Grow Dammit! er eit norskutvikla spel med i utgangspunktet mange fellestrekk med dei største mobilspelseriane. Spelet har same oppbyggjing som fleire av dei mest populære mobilspela, og ein overraskande rik mekanikk som fungerar ypperleg til ulike nettbrett.

I den litt mørkare sida av mobilspelverda er målet ditt å samle inn tre undersåttar som har forvilla seg vekk på eit utall planetar. Innsamlinga gjerast ved å manipulere Uncle Red, ei raud plantemasse, med ulike element gitt til deg av spelets univers.

Sterk sol i «Grow Dammit!». (Foto: Poio Games)
Sterk sol i «Grow Dammit!». (Foto: Poio Games)

Dette startar enkelt nok med lett lysmanipulering som får planta til å vakse der sola skin, men etter kvart òg ved hjelp av regnskurar og eldfluger. Til slutt vert du nøydd til å nytte opptil fire fingrar for å styre dei ulike objekta på skjermen.

Anmelding: Touch my Katamari: — Gale japanere vet best

Smått unikt

Det næraste eg kan kome å beskrive spelet – både i utsjånad og mekanikk – er World of Goo, eit tilsvarande spel meint for iPaden frå 2010. Skilnaden er at Grow Dammit! ikkje kunne ha eksistert på nokon anna plattform enn ein skjerm med støtte for fleire berøringspunkt.

Som i dei fleste spel som krev fleire berøringar samtidig kan hendene derimot raskt kome i vegen for det som hender på skjermen, og ellers skulle eg gjerne hatt fleire baner. Den siste oppdateringa i desember bøter litt på saknet, men eg vil ha meir – ikkje minst for stemninga sin del.

Som alle gode småspel hektar det inn med enkle startbaner, og held deg der med stadig aukande vanskelegheitsgrader som utfordrar både hand-auge-koordinasjonen din, same puzzlespelnøtta di.

Pris: Foreløbig eksisterar spelet kun for iPad, til ein pris av 14 kroner. Om dei får råd til det vil dei òg utvikle versjonar for Android og Windows 8.

Om SPILLET

  • Slippdato:
  • Plattformer:
  • Sjanger: