Han Solo - Harrison Ford i Star Wars. (Foto: Lucasfilm)
Harrison Ford. Han Solo. Hunk. (Foto: Lucasfilm)

Oppdatert, 7. februar: Det vert iallfall éin film om den unge Han Solo, og éin om Boba Fett melder Entertainment Weekly og siterer «kjelder nært prosjektet». Kjeldene snakker ikkje om regissørar eller skodespelarar knytt opp til filmane.

Rykta har surra lenge om kor mange Star Wars-filmar det faktisk vert dei komande åra. No er «minst fem» det mest offisielle talet ein har klart å få ut av Lucasfilm.

– Me arbeider faktisk på eit par enkeltståande filmar, sa Disney-sjef Bob Iger til CNBC i natt då Disney presenterte kvartalstala, via Variety.

Det har tidlegare vore kjend at Lawrence Kasdan (Empire strikes back, Raiders of the lost Ark) og Simon Kinberg (Sherlock Holmes) skal returnere til Star Wars-filmane, men det har ikkje vore kjend til kva slags filmar.

– Larry Kasdan og Simon Kinberg jobber båe på filmar avleia frå fantastiske Star Wars-figurar som ikkje er ein del av hovudsagaen.

Ifølgje Iger skal dei tre hovudfilmane – episode 7, 8 og 9 – lanserast over ein seksårs periode, men innimellom der skal fleire Star Wars-filmar dukke opp. Kasdan og Kinberg skal ikkje vere regissørar, men skrive manuset på desse medan dei er manuskonsulentar på hovudfilmane.

Dette auker kanskje håpet om filmar i fleire sjangrar, for dei som var redd at Star Wars no skulle bli ein rein bornefilm.

Les også: J.J. Abrams skal regissere den neste Star Wars-filmen

Er det at jeg i feil rekkefølge snakker irriterende? Hmmmm? (Foto: Lucasfilm)
Yoda. (Foto: Lucasfilm)
Men kva skal desse filmane handle om?

Kva filmane skal handle om seier Musehuset ingenting om, men rykta har sjølvsagt gått lenge allereie. Eit av dei mest interessante er gårsdagens frå Aintitcool som skriv at Star Wars-produsent Kathleen Kennedy forbereder ein eigen film om Yodas liv.

Om det er ein oppvekstfilm eller ei sidehistorie forteljast ikkje. Yoda er ein av karakterane George Lucas lenge har holdt tett til brystet, og ikkje ein gong heimplaneten hans er offisielt uttalt i noko av Star Wars-arbeidet.

Korleis kjem verda til å takle ein film med ei hovudrolle som i ei anna rekkjefølgje enn vanlege mennesker snakker? Hmmmm?

I januar rapporterte The Vulture at Zack Snyder skulle lage ei sci-fi-gjenskaping av Akira Kurosawa Seven Samurai med jediar i staden for samuraiar. Dette har både Lucasfilm, og Znyders eksisterande arbeidsgiver Warner Bros, nekta innstendig, men Vulture insisterer.

Ein kan jo òg håpe at Disney og Lucasfilm hugsar at Joe Johnston eksisterar. Captain America-regissøren pitcha for nokre år sidan – forut for si tid? – ein eigen film om livet til dusørjegaren Boba Fett.

Disney prioriterer Star Wars

2015 vert eit heftig år for Disney med både Star Wars 7, superheltfilmane Ant-Man og Avengers 2, samt ein planlagd ny Pirates of the Caribbean-film. Og med dette langtidsperspektivet kan det verke som om Disney verkeleg vil få pengane att for dei 21 milliardar kronene dei kjøpte Star Wars-namnet for. Bob Iger utfyller:

– Disney og Lucasfilm sine prioriteringar er å lage ein flott film til 2015, og gjere alt me kan på tvers av selskapet for å gjere den suksessrik.

Kven bør spele den unge Han Solo? Vil me eigentleg ha meir Star Wars? Delta i kommentarfeltet under videoen.

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.