Har eg ikkje før uttrykt mi støtte til at Brad Bird bør få regissere den neste Star Wars-filmen, så får håpet mitt eit hakk i rustninga. Ikkje at det naudsynt er ein dårleg ting, altså.

Regissør Brad Bird har nemleg så smått sett i gang med prosjektet 1952 saman med LOST– og Prometheus-manusforfattar Damon Lindelof, ifølgje Variety. Lite er kjend, men den skal etter sigande omhandle menneske i samanheng med kontakt med det ytre rom.

Tidlegare har prosjektet blitt omtalt som noko i same gate som Nærkontakt av tredje grad, men der romvesena er ein mindre del av historia. Filmen var ei stund kjend under arbeidstittelen Tesla, men skal visst nok ikkje ha noko med vitskapsmannen Nikola Tesla å gjere (til trass for at han på eit tidspunkt meinte at han oppnådde kontakt med Mars).

Romvesen i Washington D.C.?

Til trass for tittelen er det ikkje sikkert at filmen tek stad i 1952, den henspeilar nok heller på dei mange UFO-observasjonane rundt det kvite hus i 1952.

Desse hendinga skal visstnok ha sett nokolunde slik ut.

Eit ledd i filmens promotering skal visstnok vere nært dei etter kvart så populære viralmarknadsføringa. For å byggje opp mot filmen skal det lagast ei eller anna form for skattejakt, der målet med jakta sikkert hintar til noko som står sentralt for filmen.

Dette kan nok raskt minne om det Warner Brothers gjorde før Dark Knight Rises.

Les også: Har du knekt Batman-koden?

«Tentpole» med Clooney

Ifølgje Variety er derimot prosjektet ikkje 100 prosent klart for produksjon, noko som framleis kan bety gode ting for dei med eit von om at Bird er på veg mot Star Wars Episode VII. På den andre sida, Bird sine beste filmar er dei der han har fått skape universet sjølv, eller der historia får starte frå botnen av.

Manusforfattar Damon Lindelof er velkjend for univers med fleire ubesvarte spørsmål enn tydelege svar – som til dømes i Prometheus eller LOST. Han har òg skrive den komande zombieepidemifilmen World War Z. Men George Clooney plar velje sine prosjekt med omhug, så han må ha sett noko interessant ved manuset.

Ein sci-fi-film med Clooney i hovudrolla – som vert omtala av kjelder i Disney som ein «tentpole», storfilmar som skal vere blant fokuspunkta i studioets utval – kan vere ei god avgjersle for ein regissør som freistar å slå seg opp som eit større namn i Hollywood.

Iallfall dersom Star Wars ikkje er tilgjengeleg.

Kor mange gongar kan Andreas nemne Star Wars før Filmpolitiet-lesarane går lei?