier – til dømes FIFA og NHL-seriane, som naturleg nok får sin årlege gjenføding, men med bittelitt meir realistiske former for dribling. Crysis 3 og Dead Space 3 var andre spel som har fått ei grafisk oppussing.

Ingenting vart sagt om Battlefield 4, men – Armored Kill, Aftermath og End Game – dei komande utvidingane til Battlefield 3 ser ut til å by på ein del nytt innhald, deriblant mange stilige køyretøy.

Les også: Slik blir flerspilleren i Black Ops 2

Det som kanskje bragte mest glede for salen var det komande SimCity som ser ut til å ta eit steg vekk frå rein bybyggjing, og inn i verdsøkonomiens internettalder.

No er ikkje byen din noko som eksisterar berre på maskina di, men i eit nettverk av alles byar – noko som kan studerast og samanliknast i detalj med venene dine, og andre spelarar på nettet. Sosialt fokus var noko fleire av spela kunne skryte av.

(Artikkelen held fram under den nye traileren til Most Wanted.)

Sosialt og på tvers av plattformar

— Ei open verd fortener ein open struktur, sa Criterions Matt Webster, ein av produsentane på det komande Need for Speed: Most Wanted.

Sitatet omtalte spesielt Criterions CloudCompete – ei skyteneste som gjer det mogeleg å lagre og spele Most Wanted på alle plattformane spelet eksisterar for – men det kunne like godt ha vore eit mantra for ein stor del av presentasjonen deiras (og for øvrig også ein trend blant utviklarar generelt for tida).

Les også: Gamescom 2012: Vita + PS3 = Sant!

EA satsar stort på sosiale funksjonar i spela sine. Blant anna vil venene dine sine high scores dukke opp i alle oppdrag i Most Wanted. Avatarane deiras frå CloudCompete vil også dukke opp på ettersøkt-plakatar i det opne landskapet i spelet – noko som sikkert kan skape meir engasjement for å slå rekordar.

I FIFA gjer auka sosialt fokus seg gjeldande ved å blant anna utvide den eksisterande Ultimate Team-modusen.

Ultimate Team er eit virtuelt managerspel der ein byggjer eit drøymelag ved hjelp av spelarkort. Fleire spelarar kan fåast ved å kjøpe kortpakker med spelets pengesystem, eller kjøpast frå andre spelarar som har lagt dei ut for salg. Fleire pengar til å kjøpe dette fåast ved å vinne kampar med laget du har bygd sålangt.

I tillegg kan spelfigurane sine prestasjonar i spelet bli påverka av deiras verkelege motpartar sine prestasjonar. Dersom Messi har ein dårleg sesong i den faktiske La Liga kan han dermed ute av form i spelet ditt òg.

Les også: — FIFA er fotballens sosiale nettverk

Origin – no òg på Mac

EA har tidlegare uttalt at dei vil at nedlastingsklienten deiras Origin skal vere ein konkurrent til Valves Steam-teneste. Dei tok endå eit steg nærare når dei i går presenterte planane for å lansere Origin-klienten for Mac.

SimCity er eit av spela som er annonsert for Mac, og resten av Maxis sine spel – til dømes Sims-serien – er spel som er sjølvsagde for Origins Mac-debut.

Sjå heile presentasjonen her:

Kva likte du best på EA sin presentasjon?