— Det var tydeleg at eg aldri kom til å bli ein skodespelar som Dustin Hoffman eller Marlon Brando, eller ein komikar som Steve Martin, skriv Arnold Schwarzenegger innsiktsfullt i si nyaste bok, Total Recall.
Rolla som nærast har definert karrieren til den austerrikske muskelbunten har blitt den ruvande skikkelsen Terminator i filmen frå 1984. Men opphavleg var han skeptisk til rolla, han ville ikkje vere endå ein ordknapp kjempe.
Etter å ha gjort si første storrolle i Conan the Barbarian møtte han den då unge regissøren James Cameron, som han omtalar som ein tynn, intens fyr. Han hadde lest manuset til filmen på førehand, ein film som skulle heite Terminator.
Les også: Conan the Barbarian: — En mann, musklar og et mektig eventyr
— Då eg snakka med han om filmen, fokuserte eg plutseleg meir på Terminator-figuren enn på Reese, filmens helt. Eg hadde ein klar visjon for Terminatoren, skriv han.
— Når han lader magasinet i våpenet, så treng han ikkje å sjå fordi ei maskin gjer det, ein computer. Når han drep ser du ikkje noko ansiktsuttrykk, ikkje glede, ikkje siger, ikkje noko som helst. Inga tenking, inga blinking, ingen tanker, berre handling, sa Arnold til Cameron den gongen og refererte til si eiga sverdtrening som Conan.
Sa nesten nei
Då han plutseleg fekk tilbodet om rolla som Terminator, svara han negativt.
— Nei, nei, eg kan ikkje gå bakover.
Schwarzenegger ville ikkje spele ei rolle med så få replikkar, i frykt for å få rykte på seg at han ikkje kunne engelsk. Men Cameron gav seg ikkje.
— ‘Eg er overbevist’, seier Cameron, ‘at om du speler denne, så vert det ei av dei mest minneverdige figurane nokosinne. Eg kan sjå at du er karakteren, og at du er ei maskin, og du forstår dette.
Austerrikaren lova å lese manus ein gong til før han kom med konklusjonen sin. Og resten er, som kjend, historie.
Les også: Topp 5: Roboter: — Arnolds rolle er en av de tøffeste i filmhistorien
«I will be back» eller «I’ll be back»?
I boka skriv han at det var mykje diskusjon rundt filmens – og Schwarzeneggers – mest kjende replikk. I det originale manuset stod det «I’ll come back», men Cameron endra det til «I’ll be back».
— Scene tok lang tid å spele inn fordi eg argumenterte for «I will be back». Eg synest linja høyrdest meir maskinelt og trugande ut utan samantrekkinga.’Det er feminint når eg seier «I’ll»‘, klaga eg. Eg gjentok det for Jim så han skulle høyre problemet: ‘I’ll, I’ll, I’ll. Det høyrest ikkje barskt ut.’
Ironisk i ettertid, kanskje, når den replikken blant anna kom på 37. plass på det amerikanske filminstituttet si liste over dei 100 beste filmreplikkane. Det er kanskje like greitt at det er James Cameron som var regissør og ikkje Schwarzenegger.
Seinare har «I’ll be back» vore innom fleire av filmane hans, sist i ein dialog i Expendables 2 denne hausten.
Anmeldelse: Expendables 2: — Like fintfølende som et diesellokomotiv!
Ingen «Terminator 5»
Det har lenge vore snakk om ein oppfølgjar til 2009s Terminator: Salvation, som Schwarzenegger har vore knytt til. Men i slutten av september gjekk han ut med triste nyheiter for Governator-fans.
— Dei har prøvd å setje saman eit manus men eg har ikkje sett noko, så eg har ikkje peiling. Det er ingenting på teiknebrettet. Ingenting planlagt, sa han til NME.
Nyleg spela han i Expendables 2, og til neste år er The Last Stand på veg, der Arnold har si første hovudrolle på eit tiår.
Korleis hadde Terminator blitt utan Arnold Schwarzenegger?