Nokon gonger er spel anten for enkle, eller for einsarta. Det er iallfall mange måter å skaffe seg litt ekstra utfordringar på, om du vil vere i ein eksklusiv klubb av spelarar med sjølvpåførte begrensingar.

Nyleg, berre 12 dagar etter at målet vart tilgjengeleg, nådde spelaren Irenic 90 nivå i World of Warcraft: Mists of Pandaria utan å drepe så mykje som eitt einaste monster, ei heller gjorde han nokre oppdrag i spelet (med unntak av eit obligatorisk) – noko spelerprofilen (via PCGamer) viser til.

I staden nytta han yrka i spelet for å tene erfaringspoenga som trengdes. Som arkeolog – i utgangspunktet meint som noko ein gjer ved sidan av oppdraga sine – gravde og undersøkte han seg til øvste nivå. Noko som heilt ærleg må ha vore ei forferdeleg keisam oppgåve!

Det har hendt før – til dømes nådde EverBloom level 85 i fjor – men WoW-pasifistar som dette er likevel i kraftig undertal i eit spel som er designa for å drepe monster for å drive historia framover.

Fullføre «Super Mario Bros» utan å bruke B-knappen?

Lars Monsen i Skyrim (Foto: Bethesda/NRK)
Lars Monsen i Skyrim (Foto: Bethesda/NRK)

Dette er langt frå første gongen slik sjølvpining er utført i spel, sjølv prøvde eg meg ofte på Splinter Cell-spela ved å drepe så få som mogeleg, og før meg har folk gjennomført heile Super Mario Bros utan å trykkje på B-knappen.

Dei mest vanlege variantane er pasifistløp, eller valget om å ikkje nytte dei kraftigaste våpena i spelet. Ein av dei enklaste er å aldri laste eit spel på nytt – uansett om du gjer ein tabbe, eller noko uventa skjer (ja, eg ser på dykk, Football Manager-spelarar).

Men det er ein flora av slike utfordringar som du kan ta, så her er mine fem favorittmåtar å kraftig begrense seg sjølv i spel på!

Nuzlocke Challenge i «Pokémon»-spela

Pokémon-spela er i utgangspunktet laga for at sjølv ein 4-5-åring skal kunne gjennomføre det. Ikkje veldig utfordrande, sånn reint spelmessig – dersom du berre nytter tid på å trene beista dine, så bør det gå ganske greit.

Dette var litt for keisamt for enkelte, så ein dag i 2003 bestemte ein ung speler seg for å følgje nokre enkle reglar for å gjere det verre:

1. Du kan kun fange den første pokémonen du møter i eit område.
2. Dersom ein pokémon blir slått bevisstlaus får du aldri bruke den igjen.

Og vips, så var Pokémon-verda plutseleg eit nådelaust og nervepirrande univers der eit kvart «critical hit» kan bli ditt siste. Vink hadet til Bulbasaur eller Oshawott, og sjå fram til mange Zubats og Bidoofs.

Anmeldelse: Pokémon: Black/White Version 2: — Monstertråkk i velkjende farvatn

Ghost Run i «Thief», «Metal Gear» eller «Dishonored»

Mange spel går ut på å ta livet av alt som røyver seg. Men kva om du prøver å snike deg unna alle?

Målet med Ghost Run, som har vore tilstades sidan dei første snikespela, som Metal Gear-serien, er å ikkje drepe nokon, ikkje bli sett av nokon, og aller helst skal ingen merke deg i det heile teke.

Det er sjølvsagt eit ekstra gir her òg. Dersom du klarar eit heilt Metal Gear-spel utan å drepe nokon, utan å framkalle raude ropeteikn eller utan å heale deg sjølv, har du oppnådd Big Boss Rank. Nokre versjonar let deg ta knekken på eit par fiendar, og ete litt mat, men det skal uansett gjennomførast på hardaste vanskelegheitsgrad.

