Det ryktast at Lawrence Kasdan og Simon Kinberg vert manusforfattarar i den nye Star Wars-trilogien. Det melder The Hollywood Reporter.
Paret skal anten skrive Episode 8 eller Episode 9, men rollefordelinga er ikkje klar enno, ifølgje The Hollywood Reporter.
Det hevdast at dei også skal vere produsentar i filmen, saman med Kathleen Kennedy.
Korkje Disney eller Lucasfilm har stadfesta nyheita.
Les også: Ny Star Wars-film i 2015
Star Wars-veteran
Kasdan kan seiast å vere ein Lucasfilm– og Star Wars-veteran. Han var nemleg medforfattar på både The Empire Strikes Back (1980) og Return of the Jedi (1983). I tillegg skreiv han manuset til Indiana Jones-filmen: Raiders of the Lost Ark.
Kinberg har ikkje vore innom Star Wars-universet før, men har titlar som X-Men: The Last Stand, Sherlock Holmes, og Jumper på CV-en. Han skal også vere medforfattar på den nye X-Men-filmen: Days of Future Past.
Les også: Topp 5: Star Wars-scener
Arndt er signert
Som Filmpolitiet tidlegare meldte, er det den Oscar-vinnande manusforfatteren Michael Arndt som skal ta fatt i neste Star Wars-film, Episode 7.
Les også: Er dette mannen som reddar «Star Wars»?
Sjølv om det verkar som bitane fell på plass på manussida, er framleis ingen regissørar knytte til den nye Star Wars-trilogien.
Offisielle annonseringar om Star Wars kjem på heimesida StarWars.com, så då står det att å sjå om ryktene blir stadfesta i næraste framtid.
Kva syns de om Kasdan og Kinberg som manusforfattarar?