Når den første av dei tre komande Star Wars-filmane har premiere i 2015, vert det med manus fra den Oscarvinnende manusforfatteren Michael Arndt, skriv starwars.com.

Arndt står bak manuset på kritikerroste filmar som Little Miss Sunshine og Toy Story 3 – nyleg skreiv han manuset for den neste Hunger Games-filmen – og han har vist at han evner å fange både det unge og det voksne publikummet med historieforteljinga si.

Båe desse filmane imponerte Birger nok til å gi soleklare femmarar på terningen!

Les også: Ny Star Wars-film i 2015

Star Wars IV: A New Hope. (Foto: Twentieth Century Fox Norway AS)
Luke, Leia, og Han Solo i den første filmen i Star Wars-trilogien. (Foto: Twentieth Century Fox Norway AS)
Nervøse fans

Etter nyheita om at Lucasfilm vart seld til Disney har ei heil verd av fans og filmelskarar grugledd seg til nyutviklinga i Star Wars-selskapet.

Det vesle me veit om manuset hittil er at det skal ta for seg en ny generasjon av heltar, ei original historie, med mogelege innhopp av dei «gamle» heltane Luke og Leia Skywalker og Han Solo.

Både Mark Hamill og Carrie Fisher, samt 70 år gamle Harrison «Han Solo» Ford, har meldt si interesse for å ta opp sine gamle roller i de nye Star Wars-filmene.

Les også: Harrisson Ford åpen for Star Wars-comeback

Men kven skal regissere?

Med manusforfatter på plass er det neste store momentet kven som skal bli regissør. Steven Spielberg (E.T.), J.J. Abrams (Star Trek), Zack Snyder (300) og Quentin Tarantino (Kill Bill) har alle uttalt at dei ikkje skal sitje i registolen, og Guillermo del Toro (Hellboy) har strukke det så langt som å seie at han ser på oppdraget litt som å date ein supermodell – ikkje noko det går an å gå rundt og tenkje på.

Iron Man-regissør Jon Favreau har svara litt unnvikande på direkte spørsmål om han kjem til å regissere, men eit av dei fremste rykta nett no er Matthew Vaughn (Kick-Ass, Stardust). Han gjekk uventa ut av den komande X-Men-filmen nyleg, og har dermed ingenting planlagd i dei komande åra.

Eit anna uventa rykte er Colin Trevorrow, som hittil har stått bak lite anna enn Safety not guaranteed, ei merkeleg lita romantisk komedie.

Sjølv håpar eg framleis at Disney-Lucasfilm hentar opp Brad Bird frå Pixar – mannen bak The Incredibles, Gutten og jernkjempen og Mission Impossible: Ghost Protocol. I likskap med Matthew Vaughn har han ei fin blanding av underhaldningsfilmar for born og vaksne, med god action innimellom.

Les også: Topp 5: Star Wars-scener

Dersom du treng meir overtyding om Brad Bird, sjå denne filmen!

Kva trur du om Michael Arndt som Star Wars-manusforfattar? Kven bør regissere dei nye Star Wars-filmane?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.