Etter kvart har snikespela byrja å belønne deg for dette, til dømes i Splinter Cell-spela og Dishonored som båe eigentleg ikkje er 100 % fullført før du har fullført dei utan å drepe nokon. Gi skuggane ein klem, for skorne dine med bomull og svev ut i natta!

Anmeldelse: Dishonored: — Brutalt, mørkt og ubehagelig!

Chuck Norris Challenge i «Elder Scrolls»-spela

Tamriels ville landskap kan vere barskt nok dersom du er utstyrt med Dragonsbane-sverdet, men om du verkeleg vil ha ei utfordring så etteraper du godaste Chuck Norris.

Spring rundt i Skyrim eller Cyrodiil utan rustning eller våpen, deng laust på alt frå drakar til gjørmekrabber med bare nevar, og lat som du er den mest overeksponerte actionhelten i verdshistoria.

Om du vil, kan du gjere det eit hakk lettare ved å gjere det eg likar å kalle Lars Monsen Challenge:

Då har du lov til å nytte drageropa dine mot bjørn og anna monsterfauna, men du er pent nødt til å sjølv jakte alt du vil ete.

Anmeldelse: Elder Scrolls: Skyrim: — Den virkelige verdenen er oppskrytt

Speedrun i «Super Mario 64»

Blås i alle desse restriksjonane, ekte atletisme går på snøggleiksrekordar, det veit jo alle! Dersom du verkeleg vil imponere, så speler du til dømes Super Mario 64 så raskt du kan.

Til trass for at det er 16 år sidan dette spelet kom ut er det nemleg framleis høgst aktuelt blant enkelte gamerar.

Allereie så seint som for éin månad sidan tok kanadiske Siglemic verdsrekorden på 120 stjerner i spelet. Den gjeldande rekorden er no på 1.44.23, ein av dei første under éin time og tre kvarter.

Siglemic speler på den japanske versjonen (fordi introduksjonsfilmen der er 2.7 sekund kortare). Det er eit fascinerande skue, for alle rørslene hans er så innarbeida. Om han skulle gjere ein tabbe, så starter han på nytt, det er nesten som ein dans.

Anmeldelse: Super Mario Galaxy 2: — Samme suppa om igjen. Men suppa er utrolig god!

No Damage Mode i «Ninja Gaiden»

Denne er for sadister og andre med kræsjsikre kontrollarar og/eller mjuke veggar i spelrommet sitt.

Personleg tykkjer eg at Normal-vanskelegheitsgraden på Ninja Gaiden-serien er meir enn vanskeleg nok allereie, men for nokre er dette langt frå utfordrande.

Enkelte vil nemleg spele Ninja Gaiden-spela på hardaste vanskelegheitsgrad, og forsøke å ikkje bli såra i det heile teke. Om du mot formodning ikkje skulle kjenne til Ninja Gaiden-serien: Eit av signaturtrekka til spelet er mange fiendar samtidig, som alle helst skal angripe deg samtidig.

Dette er nok ein av dei vanskelegaste begrensingane som finst, og dersom du set ut for å gjere denne har eg lite anna å seie til deg enn: Lukke til!

Les også: – Lav vanskelighetsgrad ødelegger ofte spillopplevelsen, mener Assassins Creed-sjef

Etter kvart har ein del spel teke med i betraktinga at spelarar liker å utfordre seg sjølv. Til dømes har både Minecraft og Diablo 3 båe modusar som gjer til at verda du har satt i gang vert sletta om du døyr.

Det er mange måter å utfordre seg sjølv på når ein speler, og slike eigenbegrensingar kan gjere sjølv dei tryggaste spel litt meir farlege.

Dersom du synest FIFA 13 er litt for lett, kvifor ikkje nekte å spele med toppligaspelarar? Dersom du synest Minecraft er for lett, kvifor ikkje spele med berre steinverktøy? Eller kva med å berre spele med ein figur i Dragon Age?

Kva unødvendige utfordringar har du gitt deg sjølv i spel?