Har du ein smarttelefon, så har du garantert ein liten bråte spel. Anten du flikker fuglar over hindringar, eller legg kompliserte ordrekker i oppdaterte klassikarar, så har du nytta urovekkjande mykje tid på noko som kosta deg cirka det same som ein sjokolade.

Her har me samla nokre av mobilspela me har likt best den siste tida, stort sett spel til både Android og iOS, men i eitt av tilfella måtte me gjere eit unntak.

GTA: Vice City Tenth Anniversary

10 år etter kan me spele det som då var det heftigaste TV-spelet, rett frå lomma. Besøk Vice City slik du hugsar det, men i ein meir handterleg størrelse.

Rockstar feirar den syndige 80-talssatiren med ein versjon oppdatert for mobiltelefonen og berøringsskjermar.

Men hugs: Spelet absorberar batteri mykje raskare enn det absorberar timar frå fritida di.

Tilgjengeleg på iPhone og Android-telefonar.

Anmelding: GTA: Vice City Tenth Anniversary

Grow Dammit!

Den norske utviklaren Poio smeller til med eit veldig interessant puzzlespel som sin debut.

I Grow Dammit! skal du manipulere ei raud plantemasse ved hjelp av lys og andre element for å samle inn dine undersåttar.

Resultatet er eit oppslukande og utfordrande spel for iPaden din.

Tilgjengeleg for iPad.

Anmelding: Grow Dammit!

Earn to Die

Knus zombiar med stadig større køyretøy i Earn to Die. Postapokalypsen er her, men det stansar ikkje deg!

Spelet er like enkelt som det er lurt, og driv deg framover med nokre forførande enkle mekanikkar.

I skrivande stund har eg ein rekord på 108 dagar, eg tvilar ikkje på at du klarar å slå den.

Tilgjengeleg for iPhone, iPad og på nettet.

Anmelding: Earn to die

Star Wars Angry Birds

Finske Rovio sitt siste skot til Angry Birds-stammen, dei har vel eigentleg nådd sitt potensiale no?

Dette er iallfall det mest varierte fjærkrepælmarspelet i serien sålangt.

Star Wars-figurane tilfører meir karakteristiske og varierte baner, og byggjer på det beste ved Angry Birds Space.

Tilgjengeleg for Android-telefonar, iPhone og Windows Phone.

Anmelding: Star Wars Angry Birds

Bad Piggies

Angry Birds, men frå grisane si side. Heldigvis er det ingen sprettertar her!

I staden skal du byggje olabilar av eit stadig aukande arsenal av deler for å bringe grisane til sitt mål.

På mange måtar føretrekk eg dette spelet framfor Angry Birds-serien, men så har eg likt å byggje eigne doningar i spel heilt sidan LEGO Racers!

Tilgjengeleg for iPhone, iPad, og Android-telefon.

Anmelding: Bad Piggies

Men kva likar du?

Det var fem kjappe frå oss, men me undrast veldig på kva spel du har tenkt å nytte juleferien på.

Innrøm det, du er ikkje like obs på Tre nøtter til Askepott eller Disneys jul som då du var mindre.

Du, som alle andre, surfer eller speler litt – medan det stadig vært færre klementiner i julebollen på stovebordet, og stadig vært fleire tomme luker i adventskalenderen din.

Kva er mobilspelet du aldri klarar å legge frå deg?