Stadig fleire spel vert nedlastbare. Den digitale spelbutikken Steam er – trass at dei aldri lanserer tal – rekna som ein av dei største plattformane for sal, og fleire av spelbutikk-kjedene slit økonomisk. No kan det sjå ut som om konsollane òg kastar seg på den digitale bølgja for alvor, og Sony har lyst til å vere med.

– Playstation 4 blir lik Playstation Vita på den måten at alle spel vil vere tilgjengelege som digital nedlasting, medan nokre vil vere tilgjengeleg på plate, seier Sony Worldwide-sjef Shuhei Yoshida til The Guardian.

Dermed går Sony langt på veg mot å fjerne fokuset på fysiske spelbutikkar, og i staden late alt gå via nettet. I intervjuet snakkar òg Yoshida om ei løysing der ein kan starte nedlasting av nye spel til heimekonsollen sjølv når ein er på jobb.

Shuhei Yoshida. (Foto: Sony)
Shuhei Yoshida. (Foto: Sony)

Les også: Slik blir Playstation 4

Vil ha abonnements-
ordning på spel

I tillegg til auka digital distribusjon snakkar Sony om nye finansieringsmodellar, som kan kome på plass seinare.

– Me kan lage abonnementstenester når me har meir innhald – spesielt no som me har Gaikai-teknologi tilgjengeleg. Med eitt abonnement kan du få tilgang til tusenvis av spel – det er draumen vår, seier Yoshida.

Sony kjøpte selskapet Gaikai i fjor, eit skylagringsselskap med teknologi som blant anna let deg spele spel medan du lastar dei ned. Dette er noko Sony ynskjer å ta nytte av i sine nettbutikkar.

Les også: Sony kjøper skyspelingsselskapet Gaikai

Alle typar spel på Playstation 4

Sony vil òg smigre seg inn på småspelutviklarane – som til no har vore mest aktive på mobile plattformer som Android og iOS. I eit intervju med CNBC seier Sony-sjef i USA, Jack Tretton, at prisane vil strekkje seg over heile spekteret.

– Folk er villige til å betale om dei ser verdien av det, og eg trur det er fleire val for kundane enn nokosinne. Me ynskjer free-to-play-modellar velkomen, spel frå 99 cent opp til 60 dollar.

Om dette betyr fleire spel som Angry Birds og dets like seiest ikkje, men det kan iallfall bety eit større antal nedlastbare spel for konsollen der spelet i seg sjølv er gratis, men ekstrainnhald kostar pengar, noko som tradisjonelt har vore mest utbreidd på smarttelefonar og PC.

Dead Space 3 er av dei første stormarknads-fullpris-spela som tek inn over seg denne modellen, og let deg kjøpe valuta for å kjøpe bonusar til våpenet ditt. Om akkurat dette er noko eg ynskjer velkomen – det trakk iallfall spelet ned i Runes anmelding – er noko anna, men det er utvikling.

Anmelding: Dead Space 3: – Effektiv spillgrøsser

«Gears of War» Cliff Bleszinski. (Foto: Michael Li, i public domain)
«Gears of War» Cliff Bleszinski. (Foto: Michael Li, i public domain)

– Har ikkje vore slik sidan 80-talet

Noko er iallfall i gjære, ifølgje Gears of War-utviklar Cliff Bleszinski. Tidlegare trakk han seg litt tilbake frå spelverda, og seier no at han vil vente enno litt til før han kjem attende til utviklarvirket.

– Bransjen har ikkje vore i ein slik overgangssituasjon som no sidan spelkrasjet på 80-talet, seier Bleszinski, og siktar til perioden då fleire konsollskaparar gjekk konkurs på grunn av for mange konkurrentar på marknaden.

I støvet etter kampen stod dagens store konsollfabrikantar og PC-en igjen som vinnar. Bleszinski trur at Nintendo kan måtte omstille seg til å etter kvart berre lage spel, og at Sony og Microsoft òg kan ende opp med å gå på store smellar. Dermed vil han vente for å sjå kven som står igjen som sigerherre.

– Eg trur me er klare for digitale nedlastingar heile tida. I industrien no er det som Super Smash Bros (slåssespel mellom Nintendos store spelfigurar – journ.anm.), og eg vil sjå om Peach eller Mario vinn.

Det er ikkje alltid den såkalla Cliffy B er å høyre på, men det er interessant at han er så bastant på til dømes Nintendo. Når Pokémon-spela er det som verker å selje flest Nintendo DS-ar, bør dei halde fram med eksklusiviteten sin, eller kanskje lansere Pokémon for smarttelefonar?

Eg trur sistnemnde hadde vore eit lurt trekk av Nintendo, sjølv om det ville ha gått vekk frå eit av selskapets mest fastlåste prinsipp.

Les også: Wii Mini til Norge i mars – men hvorfor?

Vil me ha tre store konsollprodusentar om fem år? Vil dei vere dei same som i dag?