På Reddit.com la den unge, håpefulle skodespelaren Alexander Rhodes inn ein link til IMDb-profilen sin i ein kommentar om filmar. Med ukrediterte roller som College Guy og Millgrove Football Player #15 var han ikkje akkurat ei stjerne. Men det skulle nettstaden Reddit forandre på.

Store massar på internett kan fort ende opp i det som vert kalla «hivemind», kollektive meiningar og handlingar som er vanskeleg å stanse.

I nokre tilfelle er det lite hyggjeleg, som når folk vert pepra med hatpost etter å ha blitt offentleggjort som kriminell. Andre gonger er det koseleg, som når sjukehusinnlagde småjenter får mykje «god betring»-post frå omtenksomme sjeler på nettet. I dette tilfellet er det derimot mest for moro.

Les også: Reddit-brukeren Lycerius har utkjempet en virtuell krig i tusener av år

Då tok internett rennefart

Reddit er ein nettstad der ein kan lese nyheiter og diskusjonar. Kva som visast for lesarane er basert på eit sirlig system av opp- og nedstemming basert på brukartilbakemeldingar.

Med tida fekk kommentaren til Rhodes mange stemmer og vart godt synleg i ein mykje besøkt del av sida.

Ettersom IMDb, den største internettsamlinga av filminformasjon i verda, baserer rollelistene på filmsidene ut frå kva profilar som er mest besøkt, skaut Alexander Rhodes fart oppover rollelista.

Då han var på femteplass, like under Richard Jenkins (kjend frå blant anna Six Feet Under), posta han si store overrasking over å ha nådd så langt opp.

Med den auka trafikken frå Reddit, som er rekna som eit av dei større sosiale media i verda, samt draghjelp frå Tom Cruise sjølv som tweeta om det, toppa han til slutt rollelista.

I skrivande stund ligg òg Alexander Rhodes på åttande plass på IMDBs StarMeter, som beteiknar klikkpopulariteten til skodespelarar den siste veka. Godt over Tom Cruise på ein 64. plass, bør eg kanskje legge til.

Utnytting av internett?

Fleire har mistenkt at dette er ein skjult reklamekampanje for Jack Reacher, men fullt så kynisk klarer eg ikkje å vere.

Dette er heller endå eit artig eksempel på kva som hender når ei større masse tek tak i ein uskuldig sak, noko me òg såg då 4chan tok æra for å ha kåra Lanoungen i 2010.

Alexander Rhodes si karriere har ikkje skote fart utover statistroller heilt enno, men han har fått minst eitt offentleg jobbtilbod, samt oppretta Facebook– og Twitter-kontoar for å promotere seg sjølv. Han vinn sikkert ingen Oscar, men han har alt vunne ein del av internett.

I Filmbonanza på torsdag får du sjå eit intervju med Jesse Heiman, ein anna statist som vart suksessrik via internett.