Dette har vore gode månader for Jennifer Lawrence. Med prisar i alt frå Critics Choice Awards til Golden Globes, og no til slutt Oscar-utdelinga har ho fått mykje fortent heider for rolla som Tiffany i Silver Linings Playbook.

Jennifer Lawrence fekk sin først Oscar. (Foto: John Shearer/Invision/AP)
22 år gamle Jennifer Lawrence fekk sin første Oscar. (Foto: John Shearer/Invision/AP)

Men litt problem har ho òg hatt. Då ho skulle vandre lett opp mot scena for å ta imot nattas Oscar snubla ho i den gigantiske Dior-kjolen, og trong litt hjelp for å kome seg opp.

– Var det nokon som fekk det med seg? spurte ho salen lattermildt før ho haldt fram med talen sin, som var hakket mindre rappkjefta enn talane Lawrence vanlegvis held.

Videointervju: Jennifer Lawrence: – Det er skummelt å bli nominert!

– Eg slo Meryl!

Fleire meinte nemleg at ho kunne ha øydelagd sjansane for prisen då ho under årets Golden Globe-utdeling braut ut:

– Eg slo Meryl!

Ho hadde nok trudd at referansen til ei artig scene i filmen Førstekoneklubben frå 1996 ville slå betre an, men det skapte småsur stemning i eit Hollywood som helst vil at ein skal smiske med alle på vegen opp.

Kjoletrøbbel hadde ho òg på SAG Awards for vel ein månad sidan, då Lawrence – endå ein gong på veg mot scena – måtte sjå ein Dior-kjole legge ein liten dempar på feiringa. Kjolen vart sitjande fast under eit stolbein.

På nattas sending slo dermer Lawrence både den yngste og den eldste Oscar-nominerte nokosinne – 9 år gamle Quvenzahané Wallis og bursdagsbarnet Emanuelle Riva, som fylte 86 i natt.

Oscar 2013: Sjå alle nattas vinnarar her

Og sjå stort bildegalleri her!

Dermed tok Jennifer Lawrence sin første Oscar på sitt andre forsøk. Sist ho var nominert til same kategori var for dramaet Winters Bone i forfjor.

Kva synest du om Jennifer Lawrence?