Plakat for spillet «Star Wars: The Old Republic».

  • Kva er eit MMO-spill?
  • Forkorting for begrepet Massively Multiplayer Online Game.
  • Tusenvis av spillere deltar samtidig
  • Grunnlagd i 1991, er i dag best kjend for spillet World of Warcraft

Det kan sjå ut som om MMO-bransjen er i nedgang. Nyleg rapporterte EA at brukargruppa for spelet The Old Republic har sunke til rundt éin million – nesten halvparten – sålangt i 2012, og i natt gjekk Activision Blizzard ut med tal om at World of Warcraft (WoW) har mista éin million spelarar sidan mars, melder mellom andre Gamasutra.

Dermed er spelarmassa i spelet under 10 millionar – 9.1 millioner for å vere nøyaktig – for første gong på fleire år.

Skuldar på Diablo, håper på Pandaria

Eit dropp i betalande spelarar hendte óg i tida før førre WoW-oppdatering – Cataclysm – og ettersom dei slepp den neste utvidingspakka Mists of Pandaria i september håper dei at det vil hjelpe abonnent-talet tilbake til tidlegare høgder.

Les også: Spelhausten eg gledar meg til

Ein film er òg på trappene, med Blood Diamon-forfatter Charles Leavitt på manussida (ifølgje IGN). Oppstanden rundt ein film kan òg hjelpe på brukarmassen.

Mike Morhaime, president i Blizzard, har uttalt at dei fleste spelarane som har sagt opp abonnementet er i Asia, og at hovudårsaken mest sannsynleg er at dei tek ei pause frå spelet for å spele Diablo 3.

WoW framleis på topp

Oversikt over MMO med meir enn 1 million brukarar (Bilete: MMOData)
Oversikt over MMO med meir enn 1 million brukarar i mars 2012 (Bilete: MMOData)
For dei fleste andre MMO-utviklarar må dette nok framstå som eit luksusproblem, ettersom World of Warcrafts brukarmasse er fleire gongar større enn sine største konkurrentar i sjangeren.

Ifølgje nettstaden MMOData, som har som mål å ha oversikten over antal spelarar i verdas MMO, er WoW på ein trygg førsteplass (tala er rett nok ikkje heilt oppdaterte).

Men med dette, og nedgangen for The Old Republic må vere lov til å spørje om MMO med abonnementsløysing slik me kjenner det i dag er ein utdøyande rase.

Kanskje er ikkje Funcoms tanke om fleire mindre, fokuserte MMO så dum?

Kva trengst i MMO for å halde på spelarane – og kva trur du er årsaken til nedgangen?