Som avslørt under årets Comic-Con, skal Mark Wahlberg vere med på laget når The Amory Wars blir til film. Saman har han med seg Stephen Levinsons produksjonsselskap Leverage. Dette er teamet som står bak Entourage, Boardwalk Empire, og Wahlbergs siste actionfilm: Contraband.

The Amory Wars er ein teikneserie skapa av frontfiguren i det amerikanske rockebandet Coheed and Cambria, Claudio Sanchez.

Fyrste utgåve av The Amory Wars. (Foto: Evil Ink Comics)

Sanchez laga i utgangspunkt konseptalbum, der han brukte tekstane til å formidle historia om Coheed og Cambria, som var ein del av ein stjernekrig i universet Heaven’s Fence. Seinare kom det teikneseriebøker og ein roman. Det neste er altså ei filmatisering av teikneserien.

Filmen skal vere ein live-actionfilm – det vil seie at filmen ikkje skal vere animert.

Planlegginga er framleis på eit tidleg stadium, og det er førebels ukjend om Wahlberg sjølv skal spele i filmen.

Sanchez er involvert

Filmen skal produserast i samarbeid med skaparen av The Amory Wars, Claudio Sanchez, og Evil Ink Comics – hans eige teikneserieforlag. Sjølv om det er usikkert kva rolle Claudio Sanczhes vil ha i filmatiseringa av The Amory Wars, skal han – ifølgje han sjølv – ha mykje å seie i arbeidet.

– Sidan eg er skaparen, så meiner eg at eg kjem til å vere veldig involvert i filmen. Det er ei felles forståing blant dei som jobbar med filmen, sa han til The Hollywood Reporter.

Sanchez har trua på at filmen vil nå ut til eit stort publikum – større enn det bandet tiltrekk seg. Han meiner også at folk vil finne seg ein favorittkarakter som dei identifiserer seg med.

– Det er ei universell forteljing, både når det kjem til tema og plot.

Lydverket intervjua Coheed and Cambria i 2010:

Les også: Musikkens Star Wars

Gøymde seg bak historia

Sanchez turte ikkje å utlevere seg heilt gjennom songtekstane sine, og skapa difor heller historia om Coheed og Cambria.

– Konsepten var ein måte eg kunne fortelje historia mi på, men samstundes ha noko å gøyme meg bak, sa han til Lydverket.

Han var likevel alltid klar på at han ønskte å lage meir ut av historia – i form av teikneseriar eller illustrasjonar.

– Men eg visste aldri at det skulle gå så langt som dette, sa han til The Hollywood Reporter

Det er framleis ikkje klart kven som skal skrive manus til filmen, eller kven som skal vere regissør.

Kva forventningar har de til The Amory Wars?