I ei børsmelding i dag skriv Funcom at salget av The Secret World ikkje har møtt forventningane dei hadde på førehand.

Sjølv skuldar Funcom på sider som Metacritic.com som samlar anmeldingar frå fleire ulike spelmedier. Med den varierte kritikken som The Secret World har fått, har spelet endt opp på 72 av 100, noko dei omtalar som dårleg (til samanlikning har Age of Conan ein Metacritic-score på 80):

— Eit spel som The Secret World, som ikkje er basert på eit velkjend merke, er normalt sett avhengig av positiv presseomtale for å få gode startsalg, i tillegg til – men ikkje utelukkande – jungeltelegrafen.

Les også: Funcom lagar Lego-onlinespel

Halvparten av Age of Conan, likevel meir lønnsomt

Trond Arne Aas gjekk av som sjef nokre dagar før TSW-lansering (Foto: Knut Falch / SCANPIX).
Opphavleg hadde Funcom to scenarier for The Secret World – at dei skulle selgje éin million i løpet av eit år, eller at dei skulle selgje 30 prosent meir enn sitt førre spel.

Funcom slepp ingen offisielle tal før kvartalrapporten i slutten av august, men skriv at salga akkurat no ligg an til å gå på under halvparten av Age of Conan.

Dei meiner likevel at spelet vil vere meir lønnsomt enn Age of Conan, sidan driftskostnadane er betrakteleg lågare i The Secret World. I tillegg håpar dei på meir trufaste spelarar:

— Ei mogelegheit er at spelet vil selgje langt mindre, men at høgare kundetilfredsheit vil føre til fleire abonnentar enn Age of Conan. Over tid vil det sikre Funcom fleire kundar og høgare inntekter.

Les også: Redningsaksjon for Funcom-aksjen

Slepp spelet på Steam

For å auke salg legg difor Funcom spela sine ut på Steam, Valve sin digitale spelpubliseringsplattform. Steam har 54 millioner aktive kontoar, og er difor godt potensial for auka salg.

Dei siste åra har mange meint at Metacritic har for mykje makt i spelbransjen. Blant anna har det dukka opp nyheiter om at utviklarar ikkje får bonusar før spelet deiras har fått meir enn 85 i Metacritic-score.

Dersom Funcom ikkje klarar å snu den vonde trenden kan dårlege tider vere i vente. The Secret World er storsatsinga deiras, og utan suksess kan det bety stadig større kutt for det norske spelselskapet.

Oppdatering, kl. 17.00: Til NRK Her og Nå seier finansdirektør Bjørn Toften at dei vil gjennomføre kutt, som òg vil medføre oppseiingar i Funcom.

Les også: Verste tala sidan tusenårsskiftet for fleire større spelselskap

På den andre sida, det er hausten som er storsesong for spel, det kan kanskje auke salget i seg sjølv.

Nyttar du anmeldingssamlesider som ein peikepinn for dine spelkjøp? Kva trur du er årsaken til dei låge salga?

Legg igjen di meining i kommentarfeltet, under Martes anmelding av The Secret World: