Det ryktast at Lawrence Kasdan og Simon Kinberg vert manusforfattarar i den nye Star Wars-trilogien. Det melder The Hollywood Reporter.

Paret skal anten skrive Episode 8 eller Episode 9, men rollefordelinga er ikkje klar enno, ifølgje The Hollywood Reporter.

Det hevdast at dei også skal vere produsentar i filmen, saman med Kathleen Kennedy.

Korkje Disney eller Lucasfilm har stadfesta nyheita.

Les også: Ny Star Wars-film i 2015

Star Wars-veteran
Star Wars: Episode IV. (Foto: SF Norge AS)
Star Wars: Episode IV. (Foto: SF Norge AS)

Kasdan kan seiast å vere ein Lucasfilm– og Star Wars-veteran. Han var nemleg medforfattar på både The Empire Strikes Back (1980) og Return of the Jedi (1983). I tillegg skreiv han manuset til Indiana Jones-filmen: Raiders of the Lost Ark.

Kinberg har ikkje vore innom Star Wars-universet før, men har titlar som X-Men: The Last StandSherlock Holmes, og Jumper på CV-en. Han skal også vere medforfattar på den nye X-Men-filmen: Days of Future Past.

Les også: Topp 5: Star Wars-scener

Arndt er signert

Som Filmpolitiet tidlegare meldte, er det den Oscar-vinnande manusforfatteren Michael Arndt som skal ta fatt i neste Star Wars-film, Episode 7.

Les også: Er dette mannen som reddar «Star Wars»?

Sjølv om det verkar som bitane fell på plass på manussida, er framleis ingen regissørar knytte til den nye Star Wars-trilogien.

Offisielle annonseringar om Star Wars kjem på heimesida StarWars.com, så då  står det att å sjå om ryktene blir stadfesta i næraste framtid.

Kva syns de om Kasdan og Kinberg som manusforfattarar?

 

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